Utrydding av villreinen som tiltak mot CWD

cwd-002Utrydding av villreinen som tiltak mot CWD 

Det er ikkje tvil om at CWD (Chronic Wasting Diseas eller skrantesykje) er ein alvorleg sjukdom med dødeleg utfall. Men då bør ein leggja til: Kun for dei relativt fåe dyri som utviklar sjukdommen. Dette er so langt me veit ikkje ein sjukdom som på nokon måte vil utrydda villreinen. Men for å hindra smittespreiing, er det som seg hør og bør likevel innført tiltak som forbod mot bruk av luktestoff under jakt, avgrensingar for kunstig foring av ville hjortedyr og bruk av saltsteinar.

Når det gjeld ”Forskrift om midlertidige tiltak for å begrense spredning av Chronic Wasting Disease (CWD)” frå Landbruks- og matdepartementet, so har §6. ”Forbud mot fôringssteder og slikkesteiner” fleire unntak. Bruk av saltsteinar til tamme husdyr på beite er likevel lovleg – sjølv om ville hjortedyr har tilgang til desse. Og når det gjeld avgrensing av foring i § 11: ”Mattilsynet kan i særskilte tilfelle dispensere fra bestemmelsene i denne forskriften,…” Her vert det nemnt  tre situasjonar der foring likevel er tillete. Kor klokt er det  med unntak og dispensasjonar frå ei forskrift som skal hindra smittespreiing viss sjukdommen er so dramatisk og farleg som han vert framstillt ?

Det siste nye no er likevel eit forslag om utrydding av villreinen i Nordfjella. Er dette kunnskapsbasert, eller kan det her vera tamreinnæringi som er bekymra for at dei kan få større økonomiske utfordringar viss sjukdommen kjem inn i tamreinflokkane, og har mattilsynet og forskarar deretter støtta opp om dette – og at media gjerne set  pris på sensasjonar, dramatikk og katastrofe-scenario er vel ikkje heilt ukjent.

Kor utbreidd er CWD i Norge? Sjukdommen er påvist hjå rein i Nordfjella – men og hjå elg i Trøndelag. Då er det vel ikkje urimeleg at smittestoffet kan finnast spreidd  blant hjortevilt i eit endå større område, me veit vel heller ikkje kor lenge smittestoffet har vore her til lands.

Kor farleg er sjukdommen? Veterinærinstituttet i Norge skriv: ”Det er vist at 0,5-5 % av dyrene i smitta områder i Nord-Amerika har utviklet CWD.”  Rett nok kan ein vidare lesa: ”I enkelte flokker er det rapportert at så mye som 30 % av dyrene har blitt rammet.” Når det gjeld det siste, so veit me at sjukdommar spreier seg lettare der ein har større samlingar av individ, slik som til dømes i oppdrettsanlegg og hegner, ved kunstig foring av ville hjortedyr – og i tamreinsflokkar. Mykje tyder på at 30% gjeld ved større samlingar av hjortedyr, ikkje minst det ein kan kalla menneskeskapte og unaturlege konsentrasjonar – og ikkje blant ville dyr i sitt naturlege element.

So langt ein kjenner til, har det til alle tider oppstått sjukdommar og epidemiar blant dyr, men slike ting vert mykje meir dramatiske i husdyrholdet – som tamreinsdrift er – samanlikna med korleis sjukdomsforløpet kan vera blant ville dyr.  Det kan her nemnast at tamreindrift sorterer inn under Landbruks- og matdepartementet (LMD) – medan vilreinforvaltningi kjem inn under Klima- og miljødepartementet (KLD). Naturen taklar det utrulegaste sjølv, berre me menneske ikkje  trur at me skal vera sjukdoms-politi og gripa inn og ordna opp i det meste.

Viss me dreg ein parallell til Gyrodactylus salaris som dei i Lærdalselvi prøvde  å rydda ut ved å drepa fisken med rotenon – kor stor garanti har dei for at ikkje parasitten vil dukka opp att i elvi? I Austersjøområdet fekk parasitten leva og der har dei no resistente laksestammer.

Eg forstår godt at tamreinnæringi ikkje vil ha CWD inn i flokkane sine. Det kan nok komma til å gi denne næringi store økonomiske utfordringar etter kvart. Men er det likevel rett å gå til nedslakting av ei heil villreinstamme når me veit so lite om sjukdommen? Og viss nedslakting av ville dyr skal brukast som metode – då kan det seinare kanskje bli aktuelt med nedslakting av andre villreinstammer – eventuelt elg og anna hjortevilt.

Det me veit er altso at i Nord-Amerika utviklar kun 0,5 – 5% av dyri i smitta område CWD. Kan det me i desse dagar høyrer, les og ser – rett og slett vera ei  medieskapt overdramatisering og oppøsing med opphav i uro og bekymring innan tamreinnæringi?

Minner og om kva Miljødirektoratet skriv: ”Norge forvalter de siste livskraftige bestandene av den opprinnelige ville fjellreinen i Europa. Dette gjør at vi har et særskilt internasjonalt ansvar for å ta vare på villreinen.” Å ta vare på villreinen på ein god måte vil bety at andre samfunnsinteresser må setjast til side.

Einar Ese.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: