Archive for the ‘Mat og drikka’ Category

Potetdyrking

juni 1, 2016

Då har eg lagt potene på jordi, og no har eg nok lagt hovudet på blokki, i tillegg.  Her skulle det vera ein god anledning til å komma med meir eller mindre seriøse kommentarar.

Advertisements

Ølbryggjing, godt eller gale… ?

juli 15, 2014


Illustrasjonsfoto

Her i dalen er det nokre som har begynt å bryggja sitt eige øl, det tykkjer han eies er bra !

Ein av dei sosiale fredagskveldane på hotellet, fortalde han eies litt om dette. Kanskje vart han litt doserande, i tilfelle var det sjølvsagt ikkje lurt. Han blei i alle fall møtt av ein del argument, mellom anna at dette ville gå ut over omsetningen på butikken vår og hotellet. Viss dette er tilfelle, er det sjølvsagt beklageleg.

Han eies har likevel ei anna oppfatning. Interessa for ulike øltypar, malttypar, gjærtypar og humlesortar, overgjæring kontra undergjæring og mykje anna – er med på å auka interessa for øl. Å testa nye ølsortar blir fort ein hobby som ein dreg med seg både i butikkar og på utestader. Både hotellet og butikken har vorte flinke til å ta inn nye ølsortar, til glede for mange. Ikkje eit vondt ord sagt om vanleg fatøl eller pils, det er eit tradisjonelt og velkjent alternativ som har mange tilhengjarar.

So lenge ingen fortel noko anna, trur han eies at heimebryggjing ikkje går ut over omsetninga på hotellet, butikken og forsovidt ogso Breheimssenteret. Ekstra kjekt hadde det vore om nokon ville ta arbeidet med å produsera ein eller fleire variantar av Jostedalsøl. Dette skulle ikkje vera umuleg.

Øl

mars 9, 2014

Det går rykte om at kunnige folk har laga øl på Fjellheim. Dette er kjekt å høyra! Kanskje det etter kvart kan utvikla seg til å føregå i litt større skala….. ?

Me lærde  å bryggja øl av han Sjur Gjerde. Det var vel av ein litt annan type enn det som blir bryggja no. Ølet vart uansett alltid godt – og det vart alltid oppdrukke.

øl 1 øl 2

Sukeladekake a la Elin

januar 31, 2010

4 egg

375 g sukker

Dette vert vispa til eggedosis. Den vert nokso tjukk.

3 dl O’boy

375 g kveitemjøl

1 ts salt

1,5 ts natron

1,5 ts bakepulver

3 ts vaniljesukker

4,5 dl kefir

Alt dette vert blanda og sikta i eggedosisen. Vekselvis kefir og det turre.

260 g margarin vert smelta. Hell dette  i ein tunn stråle inn i røra til slutt, medan Mixmasteren går (sakte).

Steik kaka i stor langpanne, ved 175 grader, nedst i ovnen, om lag 30 min.

 

Glasur:

100 g smelta margarin

1 dl kaldt vatn

3 ts vaniljesukker

3 ss O’boy

1 pk melis

Til å røra dette saman er ein Mixmaster tingen.

Avkjøl kaka om lag ein time før du har på glasuren. Og gjerne litt strøssel, viss du har det.

Denne kaka er svært god, etter min smak. Saftig, men ikkje så tung som desse nymotens sjokoladekakene er. (Gode kan nok desse vera og, men mor mi hadde i alle fall sagt at kaka hadde sokke saman og at ho var mislukka…!) På grunn av den syrlege kefiren, er ho nokso haldbar.  Og har du ein Mixmaster, er kaka svært enkel å laga.

(Det vart sagt at denne kaka kan ikkje verta mislukka. Eg har laga kaka ein gong, førebels. Eg hadde ikkje margarin, så eg opna ein pakke «Kviteseid-smør». Dette gjekk heilt fint, men muligens vart kaka litt tyngre enn «originalen». Kanskje pga. smøret… )