
Fotograf: Kato
På «selvutviklingskurs» og i «selvutviklingslitteraturen» blir det ofte poengtert at ein skal ha lågt og lite fokus på det ein har mislukkast med i livet – viss ein vil ha framgang i livet sitt og oppnå «gull og grøne skogar». Det er nok mykje sant og rett i dette. Likevel vil eg ta med nokre episodar eg har vore gjennom – episodar som ikkje ga meg gode følelsar.
I haust sat eg på post då ein elgokse kom. Han følgde vegen der viltet plar gå, og å fella denne med eit velplassert skot skulle i utgangspunktet vera som å eta graut. Ei bjørk gav meg ogso godt «framlegg». Då elgen hadde breidsida mot meg, gjorde eg den vanlege prosedyren: Plystra eller laga en annan skarp lyd – to gonger. Men av ein eller annan grunn stoppa ikkje denne elgen.
Då var det eg gjorde tabben som eg ikkje skulle ha gjort: Eg skaut på elgen medan han var i bevegelse. Dei som har trena mykje på «løpende elg» på ei skytebane, kan muligens meistra eit slikt skot. Eg gjorde det ikkje. I ettertid viste det seg at kula hadde treft i eine låret og ryggen.
Elgen viste tydelege skotteikn, mellom anna gjorde han «baklengs salto» då han skulle opp ein liten bakke. Difor trudde eg ei stund at skotet var vellukka, men det var nok ikkje det.
Elgoksen la bak seg ein nokso bra distanse før han la seg ned, høgt oppe ved skoggrensa. Men heldigvis var terrenget slik at han kunne følgjast gjennom kikkertane til jaktkameratane mine. Til slutt var det han Leiv Rune som fekk jobben med å gå gjennom bratt og kronglete terreng. Han avliva den liggjande elgen med eit velplassert skot. Slik sett fekk jakti likevel ein vellukka slutt. Men eg håpar at ingen, verken eg eller andre, skyt på vilt i bevegelse utan å ha dei nødvendige ferdigheitene til det. Denne jakti gav meg vonde kjensler, og eg strevar enno med å finna att gleda ved å gå på jakt. Men det går seg vel til……..
—————————————————————————————————-
Skuldar å leggja til her: Sjølv om denne skadeskytingi kom av ei grov feilvurdering av underteikna, so høyrde eg ikkje eit einaste kritisk eller negativt ord frå dei andre på jaktlaget.