Archive for the ‘Rovdyr’ Category

Grevling – spor etter matsøket hans

mai 24, 2016

Grevlingen, merk grammatikken: bunden form eintal, er komen til Jostedalen, og her ser det ut til at han trivst, og då vert han nok verande. På marki hass Otto Runningen (er namnet rett skrive?) fortalde han som driv jordi no – etter nest siste fjelloppsyn , med forbehold om at ikkje eit nytt er tilsett i desse dagar – at det på marki var nokre påfallande hol. og at desse holi  var spor etter grevling som jakta på makk, meitemakk.

Marki var nyleg gylla, men eg fann nokre striper som var litt reinare, og tok med dei nye Audlandskodna mine på bildet for å syna størrelsen på holene i marki.Skorne vaska og skrubba eg etterpå.

Holene var nok ikkje av nyare dato, men likevel trur eg at dette kan folk sjå etter viss dei trur grevlingen er komen der dei bur. Viss dette er rett – og rett sitert etter det nest siste fjelloppsynet i Luster. Sjølv trur eg i alle fall at dette er rett.

Advertisements

Grevling

april 28, 2016

liv anny

Dette er bildet som Liv Anny tok av grevlingen nett frammafør Mosevollen i kveld.

I kveld ca klokka 9.30 gjekk eg ein rusletur med hunden, ned mot Gjerdekvile. Litt nedanfor dammen der det ogso ligg lagra ein del rundballar, kom det ein grevling. Då han oppdaga oss, sprang han rett i noko netting og sette seg fast. Eg gjekk bortåt, men då eg var nokre fåe meter frå grevlingen, kom han seg laus og sprang til skogs. Hunden min var nokso nær. Litt fresing og gøying vart det av dei to dyri,  men eg fekk hunden  uskada med meg heim. Det er eg nokso glad for. Eg hadde ikkje med meg kamera.

Tidlegare på kvelden tok ho Liv Anny bilde av ein grevling ved Mosevollen. Om det er same grevlingen veit eg ikkje. Den eg såg var relativt brun med litt gult i pelsen, det er i alle fall det inntrykket eg sit att med – han var ikkje so svart som dei eg har sett bilde av.

Spor i Nigardsbredalen

mars 18, 2016

Dette kan kanskje vera jervspor. Ved bommen/kortautomaten.

I dag var det ogso mykje hjortabæsj og -spor i vegen som går fram til Brevatnet.

Ein rev tergar ein jerv

april 22, 2015

http://www.nrk.no/sapmi/her-terger-reven-vettet-av-jerven-1.12322669

Artig film  !

Ulv et levande «elk»

november 22, 2014

Illustrasjonsfoto

Det ser ikkje pent ut når  rovdyri skaffar seg mat . Men å seia at dei er «vonde» blir feil.

Jervejakt og jervefangst

september 28, 2014

 Bilde0115

I haust har ein sauabonde misst altfor mange lam i Krundalen. Det må vera trist. So høyrer han eies at han ALB planlegg ei jerveåte i Øy, eit positivt tiltak !

Jervejakt er nok vanskeleg, men med viltkamera montert kan det muligens bli litt enklare, om det fører til fangst er likevel usikkert. Uansett tykkjer eg det er rosverdig at nokon vil bruka tid, kanskje pengar og krefter på eit slikt usikkert prosjekt.

Han eies hadde ansvaret for ein jervebås i Fåberg ein vinter. Ein slik bås skal i utgangspunktet kontrollerast to gonger dagleg, «manuelt» som det heiter. Fangst fekk han eies ikkje, men kort tid etter at båsen var stengd, kom ein jerv, la framlabbane på kanten og keik nedi. Viss eg ikkje misforsto den rovdyrkunnige som observerte dette, var dette eit godt teikn, og sjansane var store for at jerven ville koma att neste år når han no visste om båsen. Men neste vinter var båsen stengd for fangst. Det urimeleg arbeidskrevjande arbeidet med tilsyn gjorde at båsen vart stengd. Men elles gjorde han eies seg ein del erfaringar som potensielle jervefangarar eller – jegerar kanskje kan dra nytte av.

At ein må tåla kritikk og spitord – ein som driv med slike aktivitetar, er nærast «obligatorisk» og det minste problemet.  Det beste han eies fekk høyra i denne sjangeren var: «Har du åta utanfor eller inni båsen ?»

Ein gut kom og fortalde meg at båsen var i so dårleg stand at dei skulle tøma diesel oppi og setja fyr han. Eg trudde det var SNO som hadde tilsynet med slik fangst, dessutan kunne neppe dei «lokale kontrollørane» ha studert båsen på nært hald. Men eg får leggja godviljen til, og rekna soleis med at det var gjort i beste meining, kanskje for å hindra at eg skulle få tilsnakk frå kontrollørane. Men litt overivrig var det vel.

Sidan jerven drap mykje i Krundalen, vil eg tru han kjem att for å finna restar her i vinter. Ein jervebås i Krundalsområdet i vinter kunne ha vore ein tanke, men då plassert slik at det daglege tilsynet kan gjerast med kikkert – gjerne tvers over dalen. Om ein av båsane i dalen kan flyttast eller me treng ein ny, veit eg ikkje.

Eit anna tips eg fekk for å unngå å slita seg ut med den daglege kontrollen over lang tid, var dette: La båsen stå open, men ikkje oppspend so han fangar. Viss det viser seg at jerven har vore der, kjem han att etter 10 dagar, eller i løpet av ti dagar. Dette skal vera utprøvd. Take it or leave it, seier berre eg.

So ALB & Co. Ver optimistar og stao pao ! Lytt til eldre og erfarne folk her i dalen. Men kanskje viktigare er det å kontakta slike som faktisk har lukkast andre stader – i og utanfor kommunen. Jegerane  vil heilt sikkert måtta høyra mykje kritkk for det dei driv med. Lytt til kritikken, men kast vekk alt de ikkje har nytte av.

Dette var berre litt supplering til det kravet som no går mot SNO om meir helikopterjakt. Eg tykkjer jerven er eit flott dyr som høyrer heime i fjellheimen. Men når han gjer slik skade som i Krundalen i år, må noko gjerast. Mykje meir kunne vore skrive, men dette var det vesle bidraget mitt, denne gongen.

God jakt !

«Jeg får i fare hvor jeg går»

mai 11, 2014

revogeinar
Foto: Alain Turgeon/Arne Eithun / Scanpix/NRK

Første verset av Hans Adolph Brorson sin salme «Jeg går i fare hvor jeg går«, frå 1734, lyder slik:

Jeg går i fare, hvor jeg går,
min sjæl skal altid tænke,
at Satan alle vegne står
i vejen med sin lænke;
hans skjulte Helved-brand
mig let forvilde kan,
når jeg ej på min skanse står.
Jeg går i fare, hvor jeg går.

Ei ugle angreip ein gut i Gaupne, Einar Fortun vart biten av ein rev i gamasjane, snart kjem vel dagbladet med reportasjar om flåtten, «revens lille bendelorm» truar oss på grensa frå Sverige, og so bjørnen….

Trur det er på tide å ikkje hausa slike historiar altfor mykje opp.

Men har dei teke det rette rovdyret… ?

mai 11, 2014

jervifjærland
Foto: Aurland-Rovviltseksjonen / Statens naturoppsyn

Sjå Nrk Sfj.

Slik eg har forstått det, so vert det ofte mykje rovviltdrepne sauer på eit relativt lite område når jerv eller bjørn først slær til. Det kan soleis sjå ut som at det er eit mindre utval av rovdyri som har spesialisert seg på sauer. Eg er ikkje fagmann på dette området, men slik eg ser det kan det vera slumpen om det er dei «rette» skadedyri som vert tekne ut av SNO, særleg fordi hodyri skal sparast.

Skal tru om det kunne vore ein betre taktikk og hatt eit korps med dyktige jegerar som kunne steppa inn på kort varsel der det var gjort massedrap på sauer? Då ville ein lettare kunna plukka ut den «rette» jerven eller bjørnen. Byråkratiet er ogso i slike tilfelle eit hinder, og bør forenklast og effektiviserast.

Slik det er no kan me risikera at det vert teke ut rovdyr som har spesialisert seg på smågnagarar (eller vaffelkaker), og desse gjer vel mindre skade.

Jervajakt

mars 25, 2014

jerv
Illustrasjonsfoto

I dag såg eg helikopteret, i sakte fart, heimover (eller var det nedover…) Vårstølen under Haugastølen, og eg tenkte at no er helikopterjakti i gang. Seinare ut på dagen høyrde eg at det var skote ein jerv nær Hafslo.

Eg tok ein trugetur i Bredalen. Der møtte eg ein pensjonert(?) fjelloppsynsmann saman med dalens yngste(?) sauabonde – spreke og trivelege karar, begge to. Dei var på jervasporing, men spori på Brevatnet var nok for gamle.

For sauabøndene og sauene sin del er det heilt greitt at jervestamma vert halden under kontroll på denne måten. Men litt synd tykkjer eg det er at jerven ikkje kan utnyttast til tradisjonell jakt og fangst. Eg er overtydd om at viss nokon vil gå i gang med jakt eller fangst av jerv, so bør dei kunna lukkast, her i Jostedalen. Stao pao, jegerar og fangstmenn !

Lomhund

november 10, 2013

Ferist

Haukugle

lemen

Illustrasjonsfoto (Kameraet mitt er øydelagt – har nokon eit ok kamera, brukt, å selja?)

Det var ikkje før i haust at her kom invasjon av lomhundar. På ein liten biltur til Fåberg ein kveld, talde eg ti stk etter vegen.

Feristene har delvis fungert som dyregraver/fangstgroper. På grunn av dei steile og bratte råmene inni ferista, kjem ikkje lomhundane seg opp att. Somme stader kjenner du rotalukti av daude lomhundar på avstand. Nokre er framleis i live og nokre har byrja å eta på kvarandre i desperasjon. Kjenner ei jente som har plukka opp levande i ein liten hov, og ho påstår at lomhundane forstår bergingsaksjonen henner og kryp inn i hoven med vilje….. Sjølv har eg sett små pinnar på skrå slik at dei kan krypa opp. Ikkje særleg logisk, for 99,9% av dei går uansett den visse daude i møte.

Haukugle er ein ny fugleart her i dalen, i haust, på grunn av denne invasjonen, truleg.

I Vigdalen vart det fortalt om lomhundar der hovudet var fjerna. Kanskje nokon har ein forklaring på dette…..?