Archive for the ‘Synsing’ Category

Gamlingar bak rattet og andre hindringar i trafikken

mai 3, 2016

Illustrasjonsfoto.

Å møta ein gamling i bil, etter vegen, kan vera farleg.  Viss bilførarar køyrer etter venstre sida på vegen, køyrer utan å sjå seg føre eller ikkje tek hensyn, so er dette sjølvsagt ikkje bra. Gamlingar og andre som køyrer slik bør ikkje ha førarkort. At dette ikkje er so enkelt likevel, veit dei som har hatt familiemedlemmer, ein venn eller annen nær person som dei meiner ikkje burde ha sertifikat. Livskvaliteten til dei eldre er eit anna moment som bør vurderast i denne samanhengen.

Bilførarar som køyrer seint og lagar kø bak seg utan å sleppa forbi, er eit anna problem som eg har høyrt at politiet har teke fatt i etter kvart. Sjølv køyrer eg stundom seint, men eg prøver alltid å sleppa køen bak meg forbi, likevel vil eg nok ikkje sjå heilt bort frå at eg kan ha forårsaka irritasjon.

Eg tek av og til turar med hunden min. Ofte går han laus. Det har nok oppstått farlege situasjonar. Hunden kan bli drepen eller skada, bilane kan køyra utfor vegen når dei bråsvingar for å unngå å skada meg eller hunden osb. Vil og tru at folk hadde tykt at noko slikt var svært ubehageleg, uansett kven som var den «skuldige». Eg skal skjerpa meg.

Då eg tok setifikat var dette ein viktig regel (sitert etter minnet): «Ein trafikant skal alltid køyra slik at han kan stoppa på ein tredjedel av den oversiktlege veglengda.»  Denne regelen er visstnok fjerna no, sikkert med ei god grunngjeving. I dag er det dette som gjeld i  Forskrift om kjørende og gående trafikk (trafikkregler), § 13: Særlige bestemmelser om kjørefarten:  «Kjørende må kunne stanse på den vegstrekning som den kjørende har oversikt over, og foran enhver påregnelig hindring.»

All respekt til dei som gjer dette, sjølv er eg ikkje alltid so flink.

 

 

Advertisements

Ein storkommune i Sogn – det er fali, det

februar 22, 2016

Ludvig er i ferd med å ta eit større steg. Går det bra, tru….

Ludvig er redd for forandringar, han er pessimist og redd for det meste – i kor stor grad dette kjenneteiknar lustringar veit eg ikkje.  Noko som er lettare å uttala seg om, er at det i ikkje alt for fjern framtid skal avgjerast om Luster skal gå inn i ein storkommune eller om me skal prøva å greia oss sjølve. Meinngane i denne saki er mange og sterke. Som eit alternativ til å lesa fagrapportar og urgreiingar for å finna ut kva som er hensiktsmessig for oss å gjera, vil eg gjera ei samanlikning.

Luster Musikkskule vart starta i 1978, i 2006(?) gjekk musikkskulen inn i Sogn kulturskule som omfatta Leikanger, Sogndal og Luster kommunar. Slik eg har forstått det skulle dette vera ein «vinn-vinn-situasjon», altso noko som skulle gjera at alle partar, ogso me i utkantane, totalt sett skulle få eit betre opplæringstilbod i musikk for born og unge.

So opplever me brått at det i Luster kommunestyre blir stillt spørsmål om me er betre tent med å gå tilbake til ordningi med eigen kulturskule. Det  verserte rykte om stemoderleg behandling mellom anna av opplæringi på tradisjonsinstrument, og frå talarstolen i kommunestyresalen vart spørsmålet  stillt: «Er Luster best tent med eigen kulturskule?»  Det vert jobba vidare med saki, og korleis dette endar veit me ikkje enno.

Har dette noko å gjera med om Luster skal gå inn i ein storkommune? Ikkje nødvendigvis, men det kan ha noko med korleis utkantgrender i ein utkantkommune kan oppleva det å gå inn i større einingar. Og då tenkjer eg både på korleis det gjekk etter at Luster musikkskule gjekk inn i Sogn kulturskule – og på ein eventuell framtidig situasjonen der Luster går inn som del av ein ny storkommune.

Inntil vidare skal det bli interessant å sjå korleis det går med Luster sitt forhold til Sogn kulturskule, blir utkantane høyrde, og korleis blir denne saki  handsama og  løyst.

Dette er sjølvsagt ikkje fasitsvaret på kva Luster skal gjera når det gjeld kommunereformen. Det var berre ein alternativ måte å sjå problematikken på.

Er Jøstedølene fødde med ski på beina…

januar 30, 2010

…  eller med med laptopen i fanget?

Liknande tankar vart utveksla då eies møtte dalens største klassisk-langrenns-entusiast på Bjønnstegane. Poenget var at dei flotte skiløypene som ma. Frank S.,  Steinar B. og Geir Vidar T. køyrer opp vert altfor lite brukte.

Godt sagt – godt fortalt

desember 26, 2009

Eies har lenge tenkt på at å samla gode, muntlege soger med tilknyting til Jøstedalen, måtte vera ein god ting. Då eg såg at Jølster-sona på Origo har gjort noko liknande, så tenkte eg:  Kvifor ikkje… ? Viss det vert ein viss oppslutnad om dette, kan det eventuelt opprettast ein eigen nettstad seinare.

Mange av dei store replikkunstnarane er vel borte no, men replikkar dei hadde er gjerne like levande, og blir siterte ved passande (og upassande) høve. Ein del av replikkane baserer seg på «kodar» som ein må kunna for å forstå dei. Som td. då Hallvard Horpen såg på reinen med to auge – og neste dag med berre eitt. Sameleis då jegerane venta på «den kvite mannen» – men det viste seg at denne karen slett ikkje hadde kvit overtrekksdrakt.

Den første Jostedalshistorien eg høyrde, var då eg for om lag 30 år sidan var i praksis på Trudvang barneskule i Sogndal. Denne dagen skulle heile skulen på skidag i Hollekve, og bak i bussen song elevane mellom anna den kjende: «Ein bussjåfør, ein bussjåfør, det er ein mann med godt humør!» Og alt var vel. Men der var det ein krabat som drog opp ein ny tekst, og lærenæme som dei var, song snart heile (eller i alle fall bakarste delen av) bussen: «Ein jostedøl, ein jostedøl, det er ein mann med juleøl!»

Noko seinare i livet jobba eg på Granlia i Balestrand. Der høyrde eg «Jostedalshistorie nr 2». Det var under ein «Kalkunmiddag» – truleg ein avslutning før jul. Då var det også her ein sogndøl som fortalde: Veit de kva jostedølene (trur ikkje han sa jøstedølene…) truga ungane med når dei ikkje ville lyda? Viss de ikkje er snille, får de ikkje reisa til Årdal og jobbe på fabrikk! (fabbræk – trur eg han uttalte det som)

Så har me to truleg vandrehistoriar: «Kem ha spydd på lefsa mi!» sa jostedølen, første gongen han skulle eta pizza.  Og: «Kjem det ei rukke til no, so spyr eg,» sa jostedølen, han reiste med ferja første gongen og stod om bord og såg på bølgjene.

I går gjekk eg berrhovda på ski ved Fåbergstølen. Ein spreking hadde likevel tid til å stoppa så lenge at han fekk fortelja ei liti soge frå den tid det var yrkesskule i Gaupne (Gåpm, som dei seier sjølve). Eleven, som kom frå austsida av Jostedøla streva med noko han ikkje fekk til. Kanskje var det ei plundrete utrekning eller eitkvart. Læraren, som hadde ein slags Austlands-dialekt, ville kanskje markera autoriteten sin litegranne. Han sa: «Jamen, bruk hue, gutten min.» «Javel,» sa guten, bøygde seg ned og rota litt iveska og kom opp att med topplua si – og drog ho godt ned over øyrene.

Ein jostedøl var på anleggarbeid, trur det var i Årdal. Dei hadde vaffelkaker eller pannekaker og sat og kosa seg på brakka. Men kakene var gode, og det var tomt på fatet. «Har de ikkje meir mauk, sa jøstedølen?» Dermed var han døypt, og i resten av anleggstida gjekk han kun under namnet «Mauken.»

Enkelte vil kanskje innvenda at det ligg eit element av mobbing i slike historiar. Det kan kanskje so vera, men oftare trur eg faktisk slike historiar er med på å styrkja sjølvkjensla og identiteten vår. (Eg seier vår,  men no vert det vel sagt at du må bu minst 30 år i ei bygd før du vert rekna som innfødd. Trur det var i Gudbrandsdalen ein stad at ein kar hadde gjort ei eller anna misferd. Som eit forklarande element vart det sagt: «Bestefar hans var innflyttar…!»)

Rettskriving og ortografi tilpassa jøstedalsmålet får eg prøva å retta opp etter kvart. Av og til er det greitt å skulda på at ein er innflyttar…

Ein del av oss kan vera sårbare sjeler. Ei anonymisering kan difor vera på sin plass. Viss ein skal ha med namn, bør ein bruka til dømes: Einar S., Gunnar E., Morten R. Då unngår ein betre at søkjemotorane lagar registreringar som me ikkje ynskjer. Å leggja ut IP-adresser mm., kan også vurderast. Hugs: Det som er lagt ut på nettet , det vert verande der til «ævig tid».  SJØLV OM DU SLETTAR DET SEINARE!

Nid-vise-liknande greier og sjikanerande og spitige historiar prøver me å unngå. Det kan eg også prøva å hjelpa til med. Slike ting kan det vera like greitt å halda i den muntlege tradisjonen. Ikkje alt passar på trykk. Og det er sjølvsagt dei som skriv inn historiane som er ansvarleg for desse – men det er også desse som skal ha eventuell ros for ei god soge.

So han sa…

Julehelsing frå villreinbloggen

desember 24, 2009

Å ynskja kvarandre god jul er ein fin skikk.

Ikkje alle medmenneska våre har det like enkelt i kvardagen. Årsakene til dette kan vera så mange. Det har vorte meg fortalt at psykiske vanskar, familietragediar og sjølvmord har høgsesong i høgtidene våre, mellom anna i jula. Ei tradisjonell julehelsing sagt i beste meining kan for slike opplevast som ein dolkestøyt.

Når ungane byrjar å trekkja ut i verda, er det ekstra kjekt når dei kjem heim til jul, og i blant har dei med seg små verbale gullkorn. Såleis vil eg i år skifta ut den vanlege frase-helsinga med denne som eg eigentleg tykkjer er mykje betre – i alle fall er forventningane i denne julehelsinga mindre høgspennte. Utan å vilja ta frå nokon gleda ved jula, trur eg dette likevel kan vera sunt. 

Ok jul, og eit heilt kurant nytt år!

 

For meg er ei slik helsing i alle fall heilt ålrait.

Jostedøl demonstrerer i Kjøbenhavn

desember 16, 2009

Sjå på biletet her.

At ungdom er opptekne av natur og miljø, gler ein wannabe-68ar!

Klima-dikt

Det kan godt henda

at høgrekreftene og Frp har rett

i at  ein del av spådomane om klimaendringar

er overdrivne, ja, kanskje direkte feil.

Men kan me gambla med dette, då…

Blåe tonar under breen

august 20, 2009

Klikk deg inn og les om artistane. Programmet for Blåe tonar under breen er klart!

 

«Herlig marengskake»

august 19, 2009

Marengskaka er heilt til høgre og fremst på biletet.

Ho er ikkje spesielt vanskeleg å laga. Men det blir ein del oppvask, dessverre. Når du rører saman dei hakka nøtene (hurtigmiksar…?) – sukkeret og dei stivpiska kvitane, trur eg det er lurt å ikkje vera altfor ivrig, men «vend» det forsiktig saman. Eg plar bruka bakepapir og varmluft. Ha ikkje altfor mykje vatn i kremen. Kjøl kremen ned før du har han på kaka,

Får du problem med bakinga, så skriv ein kommentar. Men fleip svarar eg truleg ikkje på.

Mari deltok på UKM i Førde

april 19, 2009

Minstejenta i huset, ho Mari, deltok på UKM i Førde i helga. Ho og tre jenter frå Sogndal song, Astrid Sjåstad i gruppa har forresten slekt frå Fåberg.   Dei song César Franck: «Panis Angelico». Klikk inn her  og spol fram til teljeverket (nede i høgre hjørnet på skjermen) viser om lag 19:40.

Er «Breheimen-Luster Villrein Blog» ein vingleblogg…?

april 19, 2009

Ein god ven og mentor,  har nokre gonger i det siste kome med hint og utalelsar som gjer at eies lurer på om folk kanskje trur han er ein vinglefant som snur kappa etter vinden. Spissformulert: Tidlegare sa eies: «Vern jerven«, medan eies no meir har ei «drep-jerven-haldning». Slik føler eies signala er frå hans gode ven og mentor.

 Noko av det tåpelegaste og vanskelegaste er når politikarar og andre rykkjer ut for å forklara kva dei eigentleg meiner. Kva folk meiner om seg sjølve og det dei seier og skriv, er også som regel totalt uinteressant for andre. Men eies prøver likevel.

Eies er ingen rovdyrhatar som vil at alle dei store rovdyra våre skal utryddast. Løva, tigeren og leoparen treng vern, nett som bjørn, ulv, gaupe og jerv. På den andre sida forstår han at tradisjonelt sauehald ikkje utan vidare kan kombinerast med større bestandar av desse store rovdyra. Eies meinar vidare at landbruksnæringa er viktig, og at norsk og internasjonal landbrukdpolitikk ma. gjennom EU,  er hovudårsaka til at norsk landbruk slit i motvind for tida.

Store deler av naturen vår, ikkje minst fjellområda der villreinen held til, er i ubalanse viss me samanliknar tilstandane her med korleis det har vore dei siste tusenåra. Dei store, samanhengjande fjellområda der villrein-flokkane tidlegare kunne bølgja fram og attende, er no oppdelte, innsnevra og fragmenterte. Ei villreinstamme får store vanskar med å halda seg sunn og frisk viss ho vert henvist til eit mindre reservat. Det naturlege for mesteparten av reinen erå føreta vandringar, og å kunna skifta beiteområde gjennom året.

I ei sunn villreinstamme i eit sunt fjellandskap, har jerven ein heilt naturleg plass. Det er der han høyrer til. Og ei villreinstamme i balanse vil takla at jerven er der. Slik har det vore i tusenvis, kanskje titusen-vis av år. Difor meiner eies det er feil å utpeika jerven som syndaren når ei villreinstamme er i krise – sameleis som det vert feil å seia at jerven har hovudskulda for alle problema i småfenæringa.

Dei store rovdyrproblema som samane har ma. i Finmark, må sjåast i samband med altfor mykje sjuk og svak rein i høve beitegrunnlaget. Rovdyra gjer det som dei må gjera for å overleva, og å ha tilgang til sjuk og svak rein, er «himmelen» for rovdyra. Men menneska er grådige i jakt på profitt, og dermed er det praktisk å skulda på jerven eller kven det no er. Ein syndebukk er fint å ha. 

 Men pragmatisk –  i den konkrete situasjonen Luster er i dag – meiner eies at det er fullt forsvarleg å «ta ut» (- hatar det ordet. Men forstår at dei som utfører arbeidet ikkje ynskjerå få hendene tilsølte. Drepa/skyta/kverka/avliva er vel det dei gjer…) så mykje jerv som dei har gjort, kanskje bør dei ta ut fleire utan at eg kjenner antalet jerv som går att.

Men det er viktig at det som DN gjer vert sett på som eit heilt rett krisetiltak i ein akutt situasjon. Men skal det bli slik i all framtid at helikoptera og folka med daktari-geværa skal vera eit like sikkert vårteikn som linerla…? Vel, førebels og inntil vidare er det rett og rimeleg at det er slik.

Jerven er eit stort problem for sauebøndene i Luster. Truleg har han også gjort større innhogg i Villreinstamma i Vest-Jotunheimen. Men den eigentlege årsaka til problema i småfenæringa og i villreinstammene er ikkje jerv eller andre rovdyr.

Det meste, ja, forsåvidt all ubalanse i naturen ser ut til å vera menneskeskapt, truleg også  eventuelle klimaendringar. Den eigentlege årsaka til problema ute i naturen, er me menneske – homo sapiens –  og måten me fer fram på mot naturen. Det må det vera lite tvil om. Korleis skal me retta på dette…? Eies har ikkje alle fasitsvara, men å tenkja meir i retning naturvern/miljøvern må vera starten på noko slikt. Dette kan me gjera både utanfor og innanfor dei mange laga og organisasjonane som jobbar for dette. Eies er heller ikkje med i nokon slik organisasjon.