“Eg hadde ei jente i fjor i ein fest”

Syvert 1

Amund morkDet store bildet har eg henta frå Kjellrun elvekrok sin blogg, og Syvert har då svart jakke.

I  A. Bjørkum/J. Bondevik: Dikting og diktarar frå Sogn (Førde 1978) er det ei vise som det står at Hildur Øygarden, Luster har skrive opp etter Syvert Hesjevoll:

Frå Jostedalen.

Eg hadde ei jente i fjor i ein fest, ho tok meg i handi og sa eg var best.

:/: Sjung- dudl-ung-dudl-ung-dudl-ung dei:/: 

So kom dar i dansen ein sprettande kar – han bukka so byfint og røykte sigar.

:/: Sjung- dudl-ung-dudl-ung-dudl-ung dei:/: 

oll

Og som det no leid på eg tok meg ei skrå, og sette meg beinaste bort i ei krå –

:/: Sjung- dudl-ung-dudl-ung-dudl-ung dei:/:

Men so har Magne Hesjevoll og Svein Nesje forska litt meir på dette. Då viser det seg at nordfjord-diktaren Amund Mork (1884-1963) har ein lenger versjon av den same visa:

Eg hadde ei jente i fjor i ein fest

 

Eg hadde ei jente i fjor i ein fest,

ho kneip meg i handa og sa eg var best.

:/: Sjung dudelung dudelung dudelung dei :/:

Eg hoppa og dansa og tulla meg du,

med handa om livet eg henne fekk snu.

Eg hadde ikkje kjent noko liknande før,

 eg vart mest som tumlen og svimlen og ør.

Per Spelmann han spela og fela ho let.

Og eg heldt på reint skulde missa mitt vet.

 

So kom der i dansen ein sprettande kar –

han bukka og skrapa og røykte sigar.

Eg tok til å skjelva som aldri du trur,

og tenkte at no tek han frå meg mi brur.

So let det frå fela ein polka-masurk.

Då kom han so stram, denne blåkledde skurk.

 

Han bukka so byfint denne finfine kar.

Ho reiste seg blidsleg og gjorde seg klar.

Du hoppa, du dansa, du tulla deg du,

Med handa om livet han henne fekk snu.

Ho såg han i auo so blid og so glad,

jau her fann ho guten som ho ville ha.

So let det frå fela ein klagande vals,

og eg sat i kråi med gråt i min hals.

Eg hadde ’kje kjent noko liknande før,

no sat eg so sur – ja, som årsgammalt skjør.

 

Eg tok ned i lomma og fann fram ei skrå,

og sette meg beinaste bort i ei krå.

Og sat der og venta, ho kjem då vel att,

men takk skal du ha, beint ut døra ho smatt.

Nei, no aldri meir eg på jentene trur,

 no tek eg meg heller ei huldre til brur.

:/: Sjung dudelung dudelung dudelung dei :/:

Amund Mork

(Eg fekk litt problem med redigeringi  –  kanskje nokon kan hjelpa meg her med å få passelege opphald i teksten mellom strofene/versi…. ?)

Visa er tidlegare med på ei plate:  Traditional songs from Hornindal ( http://www.amazon.com/Fortal-Traditional-Songs-From-Hornindal/dp/B001PC5FPC )   Denne ligg ogso på SPOTIFY.

På fylkeskappleiken 2016 i Kjølsdalen framførde eg denne visa.  Her fortel eg om visa.

Og so var det framføringi. Her syng eg visa.

 

4 kommentarar to ““Eg hadde ei jente i fjor i ein fest””

  1. Elin Grytting Says:

    I 1981 hadde vi det fyrste kurset/samlinga med Song, spel og dans frå Nordfjord på Frøystad pensjonat i Breim. Rasmus Øiestad frå Blakset hadde med denne visa på songkurset. Også Ragnar Vigdal var med sm m kona si. Forøvrig ei fantastisk samling der eg var einaste unge deltakar på songkurset sm m berre eldre songkjelder, eit kjært og stort minne! Helsing Elin Grytting, Sandane. P.S.:Ei flott og spennande side de har!

  2. eies Says:

    Var Ragnar V. deltakar eller songleiar ?

  3. eies Says:

    Den varianten med kun tre vers/strofer som Syvert Hesjevoll song er ei utruleg godt fungerande sjølvstendig vise. Dei eg har diskutert dette med meiner vel at denne versjonen er “plukka ut” frå den større visa til Amund Mork.

    Kan det motsette vera tilfelle, at den store visa på 15 vers er “utbygd” på grunnlag av den korte versjonen på 3 vers? Slike ting er elles velkjende i folkekunsten og i samspelet mellom folkekunst og annan kunst.

    (Dette må ikkje oppfattast som eit forsøk på å ta frå nokon ei eventell “ære”, kun som ei mulegheit som me kan vera opne for, i tilfelle nokon vil forska meir på dette.)

  4. Odd Helmer Handeland Says:

    Magne Hesjevoll har gnåla på strofer av denne visa i årevis. Nå er ho kommen på prent, og eg synes at det ikkje er nødvendig med anna redigering enn det som Villrein-Bloggaren har gjort. Kan vel syngjast med litt påskefludium, om været vil halda seg?. Eg har i alle fall merka teksten og lagt han inn i InDesign med opplysningane som førekjem i innlegget.
    Veldig bra!! Mvh Odd Helmer Handeland

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: