Archive for the ‘Hund’ Category

Den eldste Hunden vår, Io, er død

oktober 22, 2014

mari-806

Io med dei fire kvelpane ho hadde

Ho Io er ikkje meir, som dei seier. Trist – men når alderen kjem og helsa sviktar, so er det best slik, tykkjer eg. Tristast er det kanskje for ho Mari som har vore mykje med ho heilt sidan me henta ho i Sverige. Men heldigvis har me mange gode minne etter ho Io.

Ulva er no godkjend ettersøkshund

juli 8, 2014

Ulva ettersøkshund

Wachtelhunden vår, Carl-Hermans Ulva, er no godkjend ettersøkshund. Krav i Norge er: 1) Blodsporprøve, minimum 2. premie, + 2) Fersksporprøve, minimum 7 poeng.

Denne veka gjekk me fersksporprøven, og Ulva fekk 9 poeng, nest høgste poengsum. Dommaren meinte at ho var ein svært bra bandhund.

Korleis du kan få ei halv ei – GRATIS!

november 25, 2013

SL370611

Den brune hunden min treng TRENING for å bli ein god jakthund. Viss du skyt ein hjort, og ser so nokolunde kor han ligg, let vera å gå bort til hjorten og ringjer meg slik at me kan spora inn på fallet – då skal du få ei halvflaske kjøpebrennevin! Viss du av ein eller annan grunn MÅ bort til hjorten, ring meg likevel, du vil berre få ein litt redusert premie. Det er ogso mulegheiter for bonus-premie!

Hundar og bein

november 19, 2013

Hund 002

Her var det litt av kvart

Før kappa eg opp bein (hjort, elg) i korte bitar og fraus dei i plastposar. No heng eg berre opp beini til ein slags «turking» – ikkje alltid like vellukka i fuktig ver. Det kan difor bli litt «lukt» viss det ikkje er turr luft, men hundane har aldri klaga over dette, snarare tvert i mot! Ut over vinteren berre sagar eg berre av korte stubbar og gir dei.

Kommentarar…. ?

Å vera redd hundar

november 19, 2013

Hund 001

Strauming av hund – aversjonsdressur

oktober 2, 2013

Denne videoen viser korleis dette kan gå føre seg. Her er det brukt rein i staden for sau, men prinsippet er det same.

Dessverre hender det at sauer vert skadde/avliva og hundar avliva for at dei har jaga sauer. Sokalla aversjonsdressur kan hindra dette.

Hjort angreip ettersøkshund

september 28, 2013

Ein kamerat fortalde denne historien som eg prøver å gjengi so godt eg kan. Dei var på ettersøk etter det som seinare viste seg å vera ein middels stor bukk, med eit høgt vomskot, langt framme. I tillegg det som truleg kun var eit streifskot i nakken. Ettersøket hadde vel pågått i bortimot 600 meter, skoten på morgonen og ettersøket nokre fåe timar seinare same dagen. Dei kom inn i tett småskog og hundeføraren måtte åla og krypa seg framover.

Brått angreip hjorten, ikkje med geviret, men «steila» opp med framføtene og trampa i marka rett framføre hunden. Dette gjentok seg to gonger. På grunn av den tette vegetasjonen fekk ikkje den medfølgjande jegeren skote heller før det hadde gått ei stund.

Men alt enda heldigvis godt til slutt.

Kva er ein tulling…?

mars 29, 2013

...

FOTO: PETTER GEISNER  («Glåmdalen»)

I fylgje GOOGLE kan me sjå ulike variantar av tullingar her. Oddvar Torsheim har eit innslag om Vestlendingen  og Galningen her. Galningen er i slekt med Tullingen.

Skjærtorsdag haika eies med ein kar frå Kvernhuset og ned til Breheimssenteret. Ikkje lange turen, men han fortalde om då han i oppveksten begynnte å jakta i Sigdal. Etter at elgjakta var ferdig, pla gutane driva småviltjakt. Når dei møtte «gamlekarane» og ikkje hadde med seg jaktbikkje, spurde alltid gamlekarane om dei var «tullete».

Seinare har han forma ut fylgjande visdomsord, som Villreinbloggen ogso tidlegare har sitert:

 På Austlandet blir ein sett på som ein tulling viss ein jaktar

utan hund.

På Vestlandet blir du sett på som ein tulling viss du jaktar

med hund.

 

 

Inger Handegård: GÅ SPOR (ei»bokmelding»)

mars 17, 2013

Gå spor

Inger Handegård:

 GÅ SPOR Fra nybegynner til ekspert (Pegasus hundebøker)

So har Inger Handegård si bok kome i sal. Dette er ikkje noko tradisjonell bokmelding, kun nokre tankar eg har etter å ha skumma gjennom 127 sidene i løpet av 48 timar. Eg har lese bøker om sportrening både på norsk, svensk, dansk og tysk, men dette er, utan tvil, den boki eg vil anbefala viss sporinteresserte hundeeigarar kontaktar meg med spørsmål om korleis dei skal starta å trena hunden sin – på den andre sida ser eg heller ikkje bort frå at ved å følgja denne boki so kan du få ein ekvipasje   som kan vinna NM-Blodspor. So dette er ei bok både for nybegynnarar og vidarekomne.

Når eg no skriv vidare om tankane mine etter å ha lese boki, so vert ikkje dette noko einidig skryt- og halleluja-roping, kanskje tvert imot. Det kan nok ofte vera lettare å finna feil og manglar ved ei bok, enn det som er positivt. Difor var det greitt å presentera hovudintrykket mitt med ein gong.

Slik eg ser det er dette ei bok som omfattar grunntreninga av ein sporhund fram mot å stilla på blodsporprøve er brukshundsporprøve. Vidaregåande trening av ettersøkshund, ID-hund mm. fell utanfor boki sitt område.

På side 16 står det som del av ein bildetekst: Vil du ha ein god sporhund bør du ikkje starte med for enkle spor. Kanskje det er ei misforståing, men dei første spori må vel vera so enkle at hunden har store sjansar til å lukkast. Vanskane legg ein inn etter kvart.

På side 22 trekkjer Inger fram ein del hunderasar, og når ein ikkje fylgjer prinsippet: Ingen nemnt ingen glemt, så må ho sjølvsagt tola at raseentusiastar føler seg forbigådde. Kvifor er td. ikkje terrier-rasar nemnt, og wachtelhund… ?  På den andre sida skal det givast ros for at forfattaren har eit ope syn på kva rasar som eignar seg som sporhundar.

Når det gjeld utstyr, har boki mange gode råd og tips. «Merkebånd» er likevel noko eg sjeldan eller aldri brukar, unntatt på legging av konkurransespor, då. Desse bandi har ein lei tendens til å bli hengande att i naturen som dårleg reklame for hobbyen vår. Med GPS og elles ved å hengja opp lyng, grastustar eller liknande, har ein like god merking, pass berre på at ikkje hunden meir lukta og går etter desse.

Boki beskriv ein teknikk som eg ikkje har brukt, i alle fall ikkje konsekvent:  Hver gang hunden løfter hodet stopper du opp ved å holde hunden mykt igjen i lina. Teknikken kan forresten minna litt (men berre litt) om teknikken «verharren» som ein kan møta i tyske og danske bøker. Denne teknikken verkar interessant og skal nok prøvast ut. Ein må vel likevel vera obs på om hunden er svært uerfaren, eller det er ein hund som sporar mykje med «høg nase». Dette kunne kanskje vore drøfta grundigare.

Bruk av mange korte spor framfor eit langt spor blir teke opp, og når det gjeld ein unghund kan vel ikkje det seiast ofte nok. Eit anna «knep» er bruk av godbitar på sporet. At enkelte av «de tøffe gutta» har aversjon mot dette, er deira problem.

Ein hund som viser liten interesse for å gå spor har eg personleg aldri møtt, men det er fint at boki har eit eige kapittel om dette.

«Tren mye på det dere er dårligst på.» Dette rådet vil eg fylgja med ein del forbehold: Ein må vurdera  motivasjonen til hunden først. Har hunden lite motivasjon for å gå spor, og er han usikker, ville eg ha prøvd å auka motivasjonen på andre måtar enn ved å auka vanskegraden. Har hunden stor sjølvtillit, men han «giddar» ikkje å fylgja eit banalt spor, då vert det noko anna.

Med sju linjer blir ogso schweisshundspor omtala. Boki seier: Dette er trolig det nærmeste man på trening kan komme et reelt ettersøk. Det er klart at bruk av sporsko gir eit image og ein «aura» av at her er det det seriøst og viltfokusert ettersøkstrening på gang. Sporsko er nok ingen dårleg treningsmetode, men at den er vesentleg mykje bedre enn eit tradisjonelt blodspor, har eg vanskar for å sjå. Flott at schweisshund-folket står på for det dei trur på, men eg fryktar at prøvane blir tyngre å arrangera og at me misser ein del deltakarar viss sporsko skal innførast. Men dette er sjølvsagt ein annan diskusjon.

Etter NINA Rapport 668 Kan vi stole på våre ettersøkshunder? En evaluering av godkjente ettersøkshunders sporingsevne på hjortevilt har fokuset delvis vore retta mot sokalla ID-sporhundar. Ein ID-sporhund er veldig nyttig innan redningshundarbeidet.  Her må eg dessverre basera meg på «synsing», men det er litt påfallande at so mange no påstår at dei stiller med ein ID-sporhund. Som boki kjem inn på, må ein slik hund trenast på etter heilt spesielle metodar der hunden først får lukta på ein sokalla «smeller» før hunden deretter har all konsentrasjon retta mot å finna att lukti frå «smelleren» etter eit spor (eller eit søk). Personleg har eg vanskar med å forstå korleis ein slik hund kan fungera på eit ettersøk der det ikkje finst blod, hår, mageinnhald  eller liknande på skotplassen.  Men boki er først og fremst ei grunntreningsbok, og ho går lite eller ikkje inn på det spesielle og praktiske ettersøksarbeidet.

Oppsummering: Boki slær etter mi meining knockout på det eg hittil har lese av litteratur om sportrening, her til lands og utanlands.  Styrken til boki er at ho er lett å lesa, både for ungdom og nybegynnarar, og at metodane som vert skildra er gjennomprøvde, tydelege og enkle å gjennomføra. Mitt interesseområde er hovudsakleg blodspor og ettersøk, og som sagt: Med denne boki som teoretisk ballast ser eg det som absolutt oppnåeleg å vinna NM Blodspor. Og som grunnlag for det vidare arbeidet med ein ettersøkshund, vil metodane som er viste her vera av den største nytte og hjelp.

Kvelpetreff på Ranebo i Sverige

august 6, 2012

Eg hadde ikkje med fotoapparat, så eg har stole «vilt oh hemningslaust» frå forskjellige heimesider og frå facebook.

Det var Carl Hermans S- och U-kull og Månbergets Muminkull som arrangerte kvelpetreff 2 -4 august 2012. Staden var Ranebostugan, Bullaren, Tanums kommun. Overnatting i hytter, telt og (camping)bilar.

Maten var fantastisk!  For 300 pr person fekk me frukost, to varme måltid, kaffi kaker, lettøl/brus kvar dag, og kokkar var ektemennene/sambuarane til oppdrettarane, som var Linda og Monica. Mannlege kokkar er ikkje dumt.

Programmet var:

  • Lydnadsträning, apportering med och utan vilt
  • Jaktprovsinfo, genomgång/ prova några delmoment
  • Skötsel av päls/öron, utställningstips
  • Info och diskussion av övriga prov och hägntest

Det vart lagt stor vekt på lydigheitstrening: Sitt – bli – innkalling. Ekvipasjane var imponerande dyktige. Sjølv med distrahering i form av innkalling gjennom smal korridor med hundar – også med møtande hund i korridoren –  så såg eg ingen som hadde problem med dette. Ulva og eg har så godt som ikkje trena lydigheit, men dette takla ho fint – heldigvis har me god kontakt, og det hjelpte nok.

Samanlikna med andre hunderasar eg har erfaring med, så ligg wachtelhunden absolutt ikkje tibake når det gjeld ”gemytt”, kontakt og lydigheit.No er det ikkje rett å døma ein rase ut frå ein enkelt hund, men ”masing” har eg sett lite av frå Ulva. Får ho ein beskjed, så gjer ho det utan stadig å testa ut om eg ”verkeleg” meinte det.

Enkelte hannhundar laga litt ”støy”, men eg såg ikkje slåsskampar. Dei gav tydelege signal med knurring og andre lydar. Eigarane og instruktørane slo umiddelbart ned på dette med kommandoar, rykk i kobbelet og nakkeristing. Ingen ”dulling” der i gården nei. Ein viktig grunn til nokre hannhundar si ”tøffing”, var nok at lille, søte Ulva hadde løpetid……. ! ! !

I lydigheitstreninga vart det neppe brukt ”godis”, heller ikkje høyrde eg lyden av ein ”klikker”. Men som sagt: Lydigheita i innkalling – bli – ligg, var imponerande god.

Målet med dette kurset, var å delta på jaktprøve i unghundsklassen i Sverige i september. Viss me deltek her får me refundert  vel tusen kroner – ei grei ordning.  Om me deltek vil tida visa. Ulva taklar forsovidt dei ulike momenta i ”gode stunder”. Problemet er om ho vil takla det med andre hundar og folk til stades. Men viss ein tegnar to nullar over einannan, får me ein åttar….. Dette var ein gjengangar-vits på kurset !

Eg trur absolutt at wachtelhunden er ein rase som egnar seg særs godt til hjortejakt. Den går godt spor, og vil også driva hjort, om han får lov til det. Ulempa med enkelte drivande hundar som drever, beagle, dachs, jaktterrier… er at eigarane kan få problem med å få hunden med seg heim etter at jaktdagen er slutt. Dette problemet har ein ikkje med ein kortdrivande hund som wachtelhunden.

Det som vart prioritert på kurset, var først og fremst jakttrening og jaktrelaterte øvelsar. Utstilingsdelen vart nemnt, men i mindre grad. Dette passa meg utmerka, sjølv om rasen sikkert kan gi mange gleder i utstillingsringen, også.

Utfrå det eg såg på kurset, og mine erfaringar med Ulva, har eg ingen betenkelegheiter med å anbefala Wachtelhunden til hjortejakt og familiehund.

—————————————————————————————-

Vil berre presisera: Det var eit veldig bra kurs. Og som hundeeigar frå Jostedalen – Luster, her me har svært gode instruktørar, kanskje i landstoppen, så har eg samanlikningsgrunnlag. Linda og Monica instruerte på ein bestemt, men samtidig mjuk og sympatisk måte. Veldig bra!

Om eg vågar meg på unghundprøven i september, det får tida visa. Eg skal i vertfall trena. Så får me sjå korleis det går.