Fylkesmanns-/villreinmøte

I dag var eg på møte nr 1. Det var eit hyggeleg møte, leia av Hermund Mjelstad.

Det kom forslag på medlemer i ei mindre gruppe som skal leia arbeidet. Eg registrerte at det vart sagt: “Åsso må me ha mæ ain frao Jøstedalen.” Og det var jo hyggeleg at dei tenkte også på ei viss geografisk spreiing. Men kven som til slutt vert med i denne gruppa, vert først endeleg avklara i nær framtid. Gruppa skulle ma. ta initiativ til samarbeid med Ottadalen-Sør.

Fylkesmannen inntok ei lyttande haldning, ville vel sondera terrenget. Sikkert lurt av han. Elles orienterte Kjartan K. om historiske hendingar og bakgrunn, og Einar F. kom med innspel og forslag  ut frå hans erfaringar.

eies hadde også eit par innspel. Mellom anna la han vekt på korleis arbeidet i opinionen bør vera. Han sa noko slikt som at ein ikkje må fokusera for mykje på villreinen som jaktobjekt, men meir på villreinen i ein naturvernsamanheng. Det er her snakk om å retta opp att følgjene av den naturvandalismen som vart gjort då menneske i seinare tid utrydda villreinen i Breheimen. Dette var det fleire som nikka til. Sjølvsagt kan ei villreinsstamme vera positiv for eit kriseramma jordbruk. Men fokuset må først og fremst liggja på naturvernet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: