Archive for the ‘Uncategorized’ Category

Landskappleiken Røros 1970

mars 2, 2017

https://tv.nrk.no/serie/landskappleiken/FTEM70000270/04-10-1970

https://tv.nrk.no/serie/landskappleiken/FOLA70001670/24-02-1970

 

Vond finger – etter 4 månader

januar 13, 2017

fingen-12-01-2017-002

Dette er maksimal bevegelse ved krumming av peikefingeren, 4 månader etter skaden. Greier å spela enkle songar på fela.

Men grepkombinasjonar der eg held veslefingeren på ein streng mens eg bevegar – og spelar tonar med peikefingeren  – greier eg ikkje , og det må eg greia viss eg skal spela hardingfeleslåttar.

😦

 

Kviss og adventskalendar

desember 12, 2016

reinsdyrpolse-001

Eg har no i adventstidi lagt ut nokre bilde av fangstminne frå den tidi då det var villrein i Jostedalsfjelli. Somme tykkjer dette er interessant –  men det ville forundra meg mykje om ikkje nokre irriterer seg . Men det går heilt  greitt. Etter tips frå ein kamerat gjer eg no dette om til ein slags adventskalendar. I tillegg vert det ein kviss der folk kan koma med forslag om kva stad i fjelli her eg kjem til å leggja ut bilde frå, på julafta. Den som først legg ut rett svar på facebooksida mi får pylsa – kun eitt forslag pr. person.

Eg har so nøyaktig som eg kan lagt ut bilde som eg har på bloggen min av fangstminne frå Gaupne og gradvis framover langs Jostedals-dalføret – frå Jostedalsfjelli. Dette vil eg fortsetja med.

Altso frå kvar i Jostedalsfjelli er bildet som vert lagt ut julafta…. ?

Viss reglane er uklare ber eg om beskjed snarast.

 

Villreinjakti i 2015, Reinheimen-Breheimen

november 14, 2016

Vondt i fingen – etter ca 2 mnd.

november 13, 2016

Det har no gått ca 2 mnd sidan eg skadde peikefingen på venstre håndi.

Det store bildet viser kor mykje eg greier å bøya fingen viss eg: 1.) Masserer med olje 2.) Varmar fingen med hårfønar 3.) Hjelper til å bøya fingen med høgre håndi.

Det nederste bildet til høgre viser kor mykje eg greier å bøya fingen uten oppvarming.

Det øverste bildet til høgre viser kor mykje eg greier å bøya fingen etter at eg har massert med olje + varma opp fingen med hårfønar – men uten å hjelpa til med den høgre håndi.

 

 

 

Det er håpløst og vi gir oss ikke (Jan Erik Vold)

november 8, 2016

I forrige veke ville eg ta ein tur til Holmevatnet. Like nedafor Sætrehaug stod bilen fast, me kom ikkje lenger. Det er vel eit faktum at somme har bedre vurderingsevne enn andre – når det gjeld bilkøyring i alle fall. Kva skulle eg gjera. Hjulspori var speilblanke, og å rygga var vanskeleg. Oppbremsing resulterte berre i at bilen sklei nærmast som ein kjelke, sjølv om han som regel stogga uti laussnøen etter kvart.

Ja, kva skulle eg gjera. Som ein av dei gode, gamle indremisjons-predikantane sa det: «Då rann det meg i hug desse ordi.» Ikkje frå Bøkenes Bok denne gongen – men frå han Joep N. i pipeklubben. Ein gong køyrde han seg bom fast uti ei elv og bilen kom seg verken fram eller attende. Kva skulle han gjera? Jau han laga seg ei god pipestappe og tende fyr. Slik sat han ei stund – om han sa at han tenkte, det hugsar eg ikkje, men eventuelle bekymringar og angst for framtidi plar i alle fall å forsvinna eller i det minste avta i ein slik situasjon, det veit me. Og etter ei stund – so fekk han bilen laus, og han kunne køyra vidare.

Det same gjorde eg. Og under over alle under: Eg fekk snudd bilen, og me køyrde pent og forsiktig ned og heim att.

Observante lesarar bør ikkje hengja seg altfor mykje opp i datoen på bildi. Og for å unngå misforståelsar: Bibelen er truleg den viktigaste boki me har, og bibelsoga var eit fag  som interesserte meg i barneskulen. Men «kyrkjesoga» eller «kristendomslære» eller kva det faget no heitte – det forstod eg ikkje mykje av. Ikkje likte eg det heller.

 

Farleg sving

oktober 25, 2016

Eg har høyrt at godt vaksne  har fortalt at dei har køyrt i 80-90 gjennom denne svingen. Viss ein slik bilførar hadde møtt til dømes ein buss, og det i tillegg hadde vore ein liten unge på sykkel her – so kunne det kanskje muligens ha gått godt.

Kor vanskeleg det er, og kor mykje det kostar å sprengja vekk knausen på nedsida, det veit eg ikkje. Kunnige folk har sagt at Statens vegvesen neppe vil gjera noko slikt. Kanskje kommunen er ein betre instans å kontakta?

Men det er vel so mange som masar på dei.

Kongen av Jostedalen

juli 7, 2016

Bokbad på Breheimssenteret

juni 12, 2016

Eit fantastisk «bokbad» på Breheimsenteret i Jostedalen i går kveld ca klokka 19.00. Erlend Loe trollbatt puplikum med forteljing og opplesing frå «Slutten på verden slik vi kjenner den»  Latteren sat laust blant publikum, om den i korte øyeblikk sat fast i halsen, veit eg ikkje noko om. Fantastisk forfattar og like god opplesar.

Men Sigrid Hesjevoll har god og full fart framover i same løypa  – kanskje eit stykkje bak, men kor langt ho vil nå veit vel ingen. Ho las frå si Manual for betre dagar, ei bok der første opplaget visstnok er utseldt alt! Boki hennar tykkjer eg både i form og innhold har store likheitstrekk med Erlend Loe sine oversetjingar av Hal Sirowitz : Sa Mor og Sa terapeuten min   Viss eg ikkje hugsar feil, so las ho Sigrid Naiv.Super. då ho gjekk på ungdomsskulen. På Breheimssenteret las ho og litt frå ein større roman(?) som ho jobbar med. Den skal etter planen  koma ut til jul.

Nattehimmel i Jostedalen

juni 8, 2016

Bilde av nattehimmelen, teke frå Gjerde i Jostedalen. Dato og klokkeslett står på bildi.