Archive for the ‘Musikk’ Category

Landskappleiken Røros 1970

mars 2, 2017

https://tv.nrk.no/serie/landskappleiken/FTEM70000270/04-10-1970

https://tv.nrk.no/serie/landskappleiken/FOLA70001670/24-02-1970

 

Vondt i fingen – etter ca 2 mnd.

november 13, 2016

Det har no gått ca 2 mnd sidan eg skadde peikefingen på venstre håndi.

Det store bildet viser kor mykje eg greier å bøya fingen viss eg: 1.) Masserer med olje 2.) Varmar fingen med hårfønar 3.) Hjelper til å bøya fingen med høgre håndi.

Det nederste bildet til høgre viser kor mykje eg greier å bøya fingen uten oppvarming.

Det øverste bildet til høgre viser kor mykje eg greier å bøya fingen etter at eg har massert med olje + varma opp fingen med hårfønar – men uten å hjelpa til med den høgre håndi.

 

 

 

Vondt i fingen

september 25, 2016

2016-25-september-vond-fing-bautasteinen-pa-nornes-003

Eit lite kutt med fingen, 14 dagar med antbiotika, stivkrampesprøyte og paracet – fingen er nokso stiv og fremdeles vond so i morgon ringer eg til helsesenteret.

Dei seier at det er med ein sløv kniv at ein  skjer seg. Det stemmer ikkje. Men at ein er ukonsentrert med ein skarp kniv i hendene, det kan nok vera uheldig. Ogso viss kniven har vore brukt til slakting utan å ha vore vaska etterpå.

Det er ikkje triveleg for ein amatør-spelemann å ikkje kunne bruka fingrane. Django Reinhardt misste to og kor mange spelar bedre enn han.

Det finst større problem og det finst folk som har  større problem.

«Jostedalsrypas song» av Ragnar Hovland

august 28, 2016

 

Jostedalsrypas song Ragnar Hovland Tonen eller melodien til «Song til Luster» (Lustrasongen) passar til denne teksten.

Anund Roheim

juli 28, 2016

2016 28. juli Ese bygg bøk hjort Nils Ese Anund Roheim 007

Kan ikkje forstå anna enn at Anund Roheim var ein av våre fremste spelemenn. Det finst litt om han på nettet, men ikkje so mykje.

Eg har to LP-plater med han, den eine er Vårlengt der Hallvard Kvåle er ansvarleg for produksjonen. Denne plata inneheld slåttar frå NRK’s arkiv innspela i 1950 og 1955, i tillegg transkripsjon frå78-plater, innspela for His Masters Voice i 1948.

Den andre plata er OLD TIME Dance Tunes from NORWAY by Roheim’s Trio.  ( http://www.worldcat.org/title/old-time-gammal-dans-dance-tunes-from-norway/oclc/9514414 )

( Eg kan i farten ikkje finna ut om det finst fleire plater med Roheim, men eg har liksom eit minne om at det skal finnast ei plate der Anund Roheim og Odd Bakkerud spelar. Den eine slåtten skal vera Sjur i Dammen. Var dette ein sokalla EP, og  er det nokon som kan avkrefta dette? )

Eg vil tru at det so snart som muleg vil komma ei ny plate med innspelingar av Anund Roheim – anten på eit norsk eller eit amerikansk plateselskap eller forlag. Noko anna  ville vel vera påfallande

Nokon som har høyrt denne før…?

juli 7, 2016

Kongen av Jostedalen

juli 7, 2016

Då fan for inn Marifjøra

juni 16, 2016

Bukken i båten, reinlendar – Joar F. og Einar E.

juni 16, 2016

Hardingfele – fylkeskappleiken i Jostedalen

juni 16, 2016