Eit knep som gjer det lettare å dra hjorten

Bilde0077Bilde0076

Sjølv i måneskin var det for lite lys til å fotografera utan blits, kun med lyset frå ei hovudlykt.

Sjølv om hjorten ikkje er so stor alltid, so er det ofte ikkje so enkelt å dra han gjennom ulendt terreng, med steinar og tubber, busker og tre. Viss ein er fleire, er det gjerne eit tau rundt halsen eller geviret, og eitt eller to tau i framføtene. På denne måten har hjorten lett for å hengja seg fast med jamne eller ujamne mellomrom.

Her er eit triks for å unngå ein del slike problem. Eg har brukt ei litt stiv, plastbelagt sporingsline, oransje på farge. Først har eg trekt lina gjennom naseborene, stkk hol først. Deretter trekkjer ein lina gjennom eit nytt knivhol i underkjeften. Så slær du ein alminneleg knop rundt den eine framfoten, og til slutt eit dobbelt halvstikk rundt den andre framfoten – eller du kan sikkert ogso bruka ei heilt vanleg rennelykkje.

Når ein då startar å trekkja, i den enden av lina som er nærast nasen, vil begge framklauvene leggja seg pent inntil mulen. Dermed unngår ein langt på veg at hovudet eller føtene heng seg fast. Viss du vil ha eit tjukkare tau, festar du det på den tynnare lina. Somme brukar også eit eller to handtak frå ein spade, då får ein eit endå betre grep.

Men som alltid elles: Take it or leave it !

3 kommentarar to “Eit knep som gjer det lettare å dra hjorten”

  1. ha Says:

    Har ofte brukt ein liknande metode. Forskjelen er at me tok begge føten bak hovudet på hjorten og batt dei saman der. Me drog etter føten.
    Har sett mange som har eit tog i hovudet og eit anna i framføten og dreg. Vert som ein V der all vegetasjon må dragast over/ bøygast ned når dyret skal fram. Fin måte til å samle urter og anna tilbehøyr når ein dreg ut dyra.

  2. eies Says:

    Fleire vegar som fører til Rom, Helge! 🙂

    Det var i ei av Bergens-avisene eg las om dette første gongen.

  3. ha Says:

    Problemet er å koma seg heimatt frå Rom. Har ofte berre teke eit tog gjennom nasebrusken på koller og kalvar og drege når eg er åleine. Det fungerar bra det og.

Kommenter innlegget