Kronhjort utan gevir

I haust vart det skote ein merkeleg hjort i Jostedalen. Kor og av kven er det minst interessante, so det får de finna ut sjølve. Kunnige folk frå landbrukskontoret skal ha undersøkt hjorten. Det var ein bukk på om lag 90 kg, viss eg hugsar rett. Han hadde ein gamal skade i det eine låret, og på bildet kan de sjå at eine bakklauvi mest ikkje er sliten, til samanlikning ligg det ei framklauv attmed. Bakfoten er den spinklaste. Skaden kan likevel ikkje ha hindra han mykje, for han var feit og fin.

Det kunne sjå ut som om at bukken var merkt med ei spretta bak på høgre øyra. Det kunne og sjå ut som om at han hadde feire slike små «spretter». Om han var merkt, eller om det td. var skader frå ein kamp veit eg ikkje.

Har lese at skade i kjønnsorgani har gitt abnorme gevir på råbukk. Om noko slikt er tilfelle ogso her, kan eg ikkje seia noko sikkert om.

4 kommentarar to “Kronhjort utan gevir”

  1. eies Says:

    Eg har fått ei korrigering. Det er uråd å sjå at dette er ein kronhjort. Hjortebukk er truleg eit betre uttrykk 🙂

    http://www.kammeret.no/forum/viewtopic.php?f=21&t=67800&p=853546#p853546

  2. eies Says:

    Det vert fortalt at bukken ikkje hadde den vanlege sterke brunstlukta av pelsen/håra under buken som hjortebukkar plar ha på denne tida. Eg har høyrt ei forklaring som går ut på at ein større skade td i låret gjer at hjorten brukar mykje energi på å takla dette og at han difor ikkje har det overskotet som trengst for å koma i brunst. Om dette er forklaringa, veit eg ikkje.

    Ei skade i eller ved kjønnsorgana/testiklane veit me kan gi abnorm gevirvekst på rådyr. Eg veit ikkje kor grundig dette vart undersøkt på denne bukken, men kan ikkje sjå heilt bort frå at dette kan vera forklaringa.

  3. Hjort med misdanna gevir « Breheimen-Luster Villrein Blog Says:

    […] Då har eg fjerna skinn og kjøt på geviret slik at det vert lettare å sjå. Dessverre måtte eg kutta av snutepartiet ein del. Les meir her:  https://eies.wordpress.com/2012/11/13/kronhjort-utan-gevir/ […]

  4. Hjortebukk uten gevir – bedre bilde | Breheimen-Luster Villrein Blog Says:

    […] ut nokre teknisk betre bilete denne gongen. Les meir her. Og slik såg han ut med skinnet […]

Kommenter innlegget