Archive for the ‘Hjort – forvaltning’ Category

Hjortajakt «1000 kroner dagen – pluss…»

juni 3, 2016

1000 kroner dagen 003

I siste nummer av JAKT & FISKE, nummer 6, juni 2016, stod dette på trykk. Eg stussa litt då eg las det, måtte stoppa opp litt og tenkja.

No veit eg sjølvsagt ikkje kva motiv eller mål tekstforfattarane og bladet har med å skriva og trykkja dette. Viss det er meint kun som del av ein reportasje kring hjortejakt og jaktutleige i Bremanger, so er det forsovidt greitt. Men viss dette skal brukast som ei slags trendsetjing og eit opprop til grunneigarar om kor mykje pengar det ligg i å driva jaktutleige, då er eg i tvil.

Somme grunneigarar slit med økonomien, og desse unner eg sjølvsagt ei kjærkommen attåtinntekt til gardsdrifti. Det KAN liggja gode pengar i jaktutleige, og ut frå det eg les, so har Myklebust Jaktlag i Bremanger vore flinke til å byggja opp eit godt produkt som gjestejegerane er fornøgde med. Det mest eksklusive er vel jakt i dei beste brunstområdi der døgnprisen stig til 3100 kroner, i fylgje reportasjen. Og viss mesteparten av overskotet går til folk i bygdi og grendi, då høyrest dette ut som eit bra tiltak.

Eg har høyrt om profesjonelle- og halvprofesjonelle jaktutleigarar som reiser rundt i bygdene våre og kjøper opp fellingsløyve, nærast for ein slikk og ingenting, og deretter tibyr dei jakt til svimlande prisar, og gjerne til betalingssterke kundar og trofejegerar. Dette er eg meir betenkt over.

Tidlegare i reportasjen les eg: Kjeveinnsamling i perioden 1991 – 2014 viste en svært ung bestand, og få voksne dyr.  Å påstå at dette heng saman med eventuell trofejakt har me neppe grunnlag for å hevda, men det er positivt det som står å lesa vidare: Kommunen ønsker gjennom 5-årige forvaltningsplaner å bygge opp en eldre bestand. 

Viss me ynskjer busetnad i bygdene og grendene våre, so ser eg på hjortajakt som eit trivselsfremjande tiltak – og ikkje KUN for dei pengesterke. Slik er det vel framleis mange stader, og dette ser eg på som bra og positivt.

Ser at dei i Ålfoten har gjestejegerar i jaktlaget. Dette er kanskje ein bedre ordning enn der  eit heilt jaktområde vert leigd vekk. Ordningi med gjestejegerar vil eg tru er positivt fordi at då kan grunneigarane og dei faste jegerane i laget ha ein betre kontroll med korleis jakti vert utført. Men jaktlaget tilbyr ogso eksklusiv leige av ein del av terrenget med eigen kvote.

At bønder ynskjer å driva jaktutleige for å spe på inntekti på garden må vera heilt greitt. Eg er likevel redd for at denne reportasjen kan misbrukast til å kasta blår i augene og narra grunneigarane til å tru at her er det lettvinte pengar å tena. Det er nok ikkje utan vidare å tilby hjortajakt til 1000 kroner dagen – pluss… Her ligg det nok mykje arbeid bak med organisering, overnatting, mat, guiding mm.

Men elles var det ein god og interessant reportasje frå hjortejakti i Ålfoten i Bremanger i dette nummeret av Jakt & Fiske.

 

 

Hjortaforing 31.03.2016

april 1, 2016

NB!: Tid og dato på bildi er feil.

Mens eg gjekk og venta på at biblioteket i Sogndal skulle opna, tok eg ein rusletur på ein skogsbilveg i nærleiken. Heldigvis/desverre hadde eg ikkje hunden med meg. Brått oppdaga eg at framfor meg trekkte ei stor mengde med hjortar over vegen, kor mange veit eg ikkje, men tippar talet var nærare 100 enn 50. Bildi er ikkje spesielt gode, for eg knipsa berre litt på frihånd mens eg gjekk forbi.

Den gamle snøen i området var vekke, men i løpet av morgontimane hadde det kome eit par cm.  Når ein først har starta denne kunstige vinterforingi, trur eg det er klokt gjort å fortsetja foringi utover våren til groen kjem. Ros til grunneigaren for dette!

På denne staden har eg knapt sett bukkar, kun koller, kalvar og ungdyr. Seinare på dagen gekk eg forbi ein foringsstad der det plar vera bukkar, men her var foringsplasen truleg flytt til ein annan stad.

Kanskje er grunneigarane i området berre måteleg begeistra for at det vert fokusert på denne kunstige vinterforingi  –  dei har truleg lagt ned svimlande summar opp gjennom åri i dette arbeidet. Men dette er ikkje private dyr  –  mange av dei er nok «interkommunale», og då meiner eg det er rett å fokusera på problematikken.

Hjort i Nigardsbredalen 2016

februar 16, 2016

På nordaustsida av Bredalen har det i mange år no vore vinterbeite for småe hjorteflokkar. Ein av grunnane trur eg er at her er det alme-busker, og alm er snadder for hjorten. Folk har vore bekymra for at snøskredene skal ta dyri, men stort sett har det gått bra.

I går var fire koller og kalvar trekte heim i retning Bjørkehaugen, medan ein bukk var framme ved Brevatnet.

Eg har av og til fått kommentarar om at det helst skal vera «hemmeleg» kor det er hjort om vinteren, for at fotoamatørar og andre ikkje skal uroa dyri i ei tid då hjorten skal bruka all energi på å overleva. Eg er av ei litt anna meining. Det er bra at folk med laushundar veit kor det står hjort, slik at dei kan ha kontroll på hundane sine.  Dei fire kollete dyri såg ut til å vera i fin form, men bukken verka mager og muligens sjuk.  Det at han hadde trekt ned mot dalbotnen kan og vera eit teikn på at han var avkrefta. Han bør nok ikkje uroast unødig. Det blir interessant å sjå om han overlever.

Snart startar hjortajakti

august 11, 2015

Ettersøk 1

Hunden vår heiter Ulva (Carl-Hermans Ulva). Ho er godkjend ettersøkshund på storvilt i Norge. I fjor spora me opp nokre fåe hjortar.

Det mest lærerike var eit ettersøk som varde  i fleire timar. Mange gonger skremde me opp den skada hjorten, men utan å få «løyst skot», sjølv om ein på ettersøk etter eit skada dyr ikkje skal stilla like stor krav til effektiv skotplassering som ved vanleg jakt – krav til tryggleik skal sjølvsagt vera like stor.

Til slutt kom me inn på hjorten der han tydelegvis låg og «trykte» med hals og hovud framoverstrekt. Dette har eg sett ogso tidlegare, og eg vil tru at dette er eit instinkt hjå dyret i håp om at forfølgjaren ikkje skal oppdaga det.

Det første skotet mitt vart desverre eit streifskot, og hjorten gjorde eit gedigent luftsprang. Det andre skotet gjekk som det skulle,  dette er første gongen eg har skote hjort i «lufti» – utan at føtene var nedpå.

Nokre gonger har ein uflaks, andre gonger har ein hellet med seg, og dette ettersøket enda i alle fall godt.

Korleis har hjortane hatt det i vinter ?

mai 29, 2015

ruud 003ruud 006ruud 005ruud 004ruud 002ruud 001

Han eies har tidlegare skrive kritiske merknader til den foringa som går føre seg på Kaupanger. Etter kvart har han nok kome til at dialog er ei betre kommunikasjonsform.

Bileta ovanfor er frå foringsområdi på Kaupanger, slik dei såg ut no i vår. Ein kar som kjenner hjortebestanden på Kaupanger godt har fortalt meg at det i vinter ikkje har vore «unormalt» mykje hjort som har krepert. Han meinte at ein viktig grunn var at mykje av skogen har vorte knekt av snø og vind, og at borken spesielt på furutrei har vore god hjortemat.

Dette stemmer med det han eies såg. Svært mykje blenkjande furustammer og sjå, og ein einaste daud kalv å sjå ved foringsplassane. Rett nok høyrde han ramnar i skogen, men altso lite daud hjort å sjå.

Eit par snaugnegne kalve-skallar kunne likevel tyda på ein viss kalvedaude tidlegare på vinteren.

– – – – – – –

Dei store snømengdene som kom i januar skapte nok ein del vanskar for dei ville dyri. Men nokon katastrofevinter har det ikkje vore. I Espemarkji såg eg på seinvinteren ein flokk på ti hjortar, ingen av desse hadde gevir. Og lenger ute i Krekane har folk sett fleire bukkar.

Av det eg har høyrt har det likevel vore mykje hjortedaude i Kinsedalen. Elles kjenner me sameleis gjennom media at mykje hjort har krepert i Måren på Menes.

Eg vil tru at det vil vera nyttig og interessant å forska på kvifor me har so stor dødeligheit enkelte stader, medan det går betre andre stader. Kan det vera slik at hjortane bør gå meir spreidde i vinterhalvåret, og ikkje vera samla i større flokkar ? Han eies har tidlegare hevda dette.

Aggresjon på foringsplassen

april 10, 2015

elg

Sjå videoen her.

Det er påfallande kor mykje aggresjon det er å sjå blant elgane på ein slik foringsplass – bakoverlagde øyre er eit tydeleg varsel til dei andre. Elgane er nok svoltne, men det er tydelegvis viktigare å hindra at andre får eta – enn at dei sjølv får eta.

Om aggresjonen er lik blant hjortane på foringsplassane, veit eg ikkje, men kan nok ikkje sjå bort frå det. Kor mykje dei svakaste dyri då får eta, hadde det vore interessant få vita noko om.

«Siloforing av elg reduserer ikke beiteskader»

april 10, 2015

http://hjortevilt.no/siloforing-av-elg-reduserer-ikke-beiteskader/#.VSeNNCccRjp

Hjort ved Mosevollen

april 9, 2015

bukk Ein observant bilførar tok dette biletet i går kveld av ein hjort, like nedanfor Mosevollen. Bukken  såg visstnok litt «syk og svak» ut, men slikt er vanskeleg å vurdera, og fagfolk ved Luster Kommune vart kontakta. Ut på kvelden begynnte hjorten å beita på nokre ore-stammar og elles på den skrøpelege vegetasjonen der. Kva slags skjebne bukken fekk, veit eg ikkje, i dag var han der ikkje.

NB!: Det er viktig at ikkje slike dyr blir stressa av ukyndige folk ! Td. ved å prøva å koma nær dyret.

Om å skremma hjortane vekk

august 27, 2014
Illustrasjonsfoto (to fluger i ein smekk… )
 
Allemannsretten gir oss, for å seia det enkelt: Rett til at me kan ferdast fritt i utmark! Dette er noko verdifullt, og eg trur difor det er viktig at me ferdast varsamt og uansett prøver å ha god kontakt med grunneigarane.
 
No framfor hjortajakti høyrer eg stundom at grunneigarar og jegerar helst ikkje ynskjer at me skal ferdast ute i hjorteskogen. Dei er redde for at hjortane skal bli uroa og trekkja ut or terrenget, og at dette skal skada jakti.
 
Kor viktig dette er, veit eg ikkje. Men eg prøver å ta hensyn. På den andre sida snakka eg ein gong med ein jeger som hadde eit heilt anna syn på dette: I tidi fram mot jaktstart gjorde han fleire turar gjennom jaktterrenget sitt etter ein skogsveg. Og han hadde ein eller fleire av ungane med, og dei passa på å prata høglydt. På denne måten meinte han at hjortane vart vane med å sjå, lukta og høyra folk, og dei vart mindre lettskkremde når jakti starta. Og dette hadde han hatt suksess med, sa han.
 

Har vårtrekket av hjort framover dalen starta?

mai 9, 2014

Tidlegare år har eg hatt inntrykk av at hjortetrekket kjem fram her på Gjerde første veka etter 17. mai, viss eg hugsar rett, då. Observasjonane mine har eg hatt på trekkvegar i skogen over Byggjefeltet og på Hesjevollstrondi.

Når hjorten trekkjer framover, går det langsomt, over fleire dagar. Om hausten skjer trekket raskt, det meste kan vera unnagjort på eit døger. «Merkjeprosjektet» viste dette.

Er det kalendaren (lyset) som bestemmer når trekket startar, eller er det groen – eller snøsmeltinga som avgjer? Dette har eg ikkje sett noko vitskapleg svar på, enno. Personleg «trur» eg at hjorten sjekkar kalendaren, for å seia det humoristisk. Men eg veit at veldig mange meiner det er groen som er avgjerande. Skulle vore interessant å vita meir om dette.

Dei seinare åri har det truleg overvintra stadig meir hjort her framme, og å skilja desse frå trekkhjortane kan vera vanskeleg.

Måndag 5. vart det sett hjort i Fossøyane som truleg kom frå «sjøen». Viltkamera her i dalen har ogso vist større aktivitet dei siste dagane.

Med mindre hjorten har funne nye trekkvegar, so har eg personleg ikkje sett spor etter større mengder av hjort på veg framover. I går såg eg til dømes spor etter kolle og ungdyr over 200 meteren på skytebana, men desse var nedover/heimover (hjelp…)!

Men mi eiga «synsing» seier at no er nok noko på gang. Det skal bli spennande å sjå. Kom gjerne med observasjonar. Køyr debatt!