I dag er det visstnok siste frist for å senda utalelsar til NVE. Nedanfor kan de lesa kva eg har skrive. I demokratiets namn er det viktig at alle moment kjem fram, og både motstandarar og tilhengjarar bør syta for at NVE får alle argument.
Nokre merknader i høve Statkraft sine utbyggingsplanar i Jostedalen
Eg er kjend med at Statkraft har søkt om konsesjon, mellom anna på det som vert kalla “Vestsideelvane” i Jostedalen. Dersom NVE instiller på ei positiv tilråding til denne søknaden, er det ein del manglar og oppryddingsarbeid etter den førre utbyggingi på 80-talet. Dette må det etter mitt syn ordnast opp i før det kan bli aktuelt med noko “Vestside-utbygging”. Eg ber ogso NVE vurdera om ikkje dette arbeidet må utførast uansett.
Ein del av dette har eg skrive om på bloggen min: Breheimen-Jostedal Villrein Blog: https://eies.wordpress.com/
Nedanfor vil eg peika på ein del arbeid som eg meiner Statkraft må utføra og reparera før Statkraft kan søkja om konsesjon for ei ny utbygging.
Steinbrotet ved Styggevasshytta. Etter det bygdafolk og andre fortel, er dette steinbrotet ikkje i samsvar med konsesjonsvilkåra den gongen, men ei det naudløysing som utbyggjaren gjorde på 80-talet – i strid med vilkåra. Steinbrotet er visuelt stygt, og farleg for dei som brukar turstien like over brotet, særleg seinhaustes når når det er is på stien over steinbrotet. For fleire opplysningar og foto, sjå bloggen: https://eies.wordpress.com/2009/07/20/steinbrotet-ved-styggevatnet/
Viva-tjønni. Denne tjønni hadde før utbyggingi ein høgre vannstand enn ho fekk etter utbyggingi. Dette ser ein på vegetasjons-sonene langs kanten av tjønni. I tilleggg har tjønni i turkeperiodar hatt ekstremt låg vasstand. I turkeperiodar er tjønni eit skjemmande sår i landskapet. Viva-tjønni er til vanleg ein trygg stad for småbarnsforeldre og andre som vil bruka staden til bading, fisking mm. Resten av vassdraget er stort sett ueigna til å la ungar vera åleine pga vassmengda, farten og temperaturen i vatnet. Fleire opplysningar og bilete her: https://eies.wordpress.com/2010/08/21/viva-tj%c3%b8nni-eit-trist-syn/
“Sørgjerender”. Ved ein del større og mindre vatn som leverer vatn til straumproduksjonen, er vasstanden senka i høve den opprinnelege. Dette gjeld Sandhaugedalsvatnet, Geisdalsvatnet, Tjørn i Vetle Sprongdalen, kanskje fleire vatn/tjørner – mellom anna i Smådalane (Desse siste har eg diverre ikkje foto frå.) Slik eg ser det er bekkeinntaka slik dei er plasserte nedanfor Holmevatnet og Båtedalsvatnet mykje mindre skjemmande inngrep. Det er difor uforståeleg at det skal vera nødvendig med desse “sørgjerendene”, https://eies.wordpress.com/2007/04/22/s%c3%b8rgjerender-i-sandhaugedalsvatn-og-geisdalvatn/
Eg tykkjer uansett at Statkraft skal rydda opp i dei forholda eg har peika på her. Difor ber eg NVE vurdera om ikkje dette er rimelege krav. Sameleis at søppel som ligg att i fjella etter den forrige utbygginga vert fjerna. Her tenkjer eg mellom anna på plastslangar og anna søppel som ligg att langs Styggevatnet/Austdalsvatnet, sjølv om det kan sjå ut som om at Statkraft har fjerna ein del av dette dei siste åra, spesielt ved Austdalsvatnet.
Alt dette skal etter det eg veit vera kjende saker for Statkraft.