Archive for the ‘villrein’ Category

CWD – Sogn Avis – 06.03.2017

mars 7, 2017
Advertisements

Utrydding av villreinen som tiltak mot CWD

februar 7, 2017

cwd-002Utrydding av villreinen som tiltak mot CWD 

Det er ikkje tvil om at CWD (Chronic Wasting Diseas eller skrantesykje) er ein alvorleg sjukdom med dødeleg utfall. Men då bør ein leggja til: Kun for dei relativt fåe dyri som utviklar sjukdommen. Dette er so langt me veit ikkje ein sjukdom som på nokon måte vil utrydda villreinen. Men for å hindra smittespreiing, er det som seg hør og bør likevel innført tiltak som forbod mot bruk av luktestoff under jakt, avgrensingar for kunstig foring av ville hjortedyr og bruk av saltsteinar.

Når det gjeld ”Forskrift om midlertidige tiltak for å begrense spredning av Chronic Wasting Disease (CWD)” frå Landbruks- og matdepartementet, so har §6. ”Forbud mot fôringssteder og slikkesteiner” fleire unntak. Bruk av saltsteinar til tamme husdyr på beite er likevel lovleg – sjølv om ville hjortedyr har tilgang til desse. Og når det gjeld avgrensing av foring i § 11: ”Mattilsynet kan i særskilte tilfelle dispensere fra bestemmelsene i denne forskriften,…” Her vert det nemnt  tre situasjonar der foring likevel er tillete. Kor klokt er det  med unntak og dispensasjonar frå ei forskrift som skal hindra smittespreiing viss sjukdommen er so dramatisk og farleg som han vert framstillt ?

Det siste nye no er likevel eit forslag om utrydding av villreinen i Nordfjella. Er dette kunnskapsbasert, eller kan det her vera tamreinnæringi som er bekymra for at dei kan få større økonomiske utfordringar viss sjukdommen kjem inn i tamreinflokkane, og har mattilsynet og forskarar deretter støtta opp om dette – og at media gjerne set  pris på sensasjonar, dramatikk og katastrofe-scenario er vel ikkje heilt ukjent.

Kor utbreidd er CWD i Norge? Sjukdommen er påvist hjå rein i Nordfjella – men og hjå elg i Trøndelag. Då er det vel ikkje urimeleg at smittestoffet kan finnast spreidd  blant hjortevilt i eit endå større område, me veit vel heller ikkje kor lenge smittestoffet har vore her til lands.

Kor farleg er sjukdommen? Veterinærinstituttet i Norge skriv: ”Det er vist at 0,5-5 % av dyrene i smitta områder i Nord-Amerika har utviklet CWD.”  Rett nok kan ein vidare lesa: ”I enkelte flokker er det rapportert at så mye som 30 % av dyrene har blitt rammet.” Når det gjeld det siste, so veit me at sjukdommar spreier seg lettare der ein har større samlingar av individ, slik som til dømes i oppdrettsanlegg og hegner, ved kunstig foring av ville hjortedyr – og i tamreinsflokkar. Mykje tyder på at 30% gjeld ved større samlingar av hjortedyr, ikkje minst det ein kan kalla menneskeskapte og unaturlege konsentrasjonar – og ikkje blant ville dyr i sitt naturlege element.

So langt ein kjenner til, har det til alle tider oppstått sjukdommar og epidemiar blant dyr, men slike ting vert mykje meir dramatiske i husdyrholdet – som tamreinsdrift er – samanlikna med korleis sjukdomsforløpet kan vera blant ville dyr.  Det kan her nemnast at tamreindrift sorterer inn under Landbruks- og matdepartementet (LMD) – medan vilreinforvaltningi kjem inn under Klima- og miljødepartementet (KLD). Naturen taklar det utrulegaste sjølv, berre me menneske ikkje  trur at me skal vera sjukdoms-politi og gripa inn og ordna opp i det meste.

Viss me dreg ein parallell til Gyrodactylus salaris som dei i Lærdalselvi prøvde  å rydda ut ved å drepa fisken med rotenon – kor stor garanti har dei for at ikkje parasitten vil dukka opp att i elvi? I Austersjøområdet fekk parasitten leva og der har dei no resistente laksestammer.

Eg forstår godt at tamreinnæringi ikkje vil ha CWD inn i flokkane sine. Det kan nok komma til å gi denne næringi store økonomiske utfordringar etter kvart. Men er det likevel rett å gå til nedslakting av ei heil villreinstamme når me veit so lite om sjukdommen? Og viss nedslakting av ville dyr skal brukast som metode – då kan det seinare kanskje bli aktuelt med nedslakting av andre villreinstammer – eventuelt elg og anna hjortevilt.

Det me veit er altso at i Nord-Amerika utviklar kun 0,5 – 5% av dyri i smitta område CWD. Kan det me i desse dagar høyrer, les og ser – rett og slett vera ei  medieskapt overdramatisering og oppøsing med opphav i uro og bekymring innan tamreinnæringi?

Minner og om kva Miljødirektoratet skriv: ”Norge forvalter de siste livskraftige bestandene av den opprinnelige ville fjellreinen i Europa. Dette gjør at vi har et særskilt internasjonalt ansvar for å ta vare på villreinen.” Å ta vare på villreinen på ein god måte vil bety at andre samfunnsinteresser må setjast til side.

Einar Ese.

Interessante opplysningar om villrein – og tamrein – i Aurland for 100 – 150 år sidan

desember 11, 2016
Jakt i Aurlandsfjellet

Reinsjakt i Aurland for 100 – 150 år sidan

I 1916 handsama Nordre Bergenhus Amt (noverande Sogn og Fjordane fylke) ei sak om reinsjakt i Aurland. Distriktslege H. Bruun busett på Ål ønskte nye jaktreglar, med utvida fellingsperiode frå 2 til 3 veker og fri våpenbruk (alle kaliber).  Dette blei det naturleg nok strid om. Saka vart, underleg nok, handsama av fiskerikomiteen i fylket og enda utan vedtak. Saka har likevel i seg mange verdifulle opplysningar og fornøyelege kommentarar.

Lensmann O. Ohnstad (1847 – 1929) sine opplysningar og vurderingar

Amtmann I. E. Christensen ville ha fakta på bordet, og han vende seg difor til lensmann O. Ohnstad som røynd jeger. Svaret frå lensmannen var svært grundig. Han opplyste at han gjekk i sitt 69., år og at han hadde jakta frå han var 20. Då han tok til som jeger var det nok av villrein i alle fjell. Dei jakta med munnladningsbørser som var laga i bygda. Fredningstida var frå 1. april til 1. august, slik at dei skaut heile vinteren med mars som den beste månaden med godt ver og godt føre. Det var kun dei beste skyttarane, dei sprekaste og mest fjellvande som dreiv jakt. Lenge var Ohnstad den einaste som hadde sovepose, og han skaffa seg først etter å ha jakta i fleire år. Den store endringa kom med Remington rifla i 1870, og bakladningsriflene nokre år seinare.  Det vart felt så mange dyr at reinen var truga med utrydding. Etter nokre år med fri jakt var det så lite dyr i fjella at dei kunne gå i vekevis utan å sjå anna enn smådyr. Det kunne gå år mellom kvar gong ein fekk sjå ein stor reinsbukk. Så kom det eit anna omslag; med store tamreinflokkar. Svært mange tamreinar frå Aurland, Lærdal, Hol og Voss, faktisk fleire 1000-tals, kom på villspor og gjekk etter kvart over til å verta villrein. Dermed kunne ein kring 1900 konstatera at villreinstamma, rett nok ei blanding av villrein og forvilla tamrein, atter var i sterk vekst. Lensmannen hadde sjølv drive med tamrein. For denne drifta var villreinen den største fienden, større enn ulven, fordi dei tok med seg tamreinane og stakk av til nye område. Ohnstad omtala vidare situasjonen i 1916 knytt til to jaktfelt. I det første området som er mellom Bergensbanen og Aurlandsføret, var det for tida lite dyr, blant anna på grunn av den nye jarnbana som stengde trekkvegen mot Hardangervidda. Det andre området som går mellom Borgund- og Hemsedalsdalføret på ei side, og Aurlands- og øvre del av Holsdalføret på den andre hadde bra med rein, og det vart årleg felt fleire hundre dyr. Lensmannen meinte at det vart felt 390 dyr i området, som og omfatta nabokommunar. I tillegg meinte han at 60 dyr kreperte etter skadeskyting. Han skildra jakta som nokså nådelaus, reinsflokkane vart omringa, og så fyrte dei laus så lenge det var von om å treffa eit dyr. Viss dette heldt fram, ville heile villreinstamma raskt vera utrydda. Reinane var lette å fella, dei bar preg av å vera halvville og ikkje slik som i gamledagar då reinen sprang over alle haugar berre på grunn av skriket frå ein ramn eller ein skrattande rypestegg. Lensmannen utelukka ikkje at det kunne vera grunnlag for noko tamreindrift også i framtida. Men han åtvara mot å øydeleggja villreinstamma. Difor rådde han på det sterkaste til at det vart innført fellingskvotar og jaktoppsyn. Han gjekk i mot at jakttida vart utvida, 8. til 21. september ville vera den beste perioden.

Amtmannen sin merknader

Amtmann Christensen festa lit til lensmann Ohnstad sine merknader, og skreiv rett ut at det ville bera rett til Bloksberg om ein slepte allting laust med omsyn til våpen og jakttid.

Bruun sine merknader

Bruun meinte det var uproblematisk med utvida jakttid. Ein kunne regulera det heile med å berekna kor stor villreinstamma var, og så fastsetja kvotar utfrå dette. Det heile kunne passast på av jaktoppsyn. Alt i alt ville dette ivareta grunneigarane sine interesser og gje inntekter til bygdene. Kaliber og siktemiddel ville han ikkje ha restriksjonar på, han ville opna for det dei kalla finkalibra sportsvåpen.

Aurland kommune sitt syn

Aurland herredstyre (Kommunestyret) handsama saka og uttrykte seg i store ord; Norske høgfjell utan villrein ville vera eit stort minus i Noregs herlegdom. Å satsa på tamrein lagt til eit avgrensa område etter avtale mellom Aurland, Lærdal, Borgund, Ål, Hol og Hemsedal ville vera like urealistisk som å etablera eit sameint Europa. Dei åtvara om å sleppa til for mange sportsjegarar, reinsjakta på høgfjellet skulle først og fremst realisera bøndene sine lysaste draumar. Dei åtvara og mot å etblera eit eller anna offenteleg vesen til å styra reinsjakta. Aurlendingane er ikkje forbrytarar, og eit jaktoppsyn kunne gjerne koma sjølv om dei hadde lita tru på at det blei effektivt. Det beste oppsynet ville vera at jegrane heldt kvarandre litt i øyrene, og at den vanlege norske misunninga fungerte.  Heilt konkret rådde dei til at ingen jeger kunne fella meir enn 2 dyr, rett nok slik at eit jaktlag samla kunne fella tilsvarande 2 dyr pr. jeger. Staten måtte betala for jaktoppsyn, våpenbruken skulle vera fri og jakta skulle gå føre seg i tida 8. til 23. september.

Knut Berg sine merknader

Knut Berg frå Sokna kommenterte framlegga frå Bruun. Han gjekk sterkt i mot utvida jakttid og fri bruk av våpen, som han sa var direkte inhumant. At Bruun tala bøndene si sak, karakteriserta han som rein bløff, det var sportsjegrane si sak han tala.

Generalkonsul Hugo Mowinchel sine merknader

Mowinchel, med adresse Vestre Aker, peika på at strengare våpenreglar hadde gjort det lettare å vera villrein, slik måtte det vera også i framtida. Dei finkalibra våpena var reine mordarvåpen som ikkje måtte nyttast. Villreinen måtte ha fred før paringstida, difor var jakttida frå 1. til 15. september best. Då er og kjøtet best, og veret mest lagleg for jegrane.

Framlegg frå Kristians amt

Kristians Amt (noverande Oppland fylke)  sende framlegg om å totalfreda villreinen i 5 år

Saka utsett

Amtstinget (fylkestinget) utsette heile saka og bad om å få fråsegner frå kommunane. Slik enda saka i 1916.

(Utdrag frå:  Nordre Bergenhus Amtstings Forhandlinger Aaret 1916 – ved Noralv Distad som har gjort tekstutval og omforma språket frå riksmål til nynorsk).

Bilete er illustrasjonsbilete frå tidl. Lokalhistorisk senter i Aurland

Tips ein ven Skriv ut

http://www.aurland.kommune.no/reinsjakt-i-aurland-for-100-150-aar-sidan.5935904-155908.html

Eit vegskilje for årboki Villreinen…?

juni 6, 2016

Siste nummer av årboki, Villreinen 2016, inneheld ein del interessant stoff, men og ein del som eg tykkjer er litt mindre interessant.

Ei bra problemstilling i boki er dette: For Villreinen sliter med salgstallene. Et snitt på 4371 solgte eksemplarer årlig i perioden 2002 – 2015 er alt for svakt. Spørsmålet er: Hva er årsaken til salgssvikten og den labre interessen?

Personleg har eg ikkje noko formeining om at 4371 selde eksemplar er dårleg, umiddelbart tenkte eg derimot at det var eit brukbart resultat for ei årbok om eg trur først og fremst har grunneigarar og jegerar til målgruppe. Og det er akkurat her eg føler at problemet ligg.  Eg meiner at årboki Villreinen i litt for stor grad henvender seg kun til desse to gruppene  der eg har inntrykk av at pengar, trofe, kjøt og jaktopplevelse står i høgsetet, medan lesargruppa ideelt sett burde vore noko breiare samansett. 

At årboki først og fremst henvender seg til denne relativt snevre målgruppa, les eg mellom anna ut fra det redaktøren skriv vidare: Er det utgiveren (Villreinrådet) og undertegnede som gjør en slett jobb? Bør jeg takke for meg, slik at Villreinrådet kan ansette en ny  redaktør som kanskje greier «å løse floken» En redaktør som makter å overbevise villreinjegerne om at de gjør lurt i å betale en hundrelapp ekstra i året, slik at de i ledige stunder kan kose seg med – eller bli forbanna på årboka? 

Her slær redaktøren fast at villreinjegerane er den eine målgruppa. Viss me les vidare, får me vita at grunneigarane i tillegg er den andre målgruppa:  For, det er engasjement vi trenger. Eller er aktuelle saker om villrein og villreinforvaltning av generelt liten interesse for jegere og grunneiere? Er det bare jakta som teller for jegerne og kroner for grunneiere? Det aller siste spørsmålet redaktøren stiller er dessuten eit svært godt spørsmål.

Slik eg ser det, har  årboki Villreinen og Villreinrådet kun i liten grad makta å oppfylla oppfordringi frå professor Reidar Andersen ved Norsk institutt for naturforskning, sentral i prosjektet Villrein og Samfunn (ViSa), ei rådgivende gruppe av forskarar, miljøorganisasjoner og brukere. Han uttalte i 2013 – altso for tretten år sidan: Vi skal ikke ta vare på fjellrein bare for jegere. Nå må vi løfte forvaltningen av villreinen vekk fra denne lille «menighetens» interesser, og gjøre dyret som er Europas eldste kulturbærer til et felles samfunnsansvar.  Om Villreinrådet er einig i denne uttalelsen veit eg ikkje, men eg trudde vel egentleg det. Kanskje rådet ogso har jobba mot noko slikt, det vil eg i utgangspunktet i alle fall tru at dei har gjort.

Professor Andersen var nokso tydeleg då han uttalte seg i 2013: Reinjegerne må i framtida få mindre innflytelse. Det er folk flest som har førsterett til villreinen, ikke en enkelt gruppes interesser. Det er avgjørende at vi slutter å forvalte den siste villreinen vurdert ut fra gruppeinteresser, og med utgangspunkt i den ene arten. I stedet må vi begynne å ta vare på villreinen ut fra en helhetstenkning om økologi og samfunn.  Viss nokon  mot formodning ikkje har fått dette med seg, so står det litt meir å lesa i forskning.no. Kanskje desse uttalelsane er eit resultat av forelda forskning? Det veit eg i tilfelle ikkje noko om, har heller ikkje lese noko frå Villreinrådet der dei klårt og tydeleg erklærer seg ueinige i professor Andersen sine uttalelsar. Skulle ein ynskja å lesa meir om dette, vil eg anbefala NINA Temahefte 27 Villrein & Samfunn. En veiledning til bevaring og bruk av Europas siste villreinfjell.

Eg har sjølvsagt ikkje grunnlag for å koma med lause påstandar om at dagens villreinforskning er påverka av særinteresser, at den er «kjøpt og betalt» på nokon måte. Men eg har enno ikkje sett mange forskarar som kjem i same klasse som salige Terje Skogland . Det har vore gitt ut mange bøker og praktbøker om villrein dei seinare åri, men ingen har enno nådd opp til nivået hans i : Villrein – fra urinnvåner til miljøbarometer. Det var trist at Terje gjekk bort so tidleg.

 

 

 

.

 

 

Reinsdyrgevir – eldre – frå Jostedalen

april 28, 2016

Fossen bru fiskehus 005

For tidi er det ikkje villrein i Jostedalen.

Det vart gjort eit mislukka forsøk på utsetjing i 1997. Eit nyare reetableringsprosjekt vartt diverre/heldigvis stogga av Luster kommune i 2011.

Fleire hundre rein sporlaust vekke… ?

april 26, 2016

Eg må tilstå at eg vart overraska då eg las dette.

Noko formell utdannining eller kompetanse om villrein har eg ikkje. Villrein vert og  kalla fjellrein  og  tundrarein, og det vitskaplege namnet er Rangifer tarandus tarandus.

Kjært barn har mange namn, og den rimelege forklaringi på kva som har skjedd meiner eg ligg i eit anna namn på dette dyret: Fjellets nomade. Villreinen lever som ein nomade. Sjølv har eg sett villrein ved Styggevatnet/Austdalsvatnet i Jostedalen som har vore merka som tamrein av eigarar frå Lom, og eg vil tru at rein kan vandra relativt lett over mykje lengre stekningar.

Journalisten i Sogn Avis dreg fram sjukdom, jerv og andre rovdyr, hjernemakk, parasittar, hudbrems, ein tøff vinter, sørpesnø – det er heilt naturleg at ei avis jobbar slik i jakti på dramatiske overskrifter. I farten kunne eg ikkje sjå at nedising av beite, snøras og drukning på islagde fjellvatn var nemnt. Og sjølvsagt kan ein ikkje sjå heilt bort frå at noko av dette kan vera medvirkande årsaker.

Det skal bli interessant å sjå nedgangen i villreinstammene i Vest-Jotunheimen og Årdal/Lærdal i samanheng med villreinteljingane i tilgrensande område som Ottadalen Sør og  Nordfjella. Ei slik samanlikning har eg ikkje gjort, men kanskje andre vil gjera det.

«Katastrofemeldingar» tidlegare år om nedgang i villreinstamma i Vest-Jotunheimen har  i alle fall hatt ein påfallande samanheng med rapportar om auke i villreinstamma i Ottadalen Sør.

Villrein uten villmark

april 21, 2015

http://tv.nrk.no/serie/ut-i-naturen/FROG01000694/06-10-1994

Eit godt program om villrein, kraftutbygging, turisme og vegbygging.

Innavl kan ta livet av villreinen på Vestlandet

mars 24, 2015

http://www.nrk.no/sognogfjordane/innavl-kan-ta-livet-av-villreinen-pa-vestlandet-1.12278131

Villrein på Nrk i kveld, 19.45

mars 24, 2015

nrk

http://www.nrk.no/sognogfjordane/har-folgt-truga-villrein-i-over-tre-ar-1.12276787

Villreinobservasjonar

juli 12, 2014

Ein av dei som jobbar på Ice Troll fortalde at han hadde sett sju reinar på breen ved Austdalsvatnet.

Han eies fortel at han såg lort på snøen nordvest for Handspiki. Han trudde et kunne vera tre – fem reinar.

Det skal og ha vore sett rein i Sprongdalen.

Ved 1365-vatnet nord for Holmevatnet skal ein bukk ha kome symjande og gått i land på isen.