Nokre minne om Sjur Hesjevoll, meisterspelemann – mellom anna.

 

(Ovanfor er nokre bilete eg tok under det omtala kurset på Helgheim i Sogndal for om lag 30 år sidan. Sogn Spelemannslag var arrangør. Bileta er skanna frå dias og ber vel preg av det, men tykkjer likevel at fargane ikkje har tapt seg så mykje.)

Førstkomande fredag, laurdag og søndag er det Vestlandskappleik i Jostedalen. Fredag er det plateslepp og konsert på Breheimssenteret. CD-plata inneheld opptak av slåttar som Sjur Hesjevoll har spela. Eg har i den samanheng skrive ned nokre minne om Sjur. 

På slutten av 70-talet vart det halde kurs i Jostedalsspringar i Sogndal. Det var ein del av ei større samling der underskrivne var med. Anders Bjørk (Stor-Anders) var instruktør, og Sjur spelemann. Det var som ei ny verd opna seg for meg innan hardingfele-musikken. Sjur spelte klokkereint og med ein utruleg god rytme i musikken. Heile spelemannen levde med. Mest fascinerande var kanskje måten han trødde takten på. Der me andre trødde monotone taktslag med sko-tåa, der small det i frå Sjur – annakvar gong med helen og tåa, medan den andre foten heldt ein heilt annan rytmefigur. Trekkspelaren Helene Myklemyr har fortalt at også ho hugsar spesielt denne trøinga. Saman med det visuelle biletet av ein spelemann som utstråla innleving og musikkglede, vart dette som sagt noko heilt nytt, og eit nærmast fullkome ideal i musikken.

 

Eg høyrde ein gong at ”vonde tunger” kalla dette publikumsfrieri. No kan ein kanskje til ein viss grad kalla all utøvande musisering for pulikumsfrieri, så slik sett kan det vel ha noko for seg. Men då fell også alle andre musikarar i same sekken. Nei, spelet til Sjur Hesjevoll står for meg som heilt og fullt ærleg og sannferdig. Absolutt utan noko påklistra og påteke som me elles av og til kan finna både i folkemusikken og i annan musikk.

 

Alle store spelemenn vert nok kritiserte for eit eller anna. ”Puristane” sa at han hadde såkalla ”vibrato” i spelet sitt. Det kunne han nok ha – spesielt i gamaldansmusikk av det virtuose slaget. Men i mine øyre var aldri dette smaklaust eller skjemmande.

 

No var det ikkje så mange gonger eg fekk høyra Sjur spela. Men eg fekk også høyra han i solospel. Omgivnadane var vel heller dårlege: Det var tidleg om morgonen i gymsalen på Helgheim. Folk var trøytte etter ei natt med hard dansing og lite søvn. Kanskje somme hadde vore borti flaska også. Me stod samla, ein klump med kursdeltakarar, litt innafor døra. På langveggene stod det ei rad med stolar – slike lange samanhengande ”klappstolar”, trur eg det var. Svein Skjerdal ynskte oss vel møtt til siste økta på kurset. Så spurde han om Sjur ville spela ein slått. Jo, då. Spelemannen rusla fram og sette seg på stolrekka attmed veggen, tok opp fela og spela ein slått.

 

Og for eit spel…

 

Den gongen kjende eg ikkje slåtten, men i ettertid har eg vorte fortalt at det var springaren Bjønnheimen etter Nils Bjørnheim. Slåtten er ein skikkeleg god danseslått om han blir framført godt. Men i ei slik, i utgangspunktet utriveleg morgonstund, ein søndag på Helgheim, vart Bjønnheimen framført som lyarspel i meistarklasse.  Eg hugsar godt at eg fraus nedetter ryggen Det er ikkje så ofte at eg gjer det når eg høyrer musikk. Eg hadde ein onkel som hadde dette som kriterium: God musikk er slik musikk som du frys på ryggen av.

 

Men attende til spelet til Sjur: Eg vil ikkje seia at eg græt då han hadde spela ferdig. Men augene mine var liksom fulle av vatn, og eg såg så uklårt. Slik var det også for ein som passerte meg, såg eg.

 

Ein liknande situasjon opplevde eg ein annan gong. Då var slåtten: Eg vil reise til Hatleli. Desse to, i utgangspunktet beskjedne slåttane etter Nils Bjørnheim, kunne altså Sjur forma om til meisterverk.

 

I tillegg til lokale slåttar kunne også Sjur fleire store slåttar frå det klassiske hardingfelereportoiret: Markensmåndagen, Jentebedragaren, Siklebekken og sikkert mange, mange fleire. Men også bravurnummer i gamaldanstakt frå Nord-Vestlandet : Tikronerslåtten (Kjøbenhavneren), Den frilynde… Ein gong høyrde eg ein kjend spelemann  ”bestillte” Sulithjelma-galoppen. Desse til dels teknisk krevjande slåttane med spel ”i posisjon” høvde ekstra godt for Sjur. Han formeleg leika seg med dei tekniske utfordringane, slik det skal gjerast i godt spel.

 

Ein annan gong var eg på leikfest i Gaupne. Sjur var der også, saman med ei gruppe springdansarar frå Jostedalen. Det var ikkje mykje Sjur fekk spela, og då eg såg han gjekk ut på ei rom attmed scenen, tok eg motet til meg og gjekk inn for å helsa på han. Eg vart møtt av ein liketil kar som snakka til meg som om han hadde kjent meg lenge. Han gav tydeleg uttrykk for at songdans var noko han ikkje var spesielt glad i.

 

På den tida var eg ikkje begynt å spela fele, men eg var veldig fascinert av hardingfela og musikken. Meinar at eg spurde etter Store Vetle-Per, og slåtten kom perlande frå Gjøvland-fela.

 

Det er noko rart med desse felene frå Sveinung Gjøvland. Ein annan av våre store spelemenn: Jostein Fjærestad frå Vik i Sogn, har også ei slik. Eg veit at det har kome spelemenn til Jostein og bedt om å få prøva instrumentet han spela på. Men dei fekk ikkje fram ein einaste tone! Umuleg å spela på av andre enn eigaren. Her i dalen har Harald Hesjevoll ei Gjøvland-fele, og Olav Sperle hadde ei. Den var dessutan ”toneforbetra” ved at einkvan hadde stukke ein kniv inn lydhola og spikka av bassbjelken. Merkeleg. Men no er fela reparert.

 

Eg var også eit par gonger på besøk til Sjur i bustaden hans på Hesjevoll. Han høyrde nok etter kvart litt tyngre, og kanskje sjukdom i tillegg gjorde at han ikkje alltid spela like reint lenger. Bogen og fingrane gjekk som dei alltid hadde gjort, og i kortare periodar kunne også spelet vera reint. Men så vart det liksom at fingrane forskyvde seg på felehalsen, og tonane vart ikkje like klåre som før. Men var det ein slått eg kunne så nokolunde frå før, så var det framleis mykje å læra. Og kvar gong han strauk opp, var det likevel ei stor oppleving for meg.

 

Når det gjaldt ”læring” hadde han forresten eit artig visdomsord. Eg opplevde aldri Sjur som arrogant i forhold til andre, dårlegare spelemenn: Det er sjeldan at ein spelemann er så dårleg at eg ikkje har noko å læra av han, sa Sjur.

 

I kjellaren på Fjellheim var Sjur mykje spelemann då dei øvde på springaren. Ein gong spurde ho Anna på sin karakteristiske måte: Tykkjer du ikkje at dei er vortne flinke til å dansa? Sjur hadde nok lagt ned mykje tid og arbeid som spelemann, og han var nok truleg svært glad for at dei vil læra seg springaren. Men her hadde han nok ei formeining om at ikkje alt var like godt: Det hadde kanskje vore bra om dei hadde vore lite granne inne på takten, av og til.  (Om dette er heilt ordrett, hugsar eg ikkje. Men nokolunde slik vart det sagt.)

 

Ein gong eg og Sjur sat på graset utanfor verkstaden hans, dukka det brått opp ein kar med rømmegraut og plomesuppe (sviskesuppe) – festmat i Jostedalen. Kven han er og kvar han kom frå, veit eg enno ikkje…  

 

Advertisements

4 kommentarar to “Nokre minne om Sjur Hesjevoll, meisterspelemann – mellom anna.”

  1. John Halveg Says:

    Finaste minnet eg har om Sjur er frå landskappleiken på Geilo i 1969(?)-
    Han vann b-klassen og stemneleiar Odd Bakkerud overleverte førstepremien og sa samstundes at det var han vel unt. Den gongen klaffa alt for Sjur. Ei stor oppleving og for oss som var tilstades.

  2. eies Says:

    Eg budde fire år på Gol og hadde av og til kontakt med Odd Bakkerud. Då han fekk greie på at eg heldt meg ein del i Jostedalen, ba han meg ofte helsa til Sjur. Og han sa at eg måtte passa på å besøkja han, for der var det mykje å læra.

    Takk for det fine minnet, John! Eg veit at du har meir på lager. Fint om ein del av dette vart nedskrive – her, eller andre stader. Om Sjur, Olaf Sperle, Martin Halveg, Lars Flaten og andre med. Slike ting blir meir og meir interessant etter kvart som tida går.

    Skal tru kva slåttar Sjur spela på Geilo i 1969…

  3. Synnøve S. Bjørset Says:

    Under Landskappleiken på Geilo i 1969 spelte Sjur springaren Hei so dansa jenta mi, og denne er med på plata. Samt ei rekkje andre godbitar. Så her er det mykje å gle seg til!

  4. eies Says:

    Ein liten episode: Under kurset var det felles middag i matsalen. Alle var svoltne og åt godt. Eg merka at Sjur ikkje var med og åt, men tenkte i grunnen ikkje meir over det.

    Litt seinare på kvelden kom Sjur bort til meg og spurde om eg ville ta ein tur med han i Sogndalsfjøra. Ja, ja, eg tenkte no både det eine og det andre, men sa at det var no ei ære å få køyra ein slik kar – meinte det også. 100%.

    Men uroa mi fordufta. Han ba meg stoppa utanfor ein kiosk der dei på den tida selde bananer. Han kjøpte ein god pose, sette seg inn att i bilen, og so køyrde me attende til Helgheim. Han spanderte ei på meg, resten åt han kanskje sjølv. Eg har i ettertid tenkt på at kanskje Sjur ikkje var spesielt brautande og på-gåande av seg. Meir «finsleg», som dei seier. Såleis trur eg han gjekk glipp av middagen – kanskje.

    Om morgonen etter fortalde romkameraten til Sjur at han hadde spandert ein morgondram på spelemannen. Og då hadde Sjur spela «Siklebekken». Og det var spel som dugde, fortalde romkameraten – ein eldre tradisjonsbærar i dans, meiner eg det var.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: