Daud hjort

Bilde0090 Bilde0091 Bilde0092

15 kommentarar to “Daud hjort”

  1. eies Says:

    Inntil vidare legg eg teksten her:

    Etter som ein av naboane fortel, var det spor i snøen som KAN tyda på at eit rovdyr har drepe denne hjorten. I tilfelle er det godt gjort at rovdyr kan ha teke ein so pass stor hjort med dei moderate snømengdene og relativt gode føreforholda som har vore i det siste. I tilfelle nokre av grunneigarane vil driva rovdyrjakt på åtlet, trur eg det er like greitt at det ikkje blir unødig mykje trafikk av folk i dette området.

  2. ha Says:

    Det er ikkje umogleg at det er rovdyr som har teke bukken. Både bjørn og jerv klarer å drepe hjort. Ein mogleg bjørn ligg vel i hi på denne tida, eller er det ei stund sida dette skjedde?

  3. eies Says:

    Veit ikkje når det skjedde, tippar eit par veker. I tillegg til bjørn og jerv, har me ogso gaupe ! Viss bukken har vore svekka ellar skada frå før, td etter brunsten, då kan eg forstå det. Elles trudde eg ikkje rovdyr kunne ta ein frisk hjort på det føret me har no.

  4. ha Says:

    Eg trudde ikkje gaupa tok so store dyr. Men det er heilt klart eit alternativ.

  5. Knut Nybø Says:

    st 03 mars 2011 ?.

  6. Knut Nybø Says:

    ( St 03 ). Ja ja tiden går det same gjer vell minne og bakken?.

  7. ha Says:

    Eg trur ikkje det er ST 03 som er komen att. Han vart vel skoten sommaren 2011. Einar, det er bjørnen som var her hitt året som er ST 03 jamfør det du har skrive i bloggen din for eit år sidan.

  8. Knut Nybø Says:

    Ja bjørnen er dau, ikkje bloggen med foto. Kva med minne og baken.

  9. eies Says:

    Minnet er skrøpeleg, ja, og kva betyr BAKKEN eller BAKEN ? Reknar med at det er ein kode for eit eller anna, eller….

  10. Knut Nybø Says:

    Eg trøsta meg med at det er naturens gang, med minne, baken og ein
    ungår dei hare bakkane.
    Eit forslag, ta opp grunen til ded store nedgagen av vilte i naturen ,
    snart berre hjortespor å sjå, er det bruken, forvaltning, klimaendring
    eller andre årsake. Eg har vell rett på kvissen din?.

  11. eies Says:

    Eg trudde det var DU som hadde kviss, eg….. Viss me tek attgroingi, so er vel den viktigaste grunnen at det er mykje mindre dyr på beite. Klimaendringi trur eg har mindre å seia. Det er meir hjort, mår, rev… enn før, kanskje jerv og. Og bjørn, men då spørst det kva årstal du samanliknar med. Rype, skogsfugl og hare har minka, seier gamle jegerar, og då lyt ein vel tru på det.

  12. SM Says:

    Kan det tenkast at hjorten har døydd av naturlege årsaker? Synes den ser gamal ut mtp geviret og snuten?

  13. eies Says:

    🙂 Gledesdrepar ! Du veit vel at ingenting engasjerer meir enn diskusjonar om rådyr🙂 Men frå spøk til alvor: Han som oppdaga hjorten meinte han såg at hjorten hadde gjort nokre store sprang like før her han låg. Det indikerer rovdyrdrap. Dessutan veit me at i Luster finst det so godt som ikkje returbukkar, i følgje tannsnittundersøkelsen for nokre år sidan. Bukkane her blir stort sett ikkje eldre enn 5 – 6 år, viss eg hugsar rett. Ei liknande undersøkjing frå i haust får me snart vita resultatet av.

    Men kanskje me skal sjå på tennene på bukken. Slitasjen kan gi eit hint om alderen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: