Archive for the ‘Lokalhistorie – frå nær og fjern fortid’ Category

Tøger Vigdal: Kjærleik og alvor

februar 25, 2017

Denne boki har eg høyrt ein del om, men først for nokre dagar sidan fekk eg låna ho av Harald H. Etter som det vart fortalt køyrde Tøger rundt med mopeden sin med ein kasse bøker som han baud fram. Jon – bror til kona mi – skal og ha sykla rundt med ein kasse bøker som han selde.

Tittelen på boki er illustrerande, her handlar det om kjærleik – men og om triste hendingar. Mest kjærleik.

Innleiingsvis kjem han med litt sjølvbiografi, dette er skrive på bokmål – resten av boki er på nynorsk. Biografien startar slik: «Jeg var bare 16 år da jeg for første gang ble forelsket i en pike» – og han sluttar med litt moralisering: «Stift ikke familie mens de er for ung. I så fall gjør ikke som jeg, for slik gikk det til.»

Deretter følgjer: «Sæterelsk» som er hovudforteljingi. Den handlar om Gustav som etter eit trekantsdrama og ein del andre problem til slutt får si Sigrid.

Deretter fylgjer «Ute og heime» som er ein moraliserande historie om Sigurd som til slutt finn heim att til foreldri og garden der han voks opp.

Til slutt kjem «Gamaldags frieri», ein kort historie som kan lesast ovanfor. Litt artig at den løa som er avbilda står framleis – so vidt det er – ovanfor garden Li i Mjølversgardane. Truleg er det og at det er i denne løa det skjedde det som kan lesast her.

Denne boki oppfattar eg som ei nokso einsidig skildring av sterke følelsar. Saknar ein del miljøskildringar. Eg oppfattar boki som nokso naiv, men ho gir eit interessant tidsbilete av kva forfattaren truleg ynskte å formidla: Kjærleik blanda med moralisering bygd på kristendommen. Slik sett tykkjer eg absolutt at set var triveleg å få låna og lesa boki.

Til slutt håpar eg at folk vil komma med korrigeringar og kommentarar til det eg har skrive.

 

Advertisements

Endre-Rasmus, fjellmannen frå Jostedalen som gjette vekk tamreinen i Gudbrandsdalen – vart det sagt…

januar 30, 2017

Nordheim og Li.JPG

Endre-Rasmus skal vera fødd i Endreheimen,  like nordvest for tunet på Nordheim (Sva).

Fotoet har eg funne på nettstaden Lokalhistoriewiki.no.

Endre-Rasmus er nemnd som Rasmus Endreson  (1802 – 1887), var fødd på Endreheimen. Tuftene til Endreheimen skal vera like nord-vest for Norheim/Sva under Lien, gardsnummer 203. Han kom til Horpen 2, og døydde som innerst og enkjemann på Fåberg 18.3.1887.

Han gifte seg med Siri Rasmusdotter. Dei skal visstnok ha busett seg på Fåberg nedre i 1833, men skal og ha butt ei tid på Fåbergstølen (Dette har eg  henta frå Lars E. Øyane: «GARDS- OG ÆTTESOGE FOR LUSTER KOMMUNE BAND V – JOSTEDAL SOKN»)

Endre-Rasmus budde ei tid på Fåbergstølen og han planla truleg å busetja seg fast frammi Stordalen. Eit stykke framafor Øy, langs stien mellom Øy og Vetledøla, skal han ha rydda  tufter til huset han ville byggja. Lokalkjende folk har fortalt at han truleg planla å livnæra seg delvis av reinsdyr-jakt, mellom anna i Viva-skredene, der det var tidleg vårbeite for villrein. Det vart og antyda at han truleg kunne ha komme til å ha ein god leveveg her.

Men det problematiske med skulegang for borni til Endre-Rasmus viss han budde so langt framme i dalen, gjorde at dei styrande greip inn og nekta Rasmus å busetja seg framom Øy.

Andre  kjelder har fortalt at då Ivar Aasen var i Jostedalen og skulle gå over breen, so var det Endre-Rasmus, eller son hans, som fylgde han over breen. Dette kan me lesa om på Jostedal historielag sine sider.

Rasmus var ein fjell-mann og han søkte om å bli patentførar, men tapte i konkurranse med ein kar frå Mjølversgardane, vart det sagt. Likevel dreiv han som breførar, for det var ikkje uvanleg at dei likevel førde folk over breen – sjølv om dei ikkje hadde patentførarbevis.

Dei mest interessante opplysningane om Endre-Rasmus finn me i Ø. Mølmen: «Ottadalsreinen Fra pilog bue til lasso og gevær«. I kapittel 12: «Tamreindrift i Ottadalen» skriv Bjørn Dalen slik: «Man hadde tilsatt en som het Endre-Rasmus fra Sogn til å lede gjetingen etter at Per Kvitingen hadde ledet gjetingen noen år. Denne Endre-Rasmus gjette bort reinen, ble det sagt, og den ble jaktobjekt for jostedøler i grensetraktene mot Jostedalen.» Det kunne ha vore ekstra interessant å vite meir om dette.

For å sjå dette i et anna perspektiv, siterer eg frå den same boki til Mølmen, denne gongen frå kapittel 4: «Etablering av en ny villreinstamme i fjellområdene mellom Nord-Gudbrandsdalen og Sognefjorden (Ottadalsområdet)»: «Villreinutvalgets forslag om at Jostedal og Luster allerede kommende høst (1963) burde søke om villreinjakt, fikk naturlig nok ringvirkninger og kom til å skape sterke reaksjoner i Trio tamreinlag. Fra før var det åpnet for jakt inntil beitegrensene som tamreinlaget hadde mot Romsdalen. – Alt dette var forhold som betinget ekstra og kostbart gjeterhold for tamreinlaget. Et stort antall av tamreinlagets medlemmer begynte nå å bli alvorlig engstelige for å tape sine innskudd i laget. – Faren lå i at lagets rein etter hvert kunne komme inn i nyetablerte villreinområder og dermed gå tapt. Den store faren lå i at Luster – og særlig Jostedal, kunne få villreinjakt – der var fjellene ville og uoversiktelige. Ikke minst var det vanlig oppfatning blant tidligere tamreinfolk at rein som trakk inn i disse områdene aldri kom tilbake – i alle fall ikke i live!»

Den siste setningen er forvitneleg.

Dette fotoet er frå glasplater etter Nils O. Reppen og dei skal vera på                                     Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Ein udokumentert påstand kan vera at Endre-Rasmus, eller son hans, kan vera ein av personane på bildet.

Lokalhistorisk oppgåve om fangstanlegg i Jostedalsfjelli

januar 29, 2017

molmen-gjorde-sikkert-eit-godt-arbeid-men-han-har-fatt-med-berre-ein-liten-del-av-funna-og-berre-fra-fremste-del-av-jostedalen

Kopi av kart frå Øystein Mølmen: «Viltbiologiske forundersøkelser (Villrein) Jotunheimen/Breheimen»

Eg skreiv oppgåva «Fangstanlegg i Jostedalsfjelli – Oppgåve i lokalhistorie HSF 2008» då eg studerte  lokalhistorie ved Høgskulen i Sogndal.

Oppgåva ligg på nettsidenesidene til Jostedal historielag

Svein Kvitingen (skrive etter eit eldre innlegg)

januar 29, 2017

 Svein Kvitingen. 

Bildi fann eg ved å søkja på Google.

Svein Kvitingen (1856-1939) er ein kar som eg har høyrt eldre folk i Jostedalen fortelja om med respekt. Forholdet mellom Jostedalen/Luster og Skjåk har nok hatt sine sider – slik det gjerne kan vera mellom grannar i naboforhold. Både skriftlege og munnlege kjelder kan fortelja om dette, særleg etter at det ogso var  tamreindrifti i området i perioden  1840 – 1964.  Men Kvitingen har eg aldri høyrt nokon i Jostedalen omtala i negative ordelag.

Svein Kvitingen dreiv med turistføring frå Sota i Skjåk til Nørstedalen i Luster. På denne turen kunne han sjå rein som han skaut på turen tilbake. Han førte turistar og kunne då ikkje ha med synlege våpen. Han gjenga og bora difor ut et løp av eit 40 cm langt minebor. (Korleis greidde han det med dei reiskapane og verktøya dei hadde då…? Utruleg!) Dermed hadde han eit demontert våpen i sekken, og kunne skyta rein på tilbaketuren.

Hallvard Horpenog fleire andre fortalde at han hadde eit fast uttrykk: “I Krossbakkom er det lugomt med rein.” Krossbakkane ligg øvst i Fortunsdalen, vest for Illvatnet mellom dette vatnet og Fortunsdalsbreen. For nokre år sidan oppdaga arkeologar her –  truleg ved  Herbergi – at dei fann mykje forhistoriske spor etter steinalderjegerar. Men elles kjenner eg ikkje til resultatet av desse undersøkjingane. Vil tru at Historisk Museum i Bergen veit meir om dette.

“Svein Kvitingen – det var god kar,  det!” sa Hallvard Horpen.  Han må ha vore ein utruleg flink kar, men også ein som ikkje var redd for å bryta med det som vart sett på som kutyme og skikk og bruk i samtida. Han budde store deler av året på Sota, men har ikkje høyrt at familien var med han her. I staden for å vaska, skal han ha høvla ned golv og møblar framfor turistsesongen. Han var urmakar, børsemakar, smed mm. Slipte linser og laga langkikkertar. Rykte seier at han besøkte mykje Fåberg i Jostedalen der det mellom anna var ein flink smed på denne tidi.

Eit fortal eg har høyrt her i dalen er om lag slik: På jaktturane sine kunne han også slå seg ned nokre dagar i Jostedalen. Ein gong spurde dei han om korleis det stod til med avlinga (kornet mm.)  i Skjåk. Han vart kanskje litt forlegen og gav eit slags inkjeseiande og “rundt” svar. Men dei som spurde visste så inderleg vel at slike praktiske, “jordiske” ting hadde ikkje Svein peiling på.

Som så mange flinke, dyktige og intelligente føregangsmenn i det gamle bygdesamfunnet, såg truleg somme på han som ein slags “raring”.  Denne lagnaden har han nok delt med fleire. Men han var som sagt høgt respektert i Jostedalen av folk som kjende han.

I Øystein Mølmen: “Ottadalsreinen Fra pil og bue til lasso og gevær” kan ein lesa meir om han.

Eg tek med nokre linkar som truleg kan fortelja litt meir om Svein Kvitingen:

Svein Kvitingen, vals 

Svein Kvitingen, vals på Youtube

Sota Sæter

Svein Kvitingen

Sota Sæter

Hallvard Horpen (ny)

januar 27, 2017

Desse bildi skal vera av Hallvard Horpen, og eg fann dei ved å søkja på Google.

Teksten til det nedste bildet – som skal vera frå Fylkesarkivet: «Halvar Horpen sliper ljå med vassdriven slipestein. Prospektkort merka 12-3-29 Jostedalen – Sogn.»

Eg møtte han aldri. Eit fortal om han som gjorde sterkt og varig inntrykk på meg, er om lag slik: Då Styggevassdammen og vegen dit var ferdig, vart han tilbydd bilskyss slik at han kunne få sjå att staden som han var så glad i. Dette var etter at han var vorten eldre og dårlegare til beins. Men han sa nei, takk. Ingen skulle få han opp dit. Han ville beholda minnet av Styggevassosen og området kring slik han hugsa det frå han var yngre og sprekare.

I “LUSTRAFJELL – om fjell og fjellfolk i Luster” har Peder K. eit interessant og velforma intervju med Hallvard Horpen. Det kan gjerne lesast fleire gonger!

Det burde vore skrive ei heil bok om Hallvard Horpen.

Å sjå på rein med berre eitt auga

Peder K. skriv at Hallvard hadde eit underfundig språk. Noko av forklaringa ligg truleg i bruk av ironi og språklege bilete eller metaforar. Eg vågar påstå at ein del av dette er mykje det same som i norrøn skaldedikting vart kalla kenning. Eg har høyrt gode forteljarar også i dag som kan bruka dette verkemiddelet. Døme: I staden for snø kan dei seia den kvite mann(en).

Sverre F. fortalde om ein gong han og Hallvard tilfeldigvis hadde sett nokre reinsbukkar i Martadalen. Dette var ein vanleg fjelltur, så det vart med at dei fekk nyta synet av dei gilde bukkane. Ei god stund seinare trefte han att Hallvard, og praten kom inn på reinsbukkane og om han visste meir om dei. Jau, sa Hallvard, han hadde vore oppe att og sett på reinane. Første gongen hadde han sett på dei med to auge, men andre gongen hadde han brukt berre eitt.

Noko særleg meir vart det ikkje sagt om dette temaet, men Sverre forstod med ein gong kva som hadde skjedd. Det gjorde ikkje eg – kva med lesarane av bloggen, kva hadde skjedd?

Å få fisken til å bita

Når du fiskar med makk skal du tre ein 25-øring inn på snøret før du knyter på ongelen. Mynten skjenar att og fram i vatnet og lokkar fisken til å bita på makken. Skal han Hallvard ha fortalt.

Eg lova å ikkje fortelja dette knepet vidare, så no får nok ikkje eg så mykje fisk meir! Men så er det ikkje så lett å finna 25-øringar lenger heller.

Det er skrive litt om Hallvard Horpen i bøker og hefter: Peder Kjærvik har eit lesverdig portrett i praktboki «LUSTRAFJELL – om fjell og fjellfolk i Luster». I Øystein Mølmen: «Ottadalsreinen  Fra pil og bue til lasso og gevær» har Bjørn Dalen skrive om Horpen i kapittelet «Geværjakta på villrein fram til 1925». Her er Hallvard Horpen nemnt sammen med andre gamle jegerar i Ottadalsområdet: Johan Alnæs, Svein Kvitingen og Ole Knivsflå.

Horpen jakta og mykje i lag med Nils Bjønnheim – fugl og anna vilt. Skal prøva å finna meir om dette.

Området ved vegkrysset mellom vegen til Mjølversgardane og vegen til Nigardsbrevatnet – utbetringsarbeid

oktober 25, 2016

Det  vert gjort mykje godt arbeid her i desse dagar. Vegbana vert heva ved at det vert køyrt på god masse som vert henta utanfrå dalen, heilt sikkert i samarbeid med vernestyresmaktene. Til våren skal det leggjast fast dekke, og  om vegaskråningane då vert noko høge so får me tru det går bra og at bilar ikkje køyrer utfor. Sjølve brui skal det ikkje gjerast noko med i denne omgangen, sjølv om det vel må seiast at ho er noko smal. Ho ligg og på solide jernbjelkar og skal tola eit akseltrykk på 10 tonn. Det er og lagt ned to store røyr som skal ta unna vatnet som renn ned ved kvernhuset.

Kvernhuset på Nigardsgrandane

oktober 25, 2016

Det er vel Jostedal historielag som har ansvar og vedlikehold av kvernhuset – det er nok ikkje so lite arbeid. Dei har og ordna i stand renna som skal føra vatnet inn til kverni. Bra, dette ser triveleg ut.

Farleg sving

oktober 25, 2016

Eg har høyrt at godt vaksne  har fortalt at dei har køyrt i 80-90 gjennom denne svingen. Viss ein slik bilførar hadde møtt til dømes ein buss, og det i tillegg hadde vore ein liten unge på sykkel her – so kunne det kanskje muligens ha gått godt.

Kor vanskeleg det er, og kor mykje det kostar å sprengja vekk knausen på nedsida, det veit eg ikkje. Kunnige folk har sagt at Statens vegvesen neppe vil gjera noko slikt. Kanskje kommunen er ein betre instans å kontakta?

Men det er vel so mange som masar på dei.

Hardingfele laga av Lars Stølen

juni 7, 2016

Lars Stølen var flink til mangt og mykje, og han vert sakna. Slik eg kjende han hadde han sterke meiningar, men i farten kan eg ikkje hugsa ein einaste gong at han spissformulerte seg eller provoserte nokon. Han var og ein god ven.

Denne fela ga han til Jostedal Spel- og dansarlag, laget som han sjølv var med og skipa. So vidt eg veit byrja han fyrst å laga feler i godt vaksen alder. Denne fela fekk bronsemedalje på Landskappleiken i 1996 i Vågåmo. Det hadde vore forvitneleg å få sjå resultatlista frå konkurransen, og eventuelt kritikkskjemaet frå dommarane – sjølv om ein dommaruttale ofte seier meir om dommarane enn om den som blir dømd. Eg veit i alle fall at sylvmedaljane har hange høgt – gullmedalje kjenner eg til har vore utdelt kun ein gong, i 2002, og  då vart det uttalt: «Tildeling av gull skjer so uhyre sjeldan at ingen veit kva tid dette sist skjedde.» Dette vert sjølvsagt spekulasjonar, men kva kunne Lars Stølen ha utretta som felemakar om han hadde begynt i yngre alder…?

Lars Stølen kjøpte ogso ei nyckelharpa som han ga til Jostedal Spel- og dansarlag. Det er all grunn til å ta godt vare på desse to gåvene, og eg håpar og trur heller ikkje at noko anna vert gjort.

Grevling – spor etter matsøket hans

mai 24, 2016

Grevlingen, merk grammatikken: bunden form eintal, er komen til Jostedalen, og her ser det ut til at han trivst, og då vert han nok verande. På marki hass Otto Runningen (er namnet rett skrive?) fortalde han som driv jordi no – etter nest siste fjelloppsyn , med forbehold om at ikkje eit nytt er tilsett i desse dagar – at det på marki var nokre påfallande hol. og at desse holi  var spor etter grevling som jakta på makk, meitemakk.

Marki var nyleg gylla, men eg fann nokre striper som var litt reinare, og tok med dei nye Audlandskodna mine på bildet for å syna størrelsen på holene i marki.Skorne vaska og skrubba eg etterpå.

Holene var nok ikkje av nyare dato, men likevel trur eg at dette kan folk sjå etter viss dei trur grevlingen er komen der dei bur. Viss dette er rett – og rett sitert etter det nest siste fjelloppsynet i Luster. Sjølv trur eg i alle fall at dette er rett.