Endå meir tåkeprat om Luster…

marit & ivar 001

I  Sogn Avis torsdag hadde ordførar og varaordførar i Luster ein  kronikk som dessverre vart litt tåket i trykken her på bloggen då eg måtte bruka kameraet mitt.

Slik eg las kronikken, er ambisjonane deira å gi objektive og saklege råd til veljarane i Luster frå den politiske leiingi i kommunen. Avslutningsvis konkluderer dei med at forskning peikar nokso eintydig på dei negative konsekvensane for kommunar som Luster ved ei kommunesamanslåing. Denne konklusjonen finst det sikkert god dekning for, sameleis har dei gode og relevante problemstillingar elles,  og slik eg las kronikken var svaret frå Marit og Ivar nokso eintydig: Luster bør ikkje gå inn i noko form for kommunesamanslåing.

På side tre i same avisa har Johs B. Thue eit innlegg i “Nett no”, innlegget har tittelen “Se, det fikk Fanden fordi han var dum” – eit sitat frå Ibsen: Peer Gynt. Thue har eit meir “agnostisk” synspunkt på ei  kommuneslåing, han tilstår at han for første gongen i eit langt liv som veljar vurderer om han skal bli heimesitjar og at han enno ikkje veit korleis han skal røysta, denne gongen.

Eg hugsar frå siste folkerøystingi om norsk medlemskap i EU, at den sitja regjeringi sende ut ein informativ brosjyre eller kva det no heitte den gongen. Der ga regjeringi ut sokalla “objektive og saklege” informasjon til veljarane, og konklusjonen deira var klar: Eit norsk medlemskap i EU ville føra til fleire føremuner enn ulemper for fedrelandet.

Eg trur ikkje det finst objektive og saklege svar på korleis me veljarar skal takla den sokalla kommunereformen og korleis me skal stemma ved eit eventuelt val. Ein utsliten klisjè seier: Det er vanskeleg å spå – spesielt om framtidi. Makthavarar er sjølvsagt i sin fulle rett til å fremja sitt syn om kva dei meiner er det rette å gjera. Men bastante konklusjonar, særleg viss dei gir seg ut for å vera objektive og saklege, bør me sjølvsagt lytta til – men me har og ei plikt til samtidig å vera kritiske.

Eg har for so vidt lenge meint at Luster truleg er best tente med å halda fram som eigen kommune – ei samanslåing med ein eller begge nabokommunane lenger ute i fjorden er ikkje vegen å gå.  Likevel må eg berre tilstå at å sjå Sogn som ei samla kulturell eining er noko som tiltalar meg stadig meir. Viss det er rett slik Thue antydar, at Kåre Lerum, Malvin Moen og Knut Årethun ogso tenkjer i slike baner, so vert dette ikkje mindre interessant. Men å bruka (tidlegare) næringslivsgründerar og og politikarar som guruar vert sjølvsagt ogso feil – sameleis å ha ei klokkartru på at me finn fasitsvaret i forskingi. Skremselspropaganda har eg særs lite tiltru til, då  har eg faktisk meir tru på “positiv tenking” og å sjå mulegheitene me har i eit framtidig Luster og i eit framtidig Sogn.


%d bloggarar likar dette: