Archive for the ‘Historiar – både sanne og litt mindre sanne.’ Category

Skomakaren som hadde so stor gosse

mai 25, 2016

skomakar

Mange gamle løer har vorte berga ved at dei har fått bølgjeblekktak i seinare tid. Denne løa har  ikkje noko med denne historien å gjera.

I Jostedalen er det fleire gode historieforteljarar, men denne har eg faktisk frå kona til ein av desse forteljarane. Kjært barn har mange namn, og for dei som er usikre på dialektordi, so vart vel både pillur og gosse brukt litt om ein annan.

Dette skjedde for ikkje so lenge sidan, trur det var i første halvdel av 1900-talet. Då kom det ein omreisande skomakar hit til dalen, namnet hans vart ogso sagt, men det hugsar eg ikkje no. Han vart verande her ei tid, so då var her sikkert ein del arbeid til han, vil eg tru. Sannsynlegvis var han både kjekk og attraktiv, og dei unge jentene vart vel litt interesserte i han. Men ryktet gjekk om at han hadde ein slik fælande svær gosse, so det var ingen av jentene som prøvde seg.

Men so var det ein kveld, helg var det sikkert og, at ei jente likevel ikkje heilt greidde å styra seg, og ho fekk med seg skomakaren inn i ei høyløe. Der vart dei ei heil stund, og det var sjølvsagt dei som fylgde med på dette. Etter ei god stund kom dei ut att, men  jenta var halt resten av livet.

 

Advertisements