Svartor

desember 1, 2016

Har dreia ei liti skål i svartor. Emnet til denne kjem frå Balestrand, og er teke på ein stad i trestamma der det har vokse ut riknutar (Jostedalen), klaotre (Balestrand, Voss, Hardanger) – meir offisielle betegnelsar er risknutar eller rirkuler.

Svartor er eit interessant materiale. Det kan ha gode akkustiske eigenskapar og har vore brukt i mellom anna hardingfeler og gitarar.

Svartor har og vorte kalla nordens mahogny.

Knivsliping

november 25, 2016

https://www.skarpekniver.com/kniv-info/

Villreinjakti i 2015, Reinheimen-Breheimen

november 14, 2016

Vondt i fingen – etter ca 2 mnd.

november 13, 2016

Det har no gått ca 2 mnd sidan eg skadde peikefingen på venstre håndi.

Det store bildet viser kor mykje eg greier å bøya fingen viss eg: 1.) Masserer med olje 2.) Varmar fingen med hårfønar 3.) Hjelper til å bøya fingen med høgre håndi.

Det nederste bildet til høgre viser kor mykje eg greier å bøya fingen uten oppvarming.

Det øverste bildet til høgre viser kor mykje eg greier å bøya fingen etter at eg har massert med olje + varma opp fingen med hårfønar – men uten å hjelpa til med den høgre håndi.

 

 

 

Det er håpløst og vi gir oss ikke (Jan Erik Vold)

november 8, 2016

I forrige veke ville eg ta ein tur til Holmevatnet. Like nedafor Sætrehaug stod bilen fast, me kom ikkje lenger. Det er vel eit faktum at somme har bedre vurderingsevne enn andre – når det gjeld bilkøyring i alle fall. Kva skulle eg gjera. Hjulspori var speilblanke, og å rygga var vanskeleg. Oppbremsing resulterte berre i at bilen sklei nærmast som ein kjelke, sjølv om han som regel stogga uti laussnøen etter kvart.

Ja, kva skulle eg gjera. Som ein av dei gode, gamle indremisjons-predikantane sa det: “Då rann det meg i hug desse ordi.” Ikkje frå Bøkenes Bok denne gongen – men frå han Joep N. i pipeklubben. Ein gong køyrde han seg bom fast uti ei elv og bilen kom seg verken fram eller attende. Kva skulle han gjera? Jau han laga seg ei god pipestappe og tende fyr. Slik sat han ei stund – om han sa at han tenkte, det hugsar eg ikkje, men eventuelle bekymringar og angst for framtidi plar i alle fall å forsvinna eller i det minste avta i ein slik situasjon, det veit me. Og etter ei stund – so fekk han bilen laus, og han kunne køyra vidare.

Det same gjorde eg. Og under over alle under: Eg fekk snudd bilen, og me køyrde pent og forsiktig ned og heim att.

Observante lesarar bør ikkje hengja seg altfor mykje opp i datoen på bildi. Og for å unngå misforståelsar: Bibelen er truleg den viktigaste boki me har, og bibelsoga var eit fag  som interesserte meg i barneskulen. Men “kyrkjesoga” eller “kristendomslære” eller kva det faget no heitte – det forstod eg ikkje mykje av. Ikkje likte eg det heller.

 

Området ved vegkrysset mellom vegen til Mjølversgardane og vegen til Nigardsbrevatnet – utbetringsarbeid

oktober 25, 2016

Det  vert gjort mykje godt arbeid her i desse dagar. Vegbana vert heva ved at det vert køyrt på god masse som vert henta utanfrå dalen, heilt sikkert i samarbeid med vernestyresmaktene. Til våren skal det leggjast fast dekke, og  om vegaskråningane då vert noko høge so får me tru det går bra og at bilar ikkje køyrer utfor. Sjølve brui skal det ikkje gjerast noko med i denne omgangen, sjølv om det vel må seiast at ho er noko smal. Ho ligg og på solide jernbjelkar og skal tola eit akseltrykk på 10 tonn. Det er og lagt ned to store røyr som skal ta unna vatnet som renn ned ved kvernhuset.

Kvernhuset på Nigardsgrandane

oktober 25, 2016

Det er vel Jostedal historielag som har ansvar og vedlikehold av kvernhuset – det er nok ikkje so lite arbeid. Dei har og ordna i stand renna som skal føra vatnet inn til kverni. Bra, dette ser triveleg ut.

Farleg sving

oktober 25, 2016

Eg har høyrt at godt vaksne  har fortalt at dei har køyrt i 80-90 gjennom denne svingen. Viss ein slik bilførar hadde møtt til dømes ein buss, og det i tillegg hadde vore ein liten unge på sykkel her – so kunne det kanskje muligens ha gått godt.

Kor vanskeleg det er, og kor mykje det kostar å sprengja vekk knausen på nedsida, det veit eg ikkje. Kunnige folk har sagt at Statens vegvesen neppe vil gjera noko slikt. Kanskje kommunen er ein betre instans å kontakta?

Men det er vel so mange som masar på dei.

Sogn Avis: “Sjukdom truleg årsak til nedgang”

oktober 18, 2016

villrein-vestjotunheimen-17-10-2016-sogn-avis-002

Det har vore skrive mangt og mykje om villreinen i Vest-Jotunheimen, og med all respekt for oppsynet og redaktøren i avisa: Kvifor vert – nok ein gong – ikkje rømming til til Breheimen/Ottadalsområdet nemnt som ei muleg forklaring på nedgangen i villreinstamma…….?

 

Vondt i fingen

september 25, 2016

2016-25-september-vond-fing-bautasteinen-pa-nornes-003

Eit lite kutt med fingen, 14 dagar med antbiotika, stivkrampesprøyte og paracet – fingen er nokso stiv og fremdeles vond so i morgon ringer eg til helsesenteret.

Dei seier at det er med ein sløv kniv at ein  skjer seg. Det stemmer ikkje. Men at ein er ukonsentrert med ein skarp kniv i hendene, det kan nok vera uheldig. Ogso viss kniven har vore brukt til slakting utan å ha vore vaska etterpå.

Det er ikkje triveleg for ein amatør-spelemann å ikkje kunne bruka fingrane. Django Reinhardt misste to og kor mange spelar bedre enn han.

Det finst større problem og det finst folk som har  større problem.