Sorgen og gleden

Sorgen og gleden de vandre tilhope,
Lykke og ulykke ganger på rad,
Medgang og motgang hverandre tilrope,
Solskinn og skyer de følges og ad.

 

Slik byrjar ein salme av Tomas Kingo. Kari Bremnes syng den så fint. Far min siterte ofte desse linjene. Kor mykje livsvisdom som ligg i teksten, er eg ikkje sikker på. Men når ein føler at all ting går ein i mot, kan det vera trøyst og lindring i slike ord.

 

To gonger i år har eies vore heldig på jakt – til dels svært heldig. Men deretter er det som om lukka har snudd og han har vore forfulgt av uhell – i jaktsamanheng.

 

Det første uhellet var ein liten hjort, truleg ei (fjorårs)kolle,  som vart skoten like ved elva. Hjorten bykste på, la seg over på sida, og sokk – i alle fall tilsynelatande – der elva var på det djupaste. Men truleg tok straumen det daude dyret og førte det nedover strie stryk og ut for  fossar. Dette såg ikkje eies direkte sidan hjorten gjekk under vatnet, men han går ut ifrå at det var slik det skjedde. Elva hadde relativt lite vassføring denne dagen. Det vart leitt etter hjorten både om kvelden og dagen etter, men ingenting vart funne.

 

Trass i at eies var noko nedtrykt, ville han prøva seg att eit par dagar etterpå. Han sat godt plassert i eit jakttårn då ei kolle og ein kalv kom inn på bøen. Skot vart avfyrt, men kalven vinkla av om lag 90 grader, og forsvann inn i noko skogkratt. Eit mindre ettersøk denne kvelden og eit større morgonen etter resulterte stort sett i funn av ei lita skinnfille. Erfarne ettersøksjegerar fortel at funn av ei skinnfille tyder på streifskot. Eit skot som har gått inn i dyret vil ikkje resultera i skinnfille, seier dei. Difor har denne hjortekalven det forhåpentlegvis bra, men han har nok ei rift i skinnet etter kula. Eit kjøtsår ville ha gitt blod på sporet. Heilt sikker kan me sjølvsagt ikkje vera – men dette er det som er sannsynleg.

 

Her vart det truleg gjort ein såkalla menneskeleg feil under påskytinga. Børsa vart kontrollert og det vart prøveskote. Avstanden var ikkje stor. Skytestillinga vart analysert etter alle kunstens reglar, men utan resultat. Den einaste mulege forklaringa var at det var kaldt denne kvelden, det var rim og is på ein bjelke der eies støtta seg, og børsa kan ha kome i kontakt med bjelken og det har vorte ein uheldig glipp sideveges i det skotet vart avfyrt. Noko betre forklaring har han ikkje.

 

I kveld var eies på veg heim att då han køyrde på ein hjort på Leirmo. Farten var liten, så truleg berga hjorten seg. Men sjølvsagt vert det gjort eit ettersøk i morgon tidleg. Bilen fekk nokre bulkar pluss eit knust lykteglas, men skulle snart avskiltast likevel. Så materielt er det ingen problem.

 

No sit eies og sturer litt framfor datamaskina: Kva blir det neste? Kor uheldig kan ein vera? Vil ulukka snart snu, eller må han berre rekna med fleire uhell… ?

 

Sorgen og gleden de vandre tilhope…

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: