Dette er favorittobakken min no for tidi. So langt eg kjenner til er han ikkje råd å få kjøpt i butikkar eller hjå tobakkshandlarar i Norge – kun i taxfree-butikkar på flyplassane.
Desverre/heldigvis er eg lite ute og reiser i den store verdi. Men viss nokon er på ein taxfree og kjøper ein slik til meg – mot betaling sjølvsagt – skal dei som bonus få ei medium treskål som eg har dreia. Ei skål pr tobakksøskje.