Eg har i det siste registrert at somme meiner reinstamma i Jotunheimen kan vera svekka av innavl. Eg er open for alle forklaringar, men denne stiller eg meg tvilande til.
Både i «menneske-avl» og i «husdyravl» kjenner me til at innavl kan føra til såkalla innavlsdepresjonar. For å «forbetra» husdyrrasane har det vorte- og vert det brukt «kontrollert» innavl. Målsetjinga kan td. vera betre muskelsetnad hjå kjøtfe og gris, betre og meir effektive rørsler hjå hund og hest, «vakrare» utsjånad (td. lange, hengjande øyre hjå enkelte hunde- og kanin-rasar). Linjeavl og matadoravl er kjende begrep innan husdyrhaldet. Etter kvart er mange vorte klar over at ved slik avl der målet er å forbetra husdyra, så er det også snakk om ein «nisse på lasset». Og nissen er gjerne sjukdomar og defektar som viser seg etter kvart (psykiske defektar, skjelettlidingar, vanskar ved økslinga og mykje, mykje meir).
Min ærbødige påstand (som eg diverre ikkje har vitskapleg dekning for enno), er at ein husdyrpopulasjon er mykje, mykje meir utsett for innavlsdepresjon enn ein tilsvarande populasjon av ville dyr. Årsaka: Husdyra har opp gjennom hundreåra (tusenåra) vore «utsette» for meir eller mindre kontinuerleg innavl, medan dei ville dyra i stor grad har unngått dette. Difor har husdyra våre genetisk sett ein ibuande «ømfintlegheit» (dei reagerer lettare) i retning innavlsdepresjon. Eg veit eg er på tunn is, fagleg sett, så motsei meg gjerne.
Så til villreinen i Vest-Jotunheimen. Stamma var ved siste teljing på 170 dyr. Men me har fleire små villreinstammer i Noreg: Våmur-Roan ca 100 dyr, Blefjell 120 dyr, Oksenhalvøya ca 27 dyr, Sunnfjord 122, Førdefjella 55 – 60, Svartebotnen 50 (?). Etter det eg veit har det ikkje vore rapportert om stadfesta tilfelle av innavlsdepresjon i desse stammene. At det har vore tilført såkalla «friskt blod» ved utsetjing avbukkar, er noko heilt anna.
Eg har ikkje funne noko dokumentasjon av at innavlsdepresjon er eit problem hjå villrein. Meiner faktisk at eg har lese ein artikkel om villreinen på Oksenhalvøya som med sine i dag 27 dyr ikkje er prega av innavl. (Kan nokon hjelpa meg med å finna artikkelen, trur han stod i Villreinen.)
Konklusjon: Prøv gjerne å tilføra «friskt blod» til reinstamma i Vest-Jotunheimen. Men som forklaring på tilbakegangen i stamma, er dette eit blindspor.
Og så ventar me i spaning på kva dei faglege undersøkjingane i Vest-Jotunheimen vil gi som resultat. Tru om det er att rein når resultatet ligg føre…