Re-etablering av villreinstamma i Jostedal austfjell

oddvin-fossoy-reetablering-villrein-001

RE-ETABLERING  AV  VILLREINSTAMMA  I   JOSTEDAL  AUSTFJELL

På oppmoding, ber Jostedal bygdalag Luster kommunestyre restarte arbeidet med etablering av ny villreinstamme i Jostedal austfjell, adressert til fylkesmannen, som skissert av staten i forskrift til vernearbeidet. Bygdalaget har fått opplyst at Luster kommune ikkje har nokon økonomiske plikter i dette prosjektet, som fullt ut er under ansvar for staten og prosjektgruppa. I det høve minner ein om at fagansvarleg konsulent uttaler i fagrapporten at han ser ingen problemer verken med økonomi eller leveransar !

Grunngjeving: Det finst mange,  fleire tusen år gamle minner, om gamal fangstkultur i fjellområda i Jostedalen, som vitnar om harde levekår for folk som dreiv denne «sporten» i dei barske fjella.  Ein finn fangstanlegg som ledegjerde, dyregraver og bogastille der fanging av villrein var føremålet. Ein kan vanskeleg sette seg inn i korleis desse folka opplevde dette, men det var eit «tilbod» om å overleve ved hjelp av ressursane i fjellet. Oftast fann dei ei steinhole eller ein hiller til «Herberge» i området. Dette var einaste tilbodet som vern mot kalde haust- og vinterneter, og oftast berre  i dei kleda jegaren sto og gjekk i. Mykje av dette er godt dokumentert for ettertida av dei no pensjonerte jostedalslærarane Einar Ese og Sverre Fossen. Ei stor takk til dei for ein ueigennyttig innsats i dette arbeidet !

Mot dette bakteppet var det ikkje overraskande at staten sine representantar tok inn i verne-forskrifta for fjella Reinheimen/Breheimen mellom Jostedalen, Skjåk og Mørkrid at vernetiltaket skulle generere utsetting av ei ny villreinstamme i desse fjella – som eit avbøtande tiltak i samband med verninga. Prosjektet vart initiert frå fylkesmannsembete, med Hermund Mjeldestad, fylkesmannen sin representant som prosjektleiar. Dei andre medlemmane i prosjektet vart oppnemnde frå Luster kommune.

Gruppa jobba både snøgt og seriøst med prosjektet, inntil fagrapporten frå konsulentselskapet låg på bordet. Då tok frustrasjonen i gruppa overhand og dei avlyste for all framtid vidareføring av prosjektet. Dette med påminning om mislukka utsettinga av rein i dette området ein del år tidlegare,  samt at rapporten tilrådde inngjerding og foring av reinen i ein nærare avgrensa periode.

Med dagens kunnskap er det ikkje til å undrast over dette vedtaket, men mykje talar for at den same gruppa i dag ville ha teke eit heilt anna standpunkt. Ein tenkjer her på tilbodet om moderne GPS-teknologi, der ein enkelt person kan overvake alle rørslene til reinen heile døgnet frå minutt til minutt, frå PC-en på skrivebordet. Dessutan er det kome tilbod om rask og billig helikopterteneste, om det skulle oppstå behov for å samle inn att forvilla rein. Og, i sin ytterste konsekvens kan ein montere utstyr for ubehagelege signal hos reinen, om han rører seg  utanfor ønska område. Jfr. geiteflokken inne ved Bergen, som me såg på TV for ikkje lenge sidan.

Etter det ein kjenner til hadde prosjektgruppa ikkje dekning i fullmakt frå gåvegjevar eller gåvemottakar til å avslutte prosjektet utan fullføring. Vedtaket må difor ha status som førebels  stopp. Dette betyr likevel ikkje noko for saka, då ein forstår det slik at kommunestyret sjølvsagt står heilt fritt til å gjere kva vedtak dei vil. Dette er viktig for saka!

Bygdalaget har ikkje kunnskap om innhaldet i dei ulike partiprogramma for kommunen, det gleder ein difor mykje å ha fått kunnskap om at kommunen sitt nest største parti-Arbeidarpartiet – har programfesta politisk støtte til villreinprosjektet. Me håpar at dei andre politiske partia i kommunen er like positive til prosjektet, sjølv om dette ikkje kjem til uttrykk i partiprogramma. Ein minner her om at det utvilsomt vil gjere denne delen av kommunen meir attraktiv for potensielle innflyttarar. Noko som ein meiner bør ha politisk  interesse. Ein tenkjer her på jegerar som får billige fellingsløyver for villrein, fotointeresserte som finn glede i å feste opplevingar til fotorullen, og ikkje minst alle dei som berre ønskjer å sjå denne fjellets «kardinal» utfolde seg i sitt rette og naturlege element.

Eventuell meir presis kunnskap kommunestyret måtte trenge for å gjere sitt vedtak, kan skaffast fram på minst to måtar. Bygdalaget seg fullt ut til disposisjon for rask framskaffing av ønskjelege opplysningar. Alternativt kan kommunestyret oppnemner eit hurtigarbeidande fagutval, som etter nærare oppgjeven frist legg eit grunngjeve framlegg fram for politikarane – som grunnlag for vedtak i kommunestyret. Det vil vere ein stor tryggleik i arbeidet om aktuelle organisasjonar får høve til å gje kommentar til eventuelle innspel.

Ein kan ikkje sjå eit einaste negativt sakleg argument mot gjennomføring av dette tiltaket for kommunen. Til slutt vil ein difor ta med ei hyggeleg og sann historie til ettertanke: Ein tenkjer på slepping av eit lite tal rein i Stordalen i førre århundre,  eit vakkert og venleg fjellområde mellom Fåbergstølen og Handspiki – med tilhøyrande fjellområde.

I eit ukjent årstal, kanskje like etter midten av 1900-talet, vart eit lite tal rein sett ut på Fåbergstølen, dette samt utbetaling av kjøpesum for reinen var einaste tiltaket. Forbausande fort vart reinen jaktbar og til stor undring for grunneigarane var reinen i utruleg god kondisjon. Einaste ankepunktet mot jakta var at den var dyr for jegarane, for viltoppsynet kravde inn ei ikkje ubetydeleg avgift for kvart dyr som vart felt, noko som gjekk til nedbetaling på kjøpesummen for reinen.

Diverre vart den flotte reinflokken, kanskje 30 – 50 dyr, inndriven og slakta av Lom tamreinlag i 1977/1978, under påskotet «umerka tamrein». Gudbrandsdal herredsrett etterforska saka, men fann det ikkje prova at tamreinlaget hadde gjort noko ulovleg. Ein som var med og jakta på denne reinen fram til 1976 lever den dag i dag i beste velgåande på Gaupne omsorgsenter. Han heiter Leiv Fåberg og var tidlegare grunneigar med jaktrett i Stordalen. Han seiest å ha sine fulle kognitive funksjonar i behold, og – om han vil – kan han gje utfyllande opplysningar i saka.

Til slutt – fylkesmannen kan ikkje sjå vekk frå at einkelte i prosjektgruppa ønskjer å fratre funksjonen, då gjeld det å ha namn på blokka til innspel hos fylkesmannen. Bygdalaget er i arbeid med innsamling av aktuelle namn. Dessutan arbeider bygdalaget med på peike ut personar som skal ta seg av og avklare eventuelle spørsmål frå kommunestyregruppa.

Ein ser fram til eit godt og konstruktivt samarbeid i saka, og høyrer so raskt som mogeleg frå politikarane. Bygdalaget  ønskjer dei folkevalde eit godt nytt arbeidsår !

 

Jostedalen, 22. januar 2017.

Med venleg helsing

For Jostedal bygdalag

 

Aud Fossøy (leiar) sign.

 

PS! Initiativet til oppattstarting av villreinprosjektet i Jostedal austfjell kom frå

pensjonert lærar Einar Ese (også prosjektmedlem) og pensjonert personalkonsulent

Oddvin Fossøy, etter innspel frå medlemmar i Jostedal bygdalag, Jostedal historielag og Luster Jakt- og Fiskelag. Tiltaket har samla uvanleg sterk og brei støtte i Jostedalen.

 

Med helsing                                                                                  Med helsing

Einar Ese – sign.                                                                           Oddvin Fossøy – sign.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: