Reetablering av villrein – som ein del av restaurering av Lustrafjelli.

mars 19, 2023

Det som er skrive her, handlar om ulike forsøk på reetablering av villrein i Lustrafjelli. Det er slik underskrivne har fått opplysningar om det som har vore gjort. Med Lustrafjelli meiner ein her det som vert kalla Luster sin del av Breheimen, eller sagt på ein annan måte: Området frå Jostedals-dalføret og austover til grensa mot Gudbrandsdalen. Etter 1977 har det ikkje vore ei villreinstamme i området, berre om sommaren streifar det enkelte dyr og små bukkeflokkar inn i området, men dei stoppar ikkje lenge.

1964: Det har naturleg nok kome fram ynskje om å få villreinen attende til Luster. Frå oppstarten av villreinområdet fortel tidlegare fjelloppsyn i Luster det slik: «I 1964 vart det inngått avtale mellom Villreinutvalet og A/L Trio tamreinlag om overdraging av tamrein for utsetjing etter spreiingsavtalen. Etter denne planen skulle 150 dyr drivast vestover til Luster og Stryn. Dette vart ikkje utført. Hadde dette vorte gjort på rett tid av året, kunne det kanskje ha lukkast.» Det har vorte meg fortalt at då folk her frå dalen den gongen møtte opp i Skjåk for å vera med på drivingi av reinen slik avtalen var, var reinen alt sleppt fri.

Redaktør av boki «Ottadalsreinen», skildra den same tildragelsen i 1964 soleis: «Utvalget så ikke noe stort problem i at Trios gjetere ikke greidde å jage 150 rein over fra Skjåk sørfjell til Luster og Stryn slik avtalen var. Enhver med selv den minste forstand på rein visste at de 150 dyrene ville være tibake i Skjåkfjellet etter noen timer!»

1997: So litt frå den nyare tidi, og fjelloppsynet fortel slik om dette: «I 1997 vart det gjort eit nytt forsøk på å få rein att på Lustersida. 37 tamrein vart kjøpt inn frå Røros, dette skulle vera [mi utheving] drektige ungsimler.» Tanken var at unge dyr lettare ville slå seg til ro i Lustraområdet, medan eldre dyr ville ha ha ein sterkare vandringstrang, og då lettare komma til å trekkja ut av området. Ein eldre reinsgjetar (kanskje fleire) frå Luster, såg flokken med dei 37 reinane og sa sa at der var og nokre eldre simler. Blant dei som arbeidde og organiserte utsetjingi, vart dette då forklaringi på kvifor utsetjingi var mislukka. Det vart og fortalt at økonomien var dårleg, og noko ny utsetjing var difor ikkje aktuelt i tilknyting til dette prosjektet.

På same tidi vart det i Lærdal-Årdal ogso sett ut rein. Her sleppte ein ikkje alt første året, men fordelte utsetjingi over fleire år. Bortsett frå første året var denne utsetjingi vellukka, og den danna grunnlaget for ei ny reinstamme i Lærdal-Årdal.

2009: Verneplanen for Breheimen vart vedteken ved Kongeleg resolusjon (Kgl. res.) av Kongen i statsråd, 7. august 2009, og omfattar Breheimen nasjonalpark og fleire andre verneområde. Fjelloppsynet skriv: «I samband med opprettinga av Breheimen nasjonalpark vart det sett av midlar til tiltak for å prøve å få rein attende til området i Luster. Ei arbeidsgruppe vart oppretta med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane sin representant som leiar. Fagfolk vart innleigd, og plan for tiltak vart utarbeidd [https://eies.files.wordpress.com/2010/12/reetablering-av-villrein-i-luster-utkast-1-mai-20101.pdf ]. Dei fleste tiltaka i planen var ikkje gjennomførbare, det ein sat att med var å auka villreinstammen i sør-området. Med det håpa ein at dyra ville trekka meir mot Luster om våren eller sommaren.» Økonomien denne gongen var uproblematisk sidan Fylkesmannen i Sogn og Fjordane leia og støtta alt arbeid ogso økonomisk. Men etter nokre fåe år ynskte ikkje Luster kommune å vera med i prosjektet lenger.

Nasjonalparkforvaltar i Breheimen fortel at å auka villreinstamma i sør-områdetdette har vore prøvd – utan at ein har fått dei resultata som ein håpa på. Å prøva ut denne metoden meir – altso auka stamma i Sjåk sør – er ikkje aktuelt no, sidan det tydeleg har vore uttalt at villreinstamma i Skjåk-sør no tvertimot må reduserast på grunnlag av rapportar om nedslitne beite.

Bortsett frå eit arbeid som Oddvin Fossøy gjer, kjenner ein ikkje til at det no lenger vert drive eit aktivt og målretta arbeid med sikte på å reetablera villrein i dette fjellområdet.

[NB Det som er skrive her må sjåast på som ein kladd eller eit utkast. Det er å håpa på at dei som les dette og ser feil og manglar vil gje melding om det på ein eller annan måte til underskrivne]

Underskrift: Einar Ese, Jostedalen.

mars 19, 2023

Gåve til tidlegare rådmann

mars 25, 2017

Dette er ei skål som eg tok «service» på. Olja og skar opp att bokstavane.

Dreia fat av bjørk

mars 25, 2017

25.03.2017 001

CWD – Sogn Avis – 06.03.2017

mars 7, 2017

Landskappleiken Røros 1970

mars 2, 2017

https://tv.nrk.no/serie/landskappleiken/FTEM70000270/04-10-1970

https://tv.nrk.no/serie/landskappleiken/FOLA70001670/24-02-1970

 

Tøger Vigdal: Kjærleik og alvor

februar 25, 2017

Denne boki har eg høyrt ein del om, men først for nokre dagar sidan fekk eg låna ho av Harald H. Etter som det vart fortalt køyrde Tøger rundt med mopeden sin med ein kasse bøker som han baud fram. Jon – bror til kona mi – skal og ha sykla rundt med ein kasse bøker som han selde.

Tittelen på boki er illustrerande, her handlar det om kjærleik – men og om triste hendingar. Mest kjærleik.

Innleiingsvis kjem han med litt sjølvbiografi, dette er skrive på bokmål – resten av boki er på nynorsk. Biografien startar slik: «Jeg var bare 16 år da jeg for første gang ble forelsket i en pike» – og han sluttar med litt moralisering: «Stift ikke familie mens de er for ung. I så fall gjør ikke som jeg, for slik gikk det til.»

Deretter følgjer: «Sæterelsk» som er hovudforteljingi. Den handlar om Gustav som etter eit trekantsdrama og ein del andre problem til slutt får si Sigrid.

Deretter fylgjer «Ute og heime» som er ein moraliserande historie om Sigurd som til slutt finn heim att til foreldri og garden der han voks opp.

Til slutt kjem «Gamaldags frieri», ein kort historie som kan lesast ovanfor. Litt artig at den løa som er avbilda står framleis – so vidt det er – ovanfor garden Li i Mjølversgardane. Truleg er det og at det er i denne løa det skjedde det som kan lesast her.

Denne boki oppfattar eg som ei nokso einsidig skildring av sterke følelsar. Saknar ein del miljøskildringar. Eg oppfattar boki som nokso naiv, men ho gir eit interessant tidsbilete av kva forfattaren truleg ynskte å formidla: Kjærleik blanda med moralisering bygd på kristendommen. Slik sett tykkjer eg absolutt at set var triveleg å få låna og lesa boki.

Til slutt håpar eg at folk vil komma med korrigeringar og kommentarar til det eg har skrive.

 

Utrydding av villreinen som tiltak mot CWD

februar 7, 2017

cwd-002Utrydding av villreinen som tiltak mot CWD 

Det er ikkje tvil om at CWD (Chronic Wasting Diseas eller skrantesykje) er ein alvorleg sjukdom med dødeleg utfall. Men då bør ein leggja til: Kun for dei relativt fåe dyri som utviklar sjukdommen. Dette er so langt me veit ikkje ein sjukdom som på nokon måte vil utrydda villreinen. Men for å hindra smittespreiing, er det som seg hør og bør likevel innført tiltak som forbod mot bruk av luktestoff under jakt, avgrensingar for kunstig foring av ville hjortedyr og bruk av saltsteinar.

Når det gjeld ”Forskrift om midlertidige tiltak for å begrense spredning av Chronic Wasting Disease (CWD)” frå Landbruks- og matdepartementet, so har §6. ”Forbud mot fôringssteder og slikkesteiner” fleire unntak. Bruk av saltsteinar til tamme husdyr på beite er likevel lovleg – sjølv om ville hjortedyr har tilgang til desse. Og når det gjeld avgrensing av foring i § 11: ”Mattilsynet kan i særskilte tilfelle dispensere fra bestemmelsene i denne forskriften,…” Her vert det nemnt  tre situasjonar der foring likevel er tillete. Kor klokt er det  med unntak og dispensasjonar frå ei forskrift som skal hindra smittespreiing viss sjukdommen er so dramatisk og farleg som han vert framstillt ?

Det siste nye no er likevel eit forslag om utrydding av villreinen i Nordfjella. Er dette kunnskapsbasert, eller kan det her vera tamreinnæringi som er bekymra for at dei kan få større økonomiske utfordringar viss sjukdommen kjem inn i tamreinflokkane, og har mattilsynet og forskarar deretter støtta opp om dette – og at media gjerne set  pris på sensasjonar, dramatikk og katastrofe-scenario er vel ikkje heilt ukjent.

Kor utbreidd er CWD i Norge? Sjukdommen er påvist hjå rein i Nordfjella – men og hjå elg i Trøndelag. Då er det vel ikkje urimeleg at smittestoffet kan finnast spreidd  blant hjortevilt i eit endå større område, me veit vel heller ikkje kor lenge smittestoffet har vore her til lands.

Kor farleg er sjukdommen? Veterinærinstituttet i Norge skriv: ”Det er vist at 0,5-5 % av dyrene i smitta områder i Nord-Amerika har utviklet CWD.”  Rett nok kan ein vidare lesa: ”I enkelte flokker er det rapportert at så mye som 30 % av dyrene har blitt rammet.” Når det gjeld det siste, so veit me at sjukdommar spreier seg lettare der ein har større samlingar av individ, slik som til dømes i oppdrettsanlegg og hegner, ved kunstig foring av ville hjortedyr – og i tamreinsflokkar. Mykje tyder på at 30% gjeld ved større samlingar av hjortedyr, ikkje minst det ein kan kalla menneskeskapte og unaturlege konsentrasjonar – og ikkje blant ville dyr i sitt naturlege element.

So langt ein kjenner til, har det til alle tider oppstått sjukdommar og epidemiar blant dyr, men slike ting vert mykje meir dramatiske i husdyrholdet – som tamreinsdrift er – samanlikna med korleis sjukdomsforløpet kan vera blant ville dyr.  Det kan her nemnast at tamreindrift sorterer inn under Landbruks- og matdepartementet (LMD) – medan vilreinforvaltningi kjem inn under Klima- og miljødepartementet (KLD). Naturen taklar det utrulegaste sjølv, berre me menneske ikkje  trur at me skal vera sjukdoms-politi og gripa inn og ordna opp i det meste.

Viss me dreg ein parallell til Gyrodactylus salaris som dei i Lærdalselvi prøvde  å rydda ut ved å drepa fisken med rotenon – kor stor garanti har dei for at ikkje parasitten vil dukka opp att i elvi? I Austersjøområdet fekk parasitten leva og der har dei no resistente laksestammer.

Eg forstår godt at tamreinnæringi ikkje vil ha CWD inn i flokkane sine. Det kan nok komma til å gi denne næringi store økonomiske utfordringar etter kvart. Men er det likevel rett å gå til nedslakting av ei heil villreinstamme når me veit so lite om sjukdommen? Og viss nedslakting av ville dyr skal brukast som metode – då kan det seinare kanskje bli aktuelt med nedslakting av andre villreinstammer – eventuelt elg og anna hjortevilt.

Det me veit er altso at i Nord-Amerika utviklar kun 0,5 – 5% av dyri i smitta område CWD. Kan det me i desse dagar høyrer, les og ser – rett og slett vera ei  medieskapt overdramatisering og oppøsing med opphav i uro og bekymring innan tamreinnæringi?

Minner og om kva Miljødirektoratet skriv: ”Norge forvalter de siste livskraftige bestandene av den opprinnelige ville fjellreinen i Europa. Dette gjør at vi har et særskilt internasjonalt ansvar for å ta vare på villreinen.” Å ta vare på villreinen på ein god måte vil bety at andre samfunnsinteresser må setjast til side.

Einar Ese.

Re-etablering av villreinstamma i Jostedal austfjell

februar 4, 2017

oddvin-fossoy-reetablering-villrein-001

RE-ETABLERING  AV  VILLREINSTAMMA  I   JOSTEDAL  AUSTFJELL

På oppmoding, ber Jostedal bygdalag Luster kommunestyre restarte arbeidet med etablering av ny villreinstamme i Jostedal austfjell, adressert til fylkesmannen, som skissert av staten i forskrift til vernearbeidet. Bygdalaget har fått opplyst at Luster kommune ikkje har nokon økonomiske plikter i dette prosjektet, som fullt ut er under ansvar for staten og prosjektgruppa. I det høve minner ein om at fagansvarleg konsulent uttaler i fagrapporten at han ser ingen problemer verken med økonomi eller leveransar !

Grunngjeving: Det finst mange,  fleire tusen år gamle minner, om gamal fangstkultur i fjellområda i Jostedalen, som vitnar om harde levekår for folk som dreiv denne «sporten» i dei barske fjella.  Ein finn fangstanlegg som ledegjerde, dyregraver og bogastille der fanging av villrein var føremålet. Ein kan vanskeleg sette seg inn i korleis desse folka opplevde dette, men det var eit «tilbod» om å overleve ved hjelp av ressursane i fjellet. Oftast fann dei ei steinhole eller ein hiller til «Herberge» i området. Dette var einaste tilbodet som vern mot kalde haust- og vinterneter, og oftast berre  i dei kleda jegaren sto og gjekk i. Mykje av dette er godt dokumentert for ettertida av dei no pensjonerte jostedalslærarane Einar Ese og Sverre Fossen. Ei stor takk til dei for ein ueigennyttig innsats i dette arbeidet !

Mot dette bakteppet var det ikkje overraskande at staten sine representantar tok inn i verne-forskrifta for fjella Reinheimen/Breheimen mellom Jostedalen, Skjåk og Mørkrid at vernetiltaket skulle generere utsetting av ei ny villreinstamme i desse fjella – som eit avbøtande tiltak i samband med verninga. Prosjektet vart initiert frå fylkesmannsembete, med Hermund Mjeldestad, fylkesmannen sin representant som prosjektleiar. Dei andre medlemmane i prosjektet vart oppnemnde frå Luster kommune.

Gruppa jobba både snøgt og seriøst med prosjektet, inntil fagrapporten frå konsulentselskapet låg på bordet. Då tok frustrasjonen i gruppa overhand og dei avlyste for all framtid vidareføring av prosjektet. Dette med påminning om mislukka utsettinga av rein i dette området ein del år tidlegare,  samt at rapporten tilrådde inngjerding og foring av reinen i ein nærare avgrensa periode.

Med dagens kunnskap er det ikkje til å undrast over dette vedtaket, men mykje talar for at den same gruppa i dag ville ha teke eit heilt anna standpunkt. Ein tenkjer her på tilbodet om moderne GPS-teknologi, der ein enkelt person kan overvake alle rørslene til reinen heile døgnet frå minutt til minutt, frå PC-en på skrivebordet. Dessutan er det kome tilbod om rask og billig helikopterteneste, om det skulle oppstå behov for å samle inn att forvilla rein. Og, i sin ytterste konsekvens kan ein montere utstyr for ubehagelege signal hos reinen, om han rører seg  utanfor ønska område. Jfr. geiteflokken inne ved Bergen, som me såg på TV for ikkje lenge sidan.

Etter det ein kjenner til hadde prosjektgruppa ikkje dekning i fullmakt frå gåvegjevar eller gåvemottakar til å avslutte prosjektet utan fullføring. Vedtaket må difor ha status som førebels  stopp. Dette betyr likevel ikkje noko for saka, då ein forstår det slik at kommunestyret sjølvsagt står heilt fritt til å gjere kva vedtak dei vil. Dette er viktig for saka!

Bygdalaget har ikkje kunnskap om innhaldet i dei ulike partiprogramma for kommunen, det gleder ein difor mykje å ha fått kunnskap om at kommunen sitt nest største parti-Arbeidarpartiet – har programfesta politisk støtte til villreinprosjektet. Me håpar at dei andre politiske partia i kommunen er like positive til prosjektet, sjølv om dette ikkje kjem til uttrykk i partiprogramma. Ein minner her om at det utvilsomt vil gjere denne delen av kommunen meir attraktiv for potensielle innflyttarar. Noko som ein meiner bør ha politisk  interesse. Ein tenkjer her på jegerar som får billige fellingsløyver for villrein, fotointeresserte som finn glede i å feste opplevingar til fotorullen, og ikkje minst alle dei som berre ønskjer å sjå denne fjellets «kardinal» utfolde seg i sitt rette og naturlege element.

Eventuell meir presis kunnskap kommunestyret måtte trenge for å gjere sitt vedtak, kan skaffast fram på minst to måtar. Bygdalaget seg fullt ut til disposisjon for rask framskaffing av ønskjelege opplysningar. Alternativt kan kommunestyret oppnemner eit hurtigarbeidande fagutval, som etter nærare oppgjeven frist legg eit grunngjeve framlegg fram for politikarane – som grunnlag for vedtak i kommunestyret. Det vil vere ein stor tryggleik i arbeidet om aktuelle organisasjonar får høve til å gje kommentar til eventuelle innspel.

Ein kan ikkje sjå eit einaste negativt sakleg argument mot gjennomføring av dette tiltaket for kommunen. Til slutt vil ein difor ta med ei hyggeleg og sann historie til ettertanke: Ein tenkjer på slepping av eit lite tal rein i Stordalen i førre århundre,  eit vakkert og venleg fjellområde mellom Fåbergstølen og Handspiki – med tilhøyrande fjellområde.

I eit ukjent årstal, kanskje like etter midten av 1900-talet, vart eit lite tal rein sett ut på Fåbergstølen, dette samt utbetaling av kjøpesum for reinen var einaste tiltaket. Forbausande fort vart reinen jaktbar og til stor undring for grunneigarane var reinen i utruleg god kondisjon. Einaste ankepunktet mot jakta var at den var dyr for jegarane, for viltoppsynet kravde inn ei ikkje ubetydeleg avgift for kvart dyr som vart felt, noko som gjekk til nedbetaling på kjøpesummen for reinen.

Diverre vart den flotte reinflokken, kanskje 30 – 50 dyr, inndriven og slakta av Lom tamreinlag i 1977/1978, under påskotet «umerka tamrein». Gudbrandsdal herredsrett etterforska saka, men fann det ikkje prova at tamreinlaget hadde gjort noko ulovleg. Ein som var med og jakta på denne reinen fram til 1976 lever den dag i dag i beste velgåande på Gaupne omsorgsenter. Han heiter Leiv Fåberg og var tidlegare grunneigar med jaktrett i Stordalen. Han seiest å ha sine fulle kognitive funksjonar i behold, og – om han vil – kan han gje utfyllande opplysningar i saka.

Til slutt – fylkesmannen kan ikkje sjå vekk frå at einkelte i prosjektgruppa ønskjer å fratre funksjonen, då gjeld det å ha namn på blokka til innspel hos fylkesmannen. Bygdalaget er i arbeid med innsamling av aktuelle namn. Dessutan arbeider bygdalaget med på peike ut personar som skal ta seg av og avklare eventuelle spørsmål frå kommunestyregruppa.

Ein ser fram til eit godt og konstruktivt samarbeid i saka, og høyrer so raskt som mogeleg frå politikarane. Bygdalaget  ønskjer dei folkevalde eit godt nytt arbeidsår !

 

Jostedalen, 22. januar 2017.

Med venleg helsing

For Jostedal bygdalag

 

Aud Fossøy (leiar) sign.

 

PS! Initiativet til oppattstarting av villreinprosjektet i Jostedal austfjell kom frå

pensjonert lærar Einar Ese (også prosjektmedlem) og pensjonert personalkonsulent

Oddvin Fossøy, etter innspel frå medlemmar i Jostedal bygdalag, Jostedal historielag og Luster Jakt- og Fiskelag. Tiltaket har samla uvanleg sterk og brei støtte i Jostedalen.

 

Med helsing                                                                                  Med helsing

Einar Ese – sign.                                                                           Oddvin Fossøy – sign.

Endre-Rasmus, fjellmannen frå Jostedalen som gjette vekk tamreinen i Gudbrandsdalen – vart det sagt…

januar 30, 2017

Nordheim og Li.JPG

Endre-Rasmus skal vera fødd i Endreheimen,  like nordvest for tunet på Nordheim (Sva).

Fotoet har eg funne på nettstaden Lokalhistoriewiki.no.

Endre-Rasmus er nemnd som Rasmus Endreson  (1802 – 1887), var fødd på Endreheimen. Tuftene til Endreheimen skal vera like nord-vest for Norheim/Sva under Lien, gardsnummer 203. Han kom til Horpen 2, og døydde som innerst og enkjemann på Fåberg 18.3.1887.

Han gifte seg med Siri Rasmusdotter. Dei skal visstnok ha busett seg på Fåberg nedre i 1833, men skal og ha butt ei tid på Fåbergstølen (Dette har eg  henta frå Lars E. Øyane: «GARDS- OG ÆTTESOGE FOR LUSTER KOMMUNE BAND V – JOSTEDAL SOKN»)

Endre-Rasmus budde ei tid på Fåbergstølen og han planla truleg å busetja seg fast frammi Stordalen. Eit stykke framafor Øy, langs stien mellom Øy og Vetledøla, skal han ha rydda  tufter til huset han ville byggja. Lokalkjende folk har fortalt at han truleg planla å livnæra seg delvis av reinsdyr-jakt, mellom anna i Viva-skredene, der det var tidleg vårbeite for villrein. Det vart og antyda at han truleg kunne ha komme til å ha ein god leveveg her.

Men det problematiske med skulegang for borni til Endre-Rasmus viss han budde so langt framme i dalen, gjorde at dei styrande greip inn og nekta Rasmus å busetja seg framom Øy.

Andre  kjelder har fortalt at då Ivar Aasen var i Jostedalen og skulle gå over breen, so var det Endre-Rasmus, eller son hans, som fylgde han over breen. Dette kan me lesa om på Jostedal historielag sine sider.

Rasmus var ein fjell-mann og han søkte om å bli patentførar, men tapte i konkurranse med ein kar frå Mjølversgardane, vart det sagt. Likevel dreiv han som breførar, for det var ikkje uvanleg at dei likevel førde folk over breen – sjølv om dei ikkje hadde patentførarbevis.

Dei mest interessante opplysningane om Endre-Rasmus finn me i Ø. Mølmen: «Ottadalsreinen Fra pilog bue til lasso og gevær«. I kapittel 12: «Tamreindrift i Ottadalen» skriv Bjørn Dalen slik: «Man hadde tilsatt en som het Endre-Rasmus fra Sogn til å lede gjetingen etter at Per Kvitingen hadde ledet gjetingen noen år. Denne Endre-Rasmus gjette bort reinen, ble det sagt, og den ble jaktobjekt for jostedøler i grensetraktene mot Jostedalen.» Det kunne ha vore ekstra interessant å vite meir om dette.

For å sjå dette i et anna perspektiv, siterer eg frå den same boki til Mølmen, denne gongen frå kapittel 4: «Etablering av en ny villreinstamme i fjellområdene mellom Nord-Gudbrandsdalen og Sognefjorden (Ottadalsområdet)»: «Villreinutvalgets forslag om at Jostedal og Luster allerede kommende høst (1963) burde søke om villreinjakt, fikk naturlig nok ringvirkninger og kom til å skape sterke reaksjoner i Trio tamreinlag. Fra før var det åpnet for jakt inntil beitegrensene som tamreinlaget hadde mot Romsdalen. – Alt dette var forhold som betinget ekstra og kostbart gjeterhold for tamreinlaget. Et stort antall av tamreinlagets medlemmer begynte nå å bli alvorlig engstelige for å tape sine innskudd i laget. – Faren lå i at lagets rein etter hvert kunne komme inn i nyetablerte villreinområder og dermed gå tapt. Den store faren lå i at Luster – og særlig Jostedal, kunne få villreinjakt – der var fjellene ville og uoversiktelige. Ikke minst var det vanlig oppfatning blant tidligere tamreinfolk at rein som trakk inn i disse områdene aldri kom tilbake – i alle fall ikke i live!»

Den siste setningen er forvitneleg.

Dette fotoet er frå glasplater etter Nils O. Reppen og dei skal vera på                                     Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Ein udokumentert påstand kan vera at Endre-Rasmus, eller son hans, kan vera ein av personane på bildet.