Kvelpetreff på Ranebo i Sverige

Eg hadde ikkje med fotoapparat, så eg har stole «vilt oh hemningslaust» frå forskjellige heimesider og frå facebook.

Det var Carl Hermans S- och U-kull og Månbergets Muminkull som arrangerte kvelpetreff 2 -4 august 2012. Staden var Ranebostugan, Bullaren, Tanums kommun. Overnatting i hytter, telt og (camping)bilar.

Maten var fantastisk!  For 300 pr person fekk me frukost, to varme måltid, kaffi kaker, lettøl/brus kvar dag, og kokkar var ektemennene/sambuarane til oppdrettarane, som var Linda og Monica. Mannlege kokkar er ikkje dumt.

Programmet var:

  • Lydnadsträning, apportering med och utan vilt
  • Jaktprovsinfo, genomgång/ prova några delmoment
  • Skötsel av päls/öron, utställningstips
  • Info och diskussion av övriga prov och hägntest

Det vart lagt stor vekt på lydigheitstrening: Sitt – bli – innkalling. Ekvipasjane var imponerande dyktige. Sjølv med distrahering i form av innkalling gjennom smal korridor med hundar – også med møtande hund i korridoren –  så såg eg ingen som hadde problem med dette. Ulva og eg har så godt som ikkje trena lydigheit, men dette takla ho fint – heldigvis har me god kontakt, og det hjelpte nok.

Samanlikna med andre hunderasar eg har erfaring med, så ligg wachtelhunden absolutt ikkje tibake når det gjeld ”gemytt”, kontakt og lydigheit.No er det ikkje rett å døma ein rase ut frå ein enkelt hund, men ”masing” har eg sett lite av frå Ulva. Får ho ein beskjed, så gjer ho det utan stadig å testa ut om eg ”verkeleg” meinte det.

Enkelte hannhundar laga litt ”støy”, men eg såg ikkje slåsskampar. Dei gav tydelege signal med knurring og andre lydar. Eigarane og instruktørane slo umiddelbart ned på dette med kommandoar, rykk i kobbelet og nakkeristing. Ingen ”dulling” der i gården nei. Ein viktig grunn til nokre hannhundar si ”tøffing”, var nok at lille, søte Ulva hadde løpetid……. ! ! !

I lydigheitstreninga vart det neppe brukt ”godis”, heller ikkje høyrde eg lyden av ein ”klikker”. Men som sagt: Lydigheita i innkalling – bli – ligg, var imponerande god.

Målet med dette kurset, var å delta på jaktprøve i unghundsklassen i Sverige i september. Viss me deltek her får me refundert  vel tusen kroner – ei grei ordning.  Om me deltek vil tida visa. Ulva taklar forsovidt dei ulike momenta i ”gode stunder”. Problemet er om ho vil takla det med andre hundar og folk til stades. Men viss ein tegnar to nullar over einannan, får me ein åttar….. Dette var ein gjengangar-vits på kurset !

Eg trur absolutt at wachtelhunden er ein rase som egnar seg særs godt til hjortejakt. Den går godt spor, og vil også driva hjort, om han får lov til det. Ulempa med enkelte drivande hundar som drever, beagle, dachs, jaktterrier… er at eigarane kan få problem med å få hunden med seg heim etter at jaktdagen er slutt. Dette problemet har ein ikkje med ein kortdrivande hund som wachtelhunden.

Det som vart prioritert på kurset, var først og fremst jakttrening og jaktrelaterte øvelsar. Utstilingsdelen vart nemnt, men i mindre grad. Dette passa meg utmerka, sjølv om rasen sikkert kan gi mange gleder i utstillingsringen, også.

Utfrå det eg såg på kurset, og mine erfaringar med Ulva, har eg ingen betenkelegheiter med å anbefala Wachtelhunden til hjortejakt og familiehund.

—————————————————————————————-

Vil berre presisera: Det var eit veldig bra kurs. Og som hundeeigar frå Jostedalen – Luster, her me har svært gode instruktørar, kanskje i landstoppen, så har eg samanlikningsgrunnlag. Linda og Monica instruerte på ein bestemt, men samtidig mjuk og sympatisk måte. Veldig bra!

Om eg vågar meg på unghundprøven i september, det får tida visa. Eg skal i vertfall trena. Så får me sjå korleis det går.

Ei tilbakemelding to “Kvelpetreff på Ranebo i Sverige”

  1. eies Says:

    Stadig nye ting eg har gløymt: Dei som ville, fekk gå anlagsspår. Det er eit nybegynnarspor som alle svenske hundar mæ bli godkjende på før dei startar i «oppet klasse». Om det også gjeld norske hundar, er eg litt usikker på.

    Sporet er ca. 600 meter med fire vinklar. Liggetida er 2 – 5 timar. Mindre blod enn i Norge, men i tillegg vert det drege ei viltklauv (rådyrklauv) gjennom sporet.

    Me vart «godkänd», og kritikken var slik: «Søker bra, är även mycket noggrann i sitt sök. Klarar alle vinklar och bloduppehåll. Finner viltdelen. En lovande bra sökhund.»

Kommenter innlegget