Archive for the ‘Modum’ Category

Piperøykjing

april 7, 2014

DSCN0032

Øvst ei fransk pipe, kjøpt i Vikersund, i midten ei rimeleg tsjekkisk pipe til vel 100 kr, nedst ei italiensk pipe til knapt 300 kr.

Han eies har begynt å røykja pipe. Han begynte medan han var på Modum Bad, mest fordi han meinte at dette kunne gjera at han lettare kunne takla ein del sosiale utfordringar. Dette vart gjort i samråd med fagfolk der nede, og han fekk full støtte for prosjektet sitt.

Mange vil truleg innvenda at det er skadeleg å røykja, me kjenner alle skremselspropagandaen på tobakkvarene me kan kjøpa i butikkar og kioskar. Til det er å innvenda at han eies stort sett ikkje dreg røyken ned i lungene, ikkje mykje i alle fall, han røykjer ikkje so mykje heller, tre – fire gonger for dagen, oftast. Tjøra som skapar problem i lungene til sigarettrøykjarar kjem frå sigarettpapiret, og det ungår ein piperøykjar.

På den andre sida vil eies absolutt ikkje tilrå nokon å begynna å røykja, spesielt ikkje born og unge. Ein lege som var innlagt saman med meg meinte og at i min alder var risikoen likevel liten. Det ein piperøykjar må vera obs på er kreft i lepar og tunge.

Han eies og ein annan piperøykjar i Luster er einige om at røykjing er meditasjon, i alle fall er det meditatve trekk i piperøykingseremonien med rensing av pipa, stapping, få fyr på pipa og so «puffinga» eller kva teknikk ein vel å bruka. Skal ein røykja pipe, må ein setja av god tid. Konsentrasjonsevna blir styrkja, ein greier å skyva vekk ein del suter og sorger, og for å markera avslutninga på ei økt passar det godt med ei pipe.

Den einaste suta han eies har når det gjeld piperøykjing er at han tykkjer at han i lengre tid har hatt ein del mindre ulydar i lungene når han dreg pusten kraftig. Han har kvitt seg for å ta ein legesjekk, for anten må han slutta, eller so har han fått hypokondriske tendensar. Ikkje bra nokon av delene.

Advertisements

Oppholdet mitt på Modum Bad

november 15, 2012

Desse bileta tok eg med mobilen min

Den 30. oktober var eg ferdig med eit 10 vekers opphald ved Modum Bad, avdeling for depressive lidelser og komplisert sorg. Eg har lyst å skriva litt om dette, men som dei fleste forstår: Utan å bretta ut sjeli mi i altfor stor grad, noko slikt høyrer meir heime under fire auge når og viss begge partar kjenner seg komfortable med det.

Det var eit hardt og slitsamt, men veldig fint opphald. Eg vil anbefala eit slikt opphald til alle som føler at dei har bruk for det. Men det krev høg motivasjon og stor eigeninnsats av den enkelte. Å søkja på Modum kun etter å ha høyrt om staden av ein ven eller å ha fått tips av fastlegen er neppe nok. Ein må vera motivert for å jobba med uheldige metodar som ein brukar for å takla livet sitt. Ein må også vera villige til å ta fram att tidlegare episodar i livet som har påverka den enkelte. So berre søk på Modum. Du vert vurdert og testa nøye på førehand, for at dei skal finna ut om du kan ha nytte av eit opphald.

«Va da nåke hjelp i?»/ «Tykkje du da ha hjelpt?» er spørsmål eg har fått. Ja, eg har tru på det, må bli svaret mitt. Men terapeuten min sa at for å forandra åtferd og arbeida inn nye meistringsteknikkar, då vil det ta 1,5 til 2 år. Eg trur han har rett.

Det var trist, men veldig interessant å sjå menneske som sleit med ulike problem: angst som gjorde at eit uskuldig smell fekk dei til å kollapsa meir eller mindre, skinnmagre jenter med spiseproblem, heile familiar som var innlagde, ein lang korridor med folk, også gutar, utsette for sexuelle overgrep, rusproblem, medikamentmisbruk… Historiane var mange og til dels utrulege, men på grunn av teieplikta kan eg ikkje gå inn på dei i detalj.

Eit unntak er kanskje godguten «Minken». Han har markert seg i radio, fjernsyn og aviser, han har skrive ei bok om livet sitt, snart kjem det ei til. Kallenamnet sitt fekk han etter å ha dukka ned etter ein laks som hadde surra seg fast, og kom opp att med laksen i kjeften. Han har vore med i «Ut i naturen»-program, vore med Lars Monsen og andre kjendisar,  Og i røykebui var han eit naturleg midtpunkt med alle dei fantastiske, men so langt eg kunne finna ut: Sanne historiane. Livet hans var ei pendling mellom dei djupaste tragediar og dei største gledesstunder.

Røykebui, ja. I ein alder av snart 60 år valde eg å begynna å røykja, for aller første gong, pipe.  Sjølvsagt vil eg ikkje anbefala unge menneske å begynna å røykja. Men av og til må ein bruka eit «vonde» for å takla noko som er endå verre. Mi erfaring er at dei som røykjer er mykje lettare å få kontakt med enn andre folk. Kan det vera fordi me på ein måte tilhøyrer ei «paria-kaste», ei gruppe som kan sjikanerast og mobbast utan at me har dei vanlege rettane til å forsvara oss? Men som terapeuten min sa: Bruk av tobakk og andre rusmiddel er sterkt miljøavhengig. Det har eg merka. Røykinga mi har dessverre/heldigvis avteke sterkt etter at eg kom heim.

I behandlinga stod terapi, både i gruppe og åleine saman med terapeuten sentralt.  Den einskilde styrte sjølv kor mykje han ville fortelja om seg sjølv, men alle hadde tausheitsplikt, so viss du ynskte utvikling, måtte du nok vera villig til ogso å snakka om ting som kunne vera til dels svært ubehageleg. Gruppepsykoterapien og individualterapien var truleg dei viktigaste timane våre – tross i at terapeuten min sa at det viktigaste skjedde utanfor terapirommet.

Maten var god, tre måltid,  det siste vart servert 15.30. Men kvar avdeling hadde eige kjøkken med kjøleskåp. Organisert fysisk trening to gonger i veka, styrkerom, salar for ballspel mm., og flott turterreng. Men dei som leitte etter «Badet», vart nok skuffa. Rettnok eit lite utandørs basseng til sommarbruk, men i Vikersund sentrum var det eit flott badeanlegg.

Mange pasientar med psykiske plager må nytta sovemedisin og/eller annan medisin for å koma i gjennom dagane og ikkje minst, nettene. I ein fastlege sin travle kvardag kan ein ikkje sjå bort frå at det reint umiddelbart kan vera freistande å skriva ut medisinar når det er nødvendig – men i nokre tilfelle også når det er unødvendig. Slik eg opplevde det, hadde Modum eit restriktivt og sunt syn på medisinbruk. Mange fekk fjerna, visstnok seponert i legespråket, eller redusert medisindosane dei gjekk på.  Dette såg ut til å gi mange eit betre liv. Likevel vil eg streka under at intrykket mitt var ikkje at Modum var negative og avvisande til medisinbruk, men dei hadde eit sunt og restriktivt syn på bruk av medisinar.

So hadde me «Utrykksterapi» som eg vil kalla ein slags «formingstime» med psykologisk vinkling. «Oppmerksomheitøvelsar» var ein slags meditasjon der det religiøse aspektet var fjerna. «Mindfulness» er visst noko liknande, for dei som kjenner til det. Bra for mange.

Modum byggjer på eit kristent fundament, men det var absolutt ikkje plagsomt, for å seia det på den måten. Eiga kyrkje, prest og inne på avdelinga var det eit rom som var innreidd som eit kapell. Dette rommet var bra lydisolert, og eg og andre spelemenn brukte det difor som øvingsrom. Det var ei økumenisk kyrkje, etter det eg forstod. Men verken muslimar, humanetikarar eller andre vil truleg ikkje oppleva det religiøse aspektet som ubehageleg eller plagsomt.   

Kva kjenneteiknar ein depressiv person? Er det ein tåredryppande person som går rundt med nasen i 45 graders vinkel mot jordi, og med ein geip der begge munnvikane peikar konstant nedover? Tja, kanskje… Men dei mest hjartelege, høglydde og ekte latterkulene eg nokosinne har høyrt, kom frå store og små grupper frå avdelinga for Depresjon og komplisert sorg, på Modum Bad. Kanskje har det med at viss ein har vore i den djupaste, mørkaste avgrunnen, så set ein desto meir pris på livets lyse sider. Dessutan hadde veldig mange ein velutvikla sjølvironisk sans, trass i at dei var nærtakande og sårbare.

Eg håpar at Modum Bad får driva slik dei gjer i åri som kjem. Takk for eit fint opphald!

Neppe mykje jakt på eies i haust

juni 20, 2012

Lustrabadet – Luster Bad  (namnet skjemmer ingen sa’n Tjuv-Nils) – er snart klart til bruk, til glede for lustringar og andre. eies skal derimot vera deler av hausten ved eit anna bad: Modum Bad. Det vert truleg i tida frå midten av august, og til og med oktober. Det vert difor neppe mykje hjortajakt eller anna jakt i haust, på han. Men sannsynlegvis vil eies få stort utbytte av opphaldet ved Modum Bad, på andre måtar.