Hallvard Horpen (ny)

januar 27, 2017

Desse bildi skal vera av Hallvard Horpen, og eg fann dei ved å søkja på Google.

Teksten til det nedste bildet – som skal vera frå Fylkesarkivet: «Halvar Horpen sliper ljå med vassdriven slipestein. Prospektkort merka 12-3-29 Jostedalen – Sogn.»

Eg møtte han aldri. Eit fortal om han som gjorde sterkt og varig inntrykk på meg, er om lag slik: Då Styggevassdammen og vegen dit var ferdig, vart han tilbydd bilskyss slik at han kunne få sjå att staden som han var så glad i. Dette var etter at han var vorten eldre og dårlegare til beins. Men han sa nei, takk. Ingen skulle få han opp dit. Han ville beholda minnet av Styggevassosen og området kring slik han hugsa det frå han var yngre og sprekare.

I “LUSTRAFJELL – om fjell og fjellfolk i Luster” har Peder K. eit interessant og velforma intervju med Hallvard Horpen. Det kan gjerne lesast fleire gonger!

Det burde vore skrive ei heil bok om Hallvard Horpen.

Å sjå på rein med berre eitt auga

Peder K. skriv at Hallvard hadde eit underfundig språk. Noko av forklaringa ligg truleg i bruk av ironi og språklege bilete eller metaforar. Eg vågar påstå at ein del av dette er mykje det same som i norrøn skaldedikting vart kalla kenning. Eg har høyrt gode forteljarar også i dag som kan bruka dette verkemiddelet. Døme: I staden for snø kan dei seia den kvite mann(en).

Sverre F. fortalde om ein gong han og Hallvard tilfeldigvis hadde sett nokre reinsbukkar i Martadalen. Dette var ein vanleg fjelltur, så det vart med at dei fekk nyta synet av dei gilde bukkane. Ei god stund seinare trefte han att Hallvard, og praten kom inn på reinsbukkane og om han visste meir om dei. Jau, sa Hallvard, han hadde vore oppe att og sett på reinane. Første gongen hadde han sett på dei med to auge, men andre gongen hadde han brukt berre eitt.

Noko særleg meir vart det ikkje sagt om dette temaet, men Sverre forstod med ein gong kva som hadde skjedd. Det gjorde ikkje eg – kva med lesarane av bloggen, kva hadde skjedd?

Å få fisken til å bita

Når du fiskar med makk skal du tre ein 25-øring inn på snøret før du knyter på ongelen. Mynten skjenar att og fram i vatnet og lokkar fisken til å bita på makken. Skal han Hallvard ha fortalt.

Eg lova å ikkje fortelja dette knepet vidare, så no får nok ikkje eg så mykje fisk meir! Men så er det ikkje så lett å finna 25-øringar lenger heller.

Det er skrive litt om Hallvard Horpen i bøker og hefter: Peder Kjærvik har eit lesverdig portrett i praktboki «LUSTRAFJELL – om fjell og fjellfolk i Luster». I Øystein Mølmen: «Ottadalsreinen  Fra pil og bue til lasso og gevær» har Bjørn Dalen skrive om Horpen i kapittelet «Geværjakta på villrein fram til 1925». Her er Hallvard Horpen nemnt sammen med andre gamle jegerar i Ottadalsområdet: Johan Alnæs, Svein Kvitingen og Ole Knivsflå.

Horpen jakta og mykje i lag med Nils Bjønnheim – fugl og anna vilt. Skal prøva å finna meir om dette.

Andre fangstminne Styggevatnet/Austdalsvatnet

januar 24, 2017

Nokre andre fangstminne ved Styggevatnet og Austdalsvatnet som er registrerte i «ARKEOLOGISKE RAPPORTER 10» UIB.

Fire dyregraver var lagde under vatn ved utbyggingi. To vart undersøkte. Den eine vart datert til å ha hatt ei brukstid frå år 0 til 600 e.Kr.

«Styggevasshelleren» – buplass ved Styggevatnet

januar 24, 2017

Styggevasshelleren låg på nordsida av gamle Styggevatnet. «Omtrent 1km øst for eidet mot Austdalsvatn, 10 m nordafor og 2,5 m høyere enn Styggevatnet, … » Etter utbyggingi er den no neddemd.

Dei arkeologiske utgravingane og undersøkelsane er grundig dokumenterte i «ARKEOLOGISKE RAPPORTER 10″ UIB – 23 sider i rapporten omhandlar kun denne eine buplassen.» Lokaliteten brakte for dagen 12.000 artefakter med en vekt på ca 16,5 kilo.»

Styggevasshelleren har truleg vore brukt i lengre tid enn buplassen Hella. Den kan ha vorte teken i bruk for 7500 år sidan – og det yngste forhistoriske funnet er » en rekke skår av spannformet keramikk. De skriver seg tydeligvis fra to forskjellige kar, begge av samme type og uten dekor.» Denne typen leirkar kan vera frå kring 400-talet etter Kristus.

Mykje tyder på at denne helleren seinare har vore brukt ogso opp mot vår eiga tid. Men jernfragmenta som vart funne var udaterbare, skreiv Randers, og dei treng soleis ikkje nødvendigvis vera frå forhistorisk tid.

«Hella» – buplass ved Austdalsvatnet

januar 24, 2017

Dette er ein av dei to største buplassane som vart sett under vatn ved utbyggingi. Derfor vart det gjort ei grundig utgraving og registrering. Tek derfor berre med litt av det som vart skrive i «Arkeologiske Rapporter 10» UIB.

«Lokaliteten ligger på østsiden og 1200 – 1300 meter sønnafor Austdalsvatnets nordende. på et flatt bergplatå. Fra platåets vestgrense går det bratt 2 meter ned mot neste avsats. Denne løper  7 m videre mot vest før den faller og når vannflaten 3,5 m ned.»

Ut frå det arkeologane fann (mikroflekker mm.), vart denne buplassen teken i bruk for om lag 7000 år sidan. Desse funni ser me på figur 13.

På figur 14 ser me funn frå vel 5000 år sidan og fram mot for ca 3500 år sidan. (Dette med forbehold om at eg har tolka den skrivne teksten rett.)

Skomakarutstyret stammar frå tidi like før 1920 då Andreas Horpen hadde eit lite skomakarverkstad i Hella der han reparerte ingeniørane sine sko då desse dreiv med geografiske oppmålingar og kartfesting i dette området


Interessant er og funn av beinfragment av laks og sei (“sei og laksetype”) – altso saltvannsfiskar. Dette kan vera turka fisk som steinalderjegerane kan ha hatt med seg frå Nordfjord – der desse jegerane truleg kom frå.

Fangstminne i området meom Austdalsvatnet og Kupevatnet

januar 22, 2017

Her skal det visstnok finnast ein del, men eg har ikkje funne mykje enno.

Under den store steinen på bildet øvst til venstre er det nok ein overnattingsstad. Steinane på det nedste bildet er truleg eit delvis naturskapt bogastille. Det øvste av dei to småe bildi er muligens eit bogastille. På det nedste av dei to småe bildi ser me nokre utlagde heller – men desse vart truleg lagt slik då brakkeriggen stod her under utbyggingi.

 

Overnattingsstad ved Austdalsvatnet

januar 22, 2017

Dette herberget ligg aust for Austdalsvatnet. Legg merke til den vesle karakteristiske steinen eller varden oppå steinen. Dette trur eg var ein måte å merkja overnattingsstadene slik at dei skulle vera lette å finna att for steinalderjegerane og seinare jegerar. Dette er er truleg helleren som «Arkeologiske rapporter» frå UIB vert kalla lokalitet J6.

I rapport nr 3 skriv Mons Kvamme og Kjersti Randers: «J6 Austdalsvatn  6 1418 I ca.168/523 Heller Beliggenhet og beskrivelse: Helleren ligger ca. 300 m SØ for reg.nr. 1 «Hella», S for reg.nr. 3 «Høgaloftet» og noe høyere i terrenget enn denne. Steinblokk med overheng mot N, noe mur-rester ved åpningen. Inne i helleren bare mose og lav. Plass til en person.»

I rapport nr 10 skriv  Kjersti Randers om J6 sammen med fire andre lokalitetar: «Lokalitet J-4, J-5, J-6, J-7  og J-8  Foruten prøvestikk ble lokalitetene J-4 og J-5 testgravet med henblikk på bosettingsspor av forhistorisk karakter. Verken disse eller de andre tre ga funn overhodet. Deres fellestrekk er leier av reinslag og mose, rester av murte lé-vegger eed åpningen samt gjene en liten varde eller merkestein på toppen av blokken. De er alle små og trange. Med unntk av J-8, som kan romme et par personer, har de øvrige knapt plass for en. Det dreier seg utvilsomt om sporadiske ly- og overnattingssteder.»

 

 

Overnattingsstad ved Styggevatnet

januar 21, 2017

Eg meiner at det var onsdag 5.august 2009 at eg brått dumpa borti denne overnattingsstaden – såg og nokre reinsbukkar denne dagen. Eg har ikkje lese om dette herberget i «Arkeologiske Rapporter» UIB, har heller ikkje høyrt lokalkjende folk fortelja meg om denne plassen. Men det kunne kanskje sjå ut som om at overnattingsstaden ogso hadde vore brukt i nyare tid. Kor godt skjerma ein er for regn her veit eg heller ikkje. Men i godt ver er det nok ein fin stad å vera om natti.

Overnattingstad ved Holmevatnet

januar 18, 2017

Dette herberget ligg vel 100 meter nordaust for  hytta Holmevassbu,  like nord for vegen når ein går frå Holmevatnet mot Martadalen.

Vond finger – etter 4 månader

januar 13, 2017

fingen-12-01-2017-002

Dette er maksimal bevegelse ved krumming av peikefingeren, 4 månader etter skaden. Greier å spela enkle songar på fela.

Men grepkombinasjonar der eg held veslefingeren på ein streng mens eg bevegar – og spelar tonar med peikefingeren  – greier eg ikkje , og det må eg greia viss eg skal spela hardingfeleslåttar.

😦

 

Kviss og adventskalendar

desember 12, 2016

reinsdyrpolse-001

Eg har no i adventstidi lagt ut nokre bilde av fangstminne frå den tidi då det var villrein i Jostedalsfjelli. Somme tykkjer dette er interessant –  men det ville forundra meg mykje om ikkje nokre irriterer seg . Men det går heilt  greitt. Etter tips frå ein kamerat gjer eg no dette om til ein slags adventskalendar. I tillegg vert det ein kviss der folk kan koma med forslag om kva stad i fjelli her eg kjem til å leggja ut bilde frå, på julafta. Den som først legg ut rett svar på facebooksida mi får pylsa – kun eitt forslag pr. person.

Eg har so nøyaktig som eg kan lagt ut bilde som eg har på bloggen min av fangstminne frå Gaupne og gradvis framover langs Jostedals-dalføret – frå Jostedalsfjelli. Dette vil eg fortsetja med.

Altso frå kvar i Jostedalsfjelli er bildet som vert lagt ut julafta…. ?

Viss reglane er uklare ber eg om beskjed snarast.