Vondt i fingen

2016-25-september-vond-fing-bautasteinen-pa-nornes-003

Eit lite kutt med fingen, 14 dagar med antbiotika, stivkrampesprøyte og paracet – fingen er nokso stiv og fremdeles vond so i morgon ringer eg til helsesenteret.

Dei seier at det er med ein sløv kniv at ein  skjer seg. Det stemmer ikkje. Men at ein er ukonsentrert med ein skarp kniv i hendene, det kan nok vera uheldig. Ogso viss kniven har vore brukt til slakting utan å ha vore vaska etterpå.

Det er ikkje triveleg for ein amatør-spelemann å ikkje kunne bruka fingrane. Django Reinhardt misste to og kor mange spelar bedre enn han.

Det finst større problem og det finst folk som har  større problem.

5 kommentarar to “Vondt i fingen”

  1. eies Says:

  2. eies Says:

    Igår var eg til fysioterapeut, tidlegare har eg vore til kontroll hjå fastlegen. Skal til ny kontroll hjå terapeuten 2. november. Han ga meg tru på at dette skulle gå bra, det gjorde forresten legen og. Etter 6 – 8 veker burde det vera bedre so til jul kan eg truleg spela julesongar og salmer.

    Eg sa til terapeuten at viss fingen ikkje vart ok slik at eg kunne spela fele eller andre instrument, so var det ikkje utenkjeleg at hjelpeapparatet ville få ein brukar med rusproblem. Han Joep er gitarist og eg trur han forstod meg nokso godt.

    Øvingane eg skulle gjera var først massering av fingen med olje eller krem. Deretter varmt bad og so tøye-øvingar der eg mellom anna bøyer fingen varsamt til det gjer vondt, hels presset til smertene avtek, pressar litt vidare og so meir fleire gonger.

    Smertene var ufarlege smerter i dei skadde nervebanene fekk eg vita. Desse forsvinn stort sett etter om lag 10 sekund.

  3. eies Says:

    I dag greidde eg sovidt å spela fele, men kun på kvinten – og det let ikkje fint. Men det går framover trur eg.

  4. eies Says:

    Denne veka har eg spelt på einradaren. Det har gått ok.

  5. eies Says:

    I dag er det13.11.2016 og om lag to månader sidan eg skadde fingen. Kan enno ikkje spela fele, ikkje på E-strengen heller.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: