Archive for the ‘Fisking’ Category

Hummar og kanari

mai 31, 2016

Olav Giskeøgegård 006

Fiskespord frå Elvøy i Jostedalen

mai 2, 2016

«Eg fann, eg fann!» ropte Oskeladden.  «Kva fann du?» spurde brørne…

Ein stad i Elvøy fann hunden min ein fiskespord, det var vel for om lag ei veke sidan.  Umiddelbart trudde eg at dette var frå ein oppdrettsfisk som nokon hadde hatt til middag. Å tippa vekti er vanskeleg – kanskje eit par kilo…? Men ved nærare ettertanke trur eg det kan vera andre forklaringar enn at dette er ein «kjøpefisk».

Dette ser ikkje ut som ein spord av regnbogeaure, som vel er den som til vanleg vert seld i butikkane med spord. Ein so stor stasjonær aure (fjellaure) er nokso sjeldan i elvi, dei finst vel helst i fjellvotni. Eg trur difor at dette er ein spord frå laks eller sjøaure. Det skal ha passert enkelte laks- og sjøaurar forbi fossestryki i Langøyane både før og etter at Statkraft gjorde utbyggingar der, men stryki ved Fossen har dei neppe greidd å passera.

Om dette er sporden frå ein utmagra gytefisk, eller kanskje ein som oter eller mink har fanga, det har ingen formeining om.

 

Fiskehuset

april 28, 2016

«Fiskehuset» var eit klekkeri for aure, sjøaure og laks i Jostedalen. Kven som eig huset no, veit eg ikkje. Men sidan døri stod open,  gjekk eg inn på annan manns grunn – nysgjerrigheiti vart for stor.

(Viss folk har opplysningar om fiskehuset, hadde det vore ekstra kjekt om dei ville dela litt lokalhistorie med oss.)

Frå 1365-vatnet

september 8, 2015

103 gram sløgd og utan hovud ! Kan tyda på gyting i dette vatnet. Flott Sølvi, ein kan gle seg like mykje av ein liten fisk.

67 gram sløgd

september 7, 2015

sølvi1

På Haugafjellstølen.

Vetle Geisdalsvatnet

august 30, 2015

Oddvin

Dette har eg stole frå Oddvin Kveane sitt facebook-inlegg. Han skriv:

Har vore på prøvefiske i Vetlegeisdalsvatnet i helga, på oppdrag fra Fiskegruppa i Jostedal. Største var 300g og minste 150g. Satte 2 finmaska garn.

Styggevatnet og fiskeutsetjing

august 27, 2015

fiskeutsetjing 002

I går vart det sett ut fisk i Styggevatnet, til saman fem slike sekker som kom frå klekkeriet i Fortun. Det berre 450 stk to somrar gamle aurar, men dei var relativt store: 47 gram i gjennomsnitt. Alle fiskane såg friske ut då dei vart sette ut, so dei hadde greidd transporten godt. So store fiskar skal ogso ha større sjanse til å greia seg etter utsetjingi.

Han Torbjørn T. hadde gjort godt førearbeid og søkt om løyve til å koma inn på anleggsområdet. Fire av sekkene vart sette ut på begge sider av dammen, Lasse T. bar ein sekk lenger fram.

For nokre år sidan vart det sett ut 10.000 fisk i vatnet, i tillegg har det vore fleire mindre utsetjingar. Me håpar at Styggevatnet etter kvart skal bli eit interessant vatn for sportsfiske, og det er fint viss me kan få rapport om eventuelle fangstar.

Nigardsbrevatnet

august 8, 2015

Årets første rapport frå Brevatnet

juli 4, 2015

bjørn

Bjørn Ove N.L.:Godt fiske på brevatnet iår og. Ein del vaking og bra bet. 23.06.2015.

Brevatnet – nok ein gong

september 7, 2014

bet 3 bet 2 bet 1

Bjørn Ove  N. L. Skriv i d.ag: «Godt bet idag, mista 3 men fikk 3 også. Dårlig med vekt desverre, men vil tippa 2 stk i farvannet rundt kiloen «

Nigardsbrevatnet er eit ok fiskevatn. Det eg ikkje er sikker på er om dei er raude i kjøtet, og om dei smakar godt. (Ein gong eg åt fisk herifrå, var smaken berre terningkast 3, max. Men det kunne sjølvsagt koma av at dei hadde lege usløygde og varmt for lenge,) Kom gjerne med rapportar om dette….. !