Dette er ei skål som eg tok «service» på. Olja og skar opp att bokstavane.
Archive for the ‘Tredreiing’ Category
Gåve til tidlegare rådmann
mars 25, 2017Dreia fat av bjørk
mars 25, 2017Svartor
desember 1, 2016Har dreia ei liti skål i svartor. Emnet til denne kjem frå Balestrand, og er teke på ein stad i trestamma der det har vokse ut riknutar (Jostedalen), klaotre (Balestrand, Voss, Hardanger) – meir offisielle betegnelsar er risknutar eller rirkuler.
Svartor er eit interessant materiale. Det kan ha gode akkustiske eigenskapar og har vore brukt i mellom anna hardingfeler og gitarar.
Svartor har og vorte kalla nordens mahogny.
Blodbøk
juni 9, 2016Eit fat eg dreia av ein blodbøk som bles i venda i Balestrand – trur det var under «Dagmar». Nokso hardt tre, tykte det gjekk litt seint med dreiingi og var derfor litt uheldig med motorsagi.
Har ikkje fleire slike emne akkurat no.
Snurrebassar
april 22, 2016Kva skal eg gjera…… ?
april 22, 2016Dette er nokso mange bilde av alt for mange dreia gjenstandar. Eg søkjer trøyst i det ein formingslærar på Gol fortalde etter ein kurshaldar, sitert etter minnet: Ein av fordelene med ting som er laga av tre, er at dei kan brennast !
Eg trur at han meinte at viss folk samlar på pyntegjenstandar av td. keramikk, so kan desse vera eit forureiningsproblem når dei vert kasta, td. i bosdunken. No vert det i media rett nok diskutert om vedfyring kan vera farlegare enn utslepp frå bilar, ma. i problematikken kring «svevestøv». Men inntil vidare tvilar eg på dette. No er dei dreia tingi eg lagar rett nok innsette med kokt linolje, vegetabilsk terpentin og bivoks, men eg trur heller ikkje dette er meir skadeleg for miljøet enn andre ting.
Bakerst til venstre på nokre av bildi står ei pappøskje med feilvarer. Han som sit i dragsengi vart for mange år sidan titulert som hoffdreiar ( på tysk/østeriksk: Hofdrechsler) Eg tykkte den tittelen var litt pinleg, sjølv om eg er sikker på at det var godt meint.