Archive for the ‘Musikk’ Category

Durspel – einradar

juni 16, 2016

Eg hadde ei jente

juni 16, 2016

Betennelse i muskelfeste

juni 12, 2016

Eg var instruktør i felespel på Mokurset i fjor sommar. Dessverre hadde eg for dårleg grunntrening, og mot slutten av kurset fekk eg vondt i venstre handi, og dette har plaga meg sidan. Hin dagen gjekk eg til fysioterapeut, og han konstaterte betennelse i muskelfeste. Eg fekk Ibux Gel til å smørja på. I tillegg viste han meg korleis eg kunne teipa handi når eg skulle spela fele slik at musklane skulle få støtte – sjå bildet. Dessverre vart tapen fort skiten, men dette fungerer elles heilt greitt.

Om ei og ei halv veke er det Landskappleik, og for første gong på ca 30 år har eg meldt meg på – i to ulike klassar faktisk, denne gongen. Håpar og trur at det går bra. Kan vel leggja til det som gamle-arbeidsgivaren min sa av og til: Gaor da so gaor da, å gaor da ikkje – so gaor nok da åg.

Hardingfele laga av Lars Stølen

juni 7, 2016

Lars Stølen var flink til mangt og mykje, og han vert sakna. Slik eg kjende han hadde han sterke meiningar, men i farten kan eg ikkje hugsa ein einaste gong at han spissformulerte seg eller provoserte nokon. Han var og ein god ven.

Denne fela ga han til Jostedal Spel- og dansarlag, laget som han sjølv var med og skipa. So vidt eg veit byrja han fyrst å laga feler i godt vaksen alder. Denne fela fekk bronsemedalje på Landskappleiken i 1996 i Vågåmo. Det hadde vore forvitneleg å få sjå resultatlista frå konkurransen, og eventuelt kritikkskjemaet frå dommarane – sjølv om ein dommaruttale ofte seier meir om dommarane enn om den som blir dømd. Eg veit i alle fall at sylvmedaljane har hange høgt – gullmedalje kjenner eg til har vore utdelt kun ein gong, i 2002, og  då vart det uttalt: «Tildeling av gull skjer so uhyre sjeldan at ingen veit kva tid dette sist skjedde.» Dette vert sjølvsagt spekulasjonar, men kva kunne Lars Stølen ha utretta som felemakar om han hadde begynt i yngre alder…?

Lars Stølen kjøpte ogso ei nyckelharpa som han ga til Jostedal Spel- og dansarlag. Det er all grunn til å ta godt vare på desse to gåvene, og eg håpar og trur heller ikkje at noko anna vert gjort.

«Eg hadde ei jente i fjor i ein fest»

mars 18, 2016

Syvert 1

Amund morkDet store bildet har eg henta frå Kjellrun elvekrok sin blogg, og Syvert har då svart jakke.

I  A. Bjørkum/J. Bondevik: Dikting og diktarar frå Sogn (Førde 1978) er det ei vise som det står at Hildur Øygarden, Luster har skrive opp etter Syvert Hesjevoll:

Frå Jostedalen.

Eg hadde ei jente i fjor i ein fest, ho tok meg i handi og sa eg var best.

:/: Sjung- dudl-ung-dudl-ung-dudl-ung dei:/: 

So kom dar i dansen ein sprettande kar – han bukka so byfint og røykte sigar.

:/: Sjung- dudl-ung-dudl-ung-dudl-ung dei:/: 

oll

Og som det no leid på eg tok meg ei skrå, og sette meg beinaste bort i ei krå –

:/: Sjung- dudl-ung-dudl-ung-dudl-ung dei:/:

Men so har Magne Hesjevoll og Svein Nesje forska litt meir på dette. Då viser det seg at nordfjord-diktaren Amund Mork (1884-1963) har ein lenger versjon av den same visa:

Eg hadde ei jente i fjor i ein fest

 

Eg hadde ei jente i fjor i ein fest,

ho kneip meg i handa og sa eg var best.

:/: Sjung dudelung dudelung dudelung dei :/:

Eg hoppa og dansa og tulla meg du,

med handa om livet eg henne fekk snu.

Eg hadde ikkje kjent noko liknande før,

 eg vart mest som tumlen og svimlen og ør.

Per Spelmann han spela og fela ho let.

Og eg heldt på reint skulde missa mitt vet.

 

So kom der i dansen ein sprettande kar –

han bukka og skrapa og røykte sigar.

Eg tok til å skjelva som aldri du trur,

og tenkte at no tek han frå meg mi brur.

So let det frå fela ein polka-masurk.

Då kom han so stram, denne blåkledde skurk.

 

Han bukka so byfint denne finfine kar.

Ho reiste seg blidsleg og gjorde seg klar.

Du hoppa, du dansa, du tulla deg du,

Med handa om livet han henne fekk snu.

Ho såg han i auo so blid og so glad,

jau her fann ho guten som ho ville ha.

So let det frå fela ein klagande vals,

og eg sat i kråi med gråt i min hals.

Eg hadde ’kje kjent noko liknande før,

no sat eg so sur – ja, som årsgammalt skjør.

 

Eg tok ned i lomma og fann fram ei skrå,

og sette meg beinaste bort i ei krå.

Og sat der og venta, ho kjem då vel att,

men takk skal du ha, beint ut døra ho smatt.

Nei, no aldri meir eg på jentene trur,

 no tek eg meg heller ei huldre til brur.

:/: Sjung dudelung dudelung dudelung dei :/:

Amund Mork

(Eg fekk litt problem med redigeringi  –  kanskje nokon kan hjelpa meg her med å få passelege opphald i teksten mellom strofene/versi…. ?)

Visa er tidlegare med på ei plate:  Traditional songs from Hornindal ( http://www.amazon.com/Fortal-Traditional-Songs-From-Hornindal/dp/B001PC5FPC )   Denne ligg ogso på SPOTIFY.

På fylkeskappleiken 2016 i Kjølsdalen framførde eg denne visa.  Her fortel eg om visa.

Og so var det framføringi. Her syng eg visa.

 

Platemelding: Einar Mjølsnes – Slåtter etter Anders Sagen

mars 14, 2016

Denne platemeldingi har eg skrive  –   klikk deg inn på linken nedanfor:

Einar Mjølsnes – Slåtter etter Anders Sagen

 

Ein storkommune i Sogn – det er fali, det

februar 22, 2016

Ludvig er i ferd med å ta eit større steg. Går det bra, tru….

Ludvig er redd for forandringar, han er pessimist og redd for det meste – i kor stor grad dette kjenneteiknar lustringar veit eg ikkje.  Noko som er lettare å uttala seg om, er at det i ikkje alt for fjern framtid skal avgjerast om Luster skal gå inn i ein storkommune eller om me skal prøva å greia oss sjølve. Meinngane i denne saki er mange og sterke. Som eit alternativ til å lesa fagrapportar og urgreiingar for å finna ut kva som er hensiktsmessig for oss å gjera, vil eg gjera ei samanlikning.

Luster Musikkskule vart starta i 1978, i 2006(?) gjekk musikkskulen inn i Sogn kulturskule som omfatta Leikanger, Sogndal og Luster kommunar. Slik eg har forstått det skulle dette vera ein «vinn-vinn-situasjon», altso noko som skulle gjera at alle partar, ogso me i utkantane, totalt sett skulle få eit betre opplæringstilbod i musikk for born og unge.

So opplever me brått at det i Luster kommunestyre blir stillt spørsmål om me er betre tent med å gå tilbake til ordningi med eigen kulturskule. Det  verserte rykte om stemoderleg behandling mellom anna av opplæringi på tradisjonsinstrument, og frå talarstolen i kommunestyresalen vart spørsmålet  stillt: «Er Luster best tent med eigen kulturskule?»  Det vert jobba vidare med saki, og korleis dette endar veit me ikkje enno.

Har dette noko å gjera med om Luster skal gå inn i ein storkommune? Ikkje nødvendigvis, men det kan ha noko med korleis utkantgrender i ein utkantkommune kan oppleva det å gå inn i større einingar. Og då tenkjer eg både på korleis det gjekk etter at Luster musikkskule gjekk inn i Sogn kulturskule – og på ein eventuell framtidig situasjonen der Luster går inn som del av ein ny storkommune.

Inntil vidare skal det bli interessant å sjå korleis det går med Luster sitt forhold til Sogn kulturskule, blir utkantane høyrde, og korleis blir denne saki  handsama og  løyst.

Dette er sjølvsagt ikkje fasitsvaret på kva Luster skal gjera når det gjeld kommunereformen. Det var berre ein alternativ måte å sjå problematikken på.

Notat av Arne Bjørndal: Speltradisjonar frå Jostedal

februar 15, 2016

Sjur

Sjur Hesjevoll (1914 – 1994)  meistra både det utadvendte og det innadvendte i musikken

Folkemusikksamlaren Arne Bjørndal 1882 skreiv ikkje opp slåttar i Jostedalen, etter det ein veit. Men han skreiv ned noko tradisjonsstoff. Notata til Bjørndal er i teksten nedanfor gjengitt med kursiv, det andre er mine kommentarar. Synnøve Bjørset ved Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane på Leikanger, har hjelpt til med å få tak i stoffet som opprinneleg er å  finna ved Arne Bjørndals samlingar ved UiB.

Notata er transkribert ein tidlegare tilsett ved arkivet. I transkribsjonar kan det snika seg inn feil og mistydingar. Eg har gjort nokre rettingar i teksten, utan at eg har markert desse. Dei som vil forska meir på dette, må sjølvsagt gå til dei originale handskriftene.  Tekstane er av og til vulgære, slik som elles i folkediktingi.

Først eit slåttestev til springaren ”Hei so dansa jenta mi”, kjend over store deler av hardingfeleområdet. Legg merke til at det står ”gjentao” og ”pjuskao”, om dette er feilskriving veit eg ikkje. Oppskrive etter Kristen Ormbergstøl: 

«Hei so dansa gjentao mi,»

fire merker ru pa pjuskao si, e

ha o ikkje det so æ ho ikkje mi,

endå so tek ho vinterklyppa fri.

Å hadd ikkje udli vore so stri,

so kunde ho spyta sokka ta di,

alt fekk ho tao pjuskao si.

 

Eit lite stev, kanskje litt naivt i innhaldet. Etter Kristen Ormbergstøl:

«Horlo di Guri)

Har du musa di Guri,

nei eg ha’o inkje på meg,

eg la o atte haima,

difyr går eg her åleina. 

 

Muligens fragment av eit stev. Truleg etter Kristen Ormbergstøl:

Å e stakk ho inn i skåpe,

sjøl so styr eg fyre låse.

 

Sjur Hesjevoll spela springaren ”Lystig og kåt”, ein springar som i nyare tid har vore ein del nytta til dans. Stevet er truleg etter Kristen Ormbergstøl:

No må du vera ledig å kåt,

detta æ siste låten du får.

 

”Attegløyma” er ein vossarull etter Ola Mosafinn. Ei ”attegløyme” var eit namn brukt på ei eldre, ugift kvinne. Slåtterim til Attegløyma, i 6/8 takt, oppskrive etter Ola Mosafinn: «Å kor ha du no skikka deg so at gutane vil ikkje ha deg: :/: no lyt du gråta deg spendt i hel, :/: daa vert ikkje anna uttao deg.»

Dette fragmentet er truleg etter Kristen Ormbergstøl: 

«Attegløyma»: Å kor ha du no». Kjend.

 

Springar, stev etter Kristen Ormbergstøl: 

Å Ola (h)eitte han,

å pipa hadde han,

å tobakk hadde han i pipa.

Å då han såg seg um,

å då va pipa tom,

so hadd» han inkje meir å røykje.

                 

Stev, truleg etter Kristen Ormbergstøl:

Ola Ola, kvi sete du so

antantan (?) kann du bøte eller lappe ein sko,

so du kann tene deg skjeling eller tvo,

for tobakkstoen (?) står aldri i ro. 

 

Truleg stev-fragment. Etter Kristen Ormbergstøl:

«Eg hev høyrt kven du skal ha» (kj. i Jostedal) 

 

Truleg slåttestev. (strokk=høgt trekar, gjerne uthola trestokk; glymja=dundra, ljome) Etter Kristen Ormbergstøl:

Å me ska syngja, å me ska glymja

fyr prest å klokkar i store strokkar.       (Jostedal)

 

Dette slåttestevet og slåtten som høyrer til er særleg kjend i Telemark. Ein variant av slåttestevet derifrå er: ”Var det kje du som leika med Guro, fysst unde`gråne så unde` furo.” Og Guro skal visstnok vera eit anna namn på huldra:

Va det kje du so låg me n e Guri,

fyrst upp i lofte ne te bui;

va det kje du so likka og lengde,

va det kje du so g.(gjenta ?)  mi kjende.     (Jostedal) 

 

So kjem det nokre opplysningar om kvar jostedølene ættar frå:

Lars Rasmussen Fåberg f. 1866. Soneson Lars R. kan fortelja.

Jostedølerne ættar frå Nordfjord, Gudbr.dal, Luster, Havslo.

                             Rasmus Ormbergstøl. 

 

Nokre opplysningar om spelemenn i Jostedalen. ”Nedrebøkarane” er vel ikkje rett, det rette må vera ”Nedrelidkarane”: 

Hans O. Myklemyr f.1839-1918. Spelar. Kunde ei mengd slåttar. Lærde av Gamle-Rasmus. Anders H. Nedrelid*) lærde mest av faren og broren. H.O.M. lærde og av ein Ole Samuelsen frå Austlandet.

Ola J. Nedrelid (Hallvegen) f. 1838, d. 1920 i Luster. H.O.M. lærde ogso av Nedrebøkarene Anders og Rasmus. Anders nytta Samning-fela, Rasmus Heldalsf.**)

Jetmund Larsen Ytri, Jostedal, f. kring 1760, skulde vera god spelar. 

 

Truleg eit slåttestev:

«Skift sildo ito.» – kjend i Jostedal. 

 

Ei opplysning om lausdans eller hallingdans:

«Krukedansen.» Same som halling.

                          Kristen Ormbergstøl. 

 

Opplysningar om spelemenn frå Gardshaugen og Nedrelid:

*) Gardhaugen

**) Andres laga ogso felor. 

 

Eit litt merkeleg stev om å bli enkemann, truleg er innhaldet  humoristisk:

Stev VIII or Jostedal:

Ein enkjemann han må ofta gråta,

han må beklaga seg på ein måte;

hans stilling den æ no ei so herleg,

men høyr no berre kor da må gå:

På gravi såg han seg ut en pige

på akkjan, nikkjan eller tjuge år.

 

Opplysningar om spelemenn i Fåberg:

Jostedal.

Lensmann Lars Fåberg, f. 1803, d. 1883, spela og, likeeins Ola Larsen Fåberg, f. 1806, d. 1905. 

 

Kva som er meint her, er uklart: 

1928-29 vart det sendt 32 nr. til departementet; – mest folketonar. 

                                     

Stev frå Jostedalen:

Ette kjem bitafylgje,

kan det ikkje for dekka dylje.

Skurneguri, Fanta-Mari, Slaiva-Jyri» å Gampa-Kari

Lusa-Beri», Kneta-Siri, Flotta-Sylvi å Loppe-Randi. 

 

Kristen Ormbergstøl har her gitt nokre opplysningar om Anders Nedrelid og andre spelemenn i Jostedalen:

       Anders H. Nedrelid, Jostedal

Fødd 1810; døydde kring 1890 umlag 80 aar gl. Var i si tid beste spelemann i Jostedalen. Hadde lært mest av bror sin, Rasmus H. Nedrelid. Sistnemde var felehandlar og ferdast sers mykje i Valdris. Hans Olsen Nedrelid, far aat A. H. N. var og god spelemann. Han var fraa Havreberg i Luster og vart gift til Nedrelid med ei enkja som heitte Torbjørg Larsdotter; dotter av lensmann Lars Togersen Myklemyr, Jostedalen.

Hans O. Nedrelid var gift tri gonger. Siste kona hans heitte Anna Rasmusdotter Leirmo, Luster. Han hadde 4 born tri gutar og ei gjenta, Anders spelem. var den yngste av syskeni. A.H.N. avla fem born 4 gjentor og ein gut, som og spela litt fela.       – Kristen Ormbergstøl – 

 

Det må vera folkeminnesamlaren Olav Sande som har skrive  brevet nedanfor til Bjørndal. Legg merke til at han skriv: ” I Jostedalen er dei gamle spelemennerne Utdøydde.” Elles er ”Tomaskolok” muligens ein kulokk på Tomasklokkestillet, kanskje same slåtten som han kallar ”den gamle Tomasslaatten aat Faa­berg’ne”: 

                            Leikanger 26/6 – 1916Gode deg!

Jau, her er spelemenn her i Sogn og, og daa maa du fyrst faa tak i (?), som spelar mest gamalt og kann mest slaattar i tal, veit du, og det var no fyrst Lars Lund, Ytre Kvamsøy, og so hev me den gamle Sagen (Anders). Paa Balestrand. Smeden Sjur Berge (fraa Kyrkjebø),- Sjur Eldegarden ifraa Solvotm,

I Jostedalen er dei gamle spelemennerne Utdøydde.

Gamle Olav Faaberg er og avliden; han kunde ein Tomaskolok.

I Aurland ? Jau, der paa Vangen lever gjerne att ein gamall spelemann.

26) Kuslaattar hugsar eg. Eg var i gaar saman med lærar Øvregården fraa Jostedalen, og han sa at den naa er tilfaten ein ung gut som spela. Han bur paa stølen elden ovan berg­stølen, enn um han kan den gamle Tomasslaatten aat Faa­berg’ne? Men kom no til dei karane eg her hev nevnt, so fer du (?) i maofaa, skal du vita, men kom til deim i ytre Kvamsøy no fyrr dei fer til dals pau slaatt, medan du finn deim heime. Eg er nogso tusen av forkjøling «og er uttrøytt av» arbei, det med skulen no. Lites um …..(?)…. no ser du.                

                                Helsing fraa

                                Olav Sanden (?) 

 

Til slutt nokre opplysningar om spelemenn i Jostedalen. Sidan dette var ein kladd og eit notat som Bjørndal truleg ville ha til seinare bruk, so er teksten lite strukturert, tykkjer likevel det er greitt å gi det att ubearbeidd: 

   Hr. Arne Bjørndal.                  Bergen.

Som svar paa Deres spørsmaal i brev av 14. d.m. at Hans O. Nedrelid antagelig er den saakaldte Hans Havreberg fra Havreberg i Luster, død i Jostedal 1852. (Ældste ministerial­bok gaar tilbake til 1809. Før den tid muligens i stiftsar­kivet).

Anders H. Nedrelid f. 5/5 – 1809 d. 1879.

Rasmus H. Nedrelid f. 1801 d. 1886.

Hans Olsen Myklemyr f. 10/3 – 1839 d. 11/11 – 1918. 

Jostedal sogneprestembede 18.mai 1929.

                                     Arb.

                                Oskar Michelsen.

Gratis.

 

Jon Bremen (Bremer?) frå Jostedal var bra spelar. – P.S.-

 

Halvegen, Luster, laga og fele.         – P.S.- 

 

Etterord

Som sagt kjenner me ikkje til at Arne Bjørndal skreiv opp slåttar i Jostedalen. Under forutsetning av at eg hugsar rett, so fortalde Sjur Hesjevoll meg noko om dette på 80-talet. Det hadde vore fint viss det fanst andre opplysningar om dette, til korrigering kring det eg har skrive etter minnet: Bjørndal var i Jostedalen og besøkte i alle fall Martin Halveg, kanskje ogso andre. Halveg fortalde at han hadde spela fleire slåttar til Bjørndal, ogso slike som var sjeldne og lite kjende. Men kvar gong hadde Bjørndal svara at den slåtten hadde han frå før.

Det stoffet eg har gjengitt her, håpar eg nokon vil supplera med kommentarar. Det kan sikkert brukast vidare i ei eller anna form, til dømes i vitenskapleg samanheng eller det kan populariserast. Eg ser på det som eg har skrive som eit utkast, og får eg inn gode kommentarar eller rettingar, so vil eg truleg koma til å endra denne teksten som eg har skrive.

Frå Bjørndals hand var det nok kun eit notat eller ein kladd. For historikarar, folkemusikarar og andre bør det likevel interessant stoff. Kan ikkje sjå bort frå at stoffet har vore trykt før, men det kjenner eg ikkje til.  Dei som ynskjer å studera stoffet  meir, bør ta kontakt med Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane eller Arne Bjørndals samling, folkemusikksamlinga ved Universitetet i Bergen.

Trekkspelet – ei retteleg helvetesmaskin

februar 7, 2016

Harsellering, sjikanering og mobbing av trekkspel, trekkspelarar og trekkspelmusikk gjer som regel stor lukke i dei fleste lag.  Mi gamle tante kalla forresten trekkspel for handorgel.

Den svenske klassiske musikaren og programleiaren Sten Broman hadde sterke meiningar om mykje, og han er mellom anna kjend for sitatet: Fula fruntimmar är det djävligaste jag vet. Fula fruntimmer som spelar dragspel och tillika joddlar är en treenighet i djävlighet. 

Men den aller saftigaste skildringa av trekkspelmusikk fann eg i Arne Bjørndals samlingar ved UiB i Bergen. Har fått utskrift frå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, og eg vil tru  det er skrive av ein sogning ein gong kring 1900, kven som har skrive det veit eg ikkje.

Dragspelet i Sogn:
Frå fyrst av tolt ogso millom dei vakte og ei tid brukte til å spela tonar på. Men litt etter kvart vart det brukt berre til dans, og dei siste 40 åri hev trekkspelfarsotti herja sogne¬bygdene som ein åndeleg svartedaude – retteleg ei «helvetes¬maskine» hev trekkspelet vorte. Salmodikonet, stakkar, kom litt etter kvart tilsides og vart snart vanvyrdt av dei som hadde fått smak på trekkspelet. Dei siste 15-20 åri hev mange kjøpt seg husorgel, og det ser ut til at det no vil verta til noko hjelp for songen i heimen.

Easy Quartet og Anders Olav

februar 5, 2016

Easy

I går var eg på jazzkonsert. I eit ikkje altfor stort, men relativt fullt kjellarlokale på Theatro, øvst på Ole Bulls Plass i Bergen.  Anders Olav Ese på gitar + piano, kontrabass og batteri. His mother told him, «Someday you will be a man, And you will be the leader of a big old band… » Då eg litt nølande spurde om det var bebop dei spelte, fekk eg bekrefta at eg hadde ikkje bomma totalt, heller.

At ein gut som har vakse opp i ei liti fjellbygd der trekkspel, svensktoppar og country and western har prega musikkmiljøet  i alle fall i mykje større grad enn jazz, at han skal sitja i eit kjellarlokale saman med tre kjempegode musikarar og radbrekka melodiar og improvisera over ulike tema, det er ikkje mindre enn eit eventyr.  Eit eventyr var det ogso at det var eg som sat der.

Eg meinte ikkje å sjikanera eller sjå ned på andre musikksjangrar, dei har alle sitt publikum, og bra er det. Men denne bebop-liknande musikken greip meg verkeleg, eg som knapt har høyrt slike rytmer og tonar før. Spesielt det rytmiske opptok meg, korleis grunnpulsen vart utfordra av andre rytmefigurar, som eg vel å kalla det.

Dette er ikkje noko  forsøk på ei objektiv skildring av stemninga nede i det tronge lokalet. Til det er familiebandi for sterke. Men dette gav meirsmak, slik at at ein ikkje kan sjå heilt bort frå at eg kan dukka opp på fleire jazzkonsertar, ogso med andre musikarar. Takk skal du ha, Anders Olav.