Eit sommarbrev

Iron Maiden-konsert på Valle Hovin, nigerianske horer, tiggarar på Karl Johan og litt villrein

Iron Maiden levde absolutt opp til forventningane. Diverre gjorde ein vond rygg pluss fire timar ventetid inne på stadion – at eies ikkje fekk med seg alt frå ei kjempefin plassering like framfor scenen. Ein slik konsert vert noko heilt anna frå tribunen.

 

Den engelske gruppa har gjort spådommane til trend-analytikarane til skamme. Med nærmast naive og utdaterte scene-effektar som gassflammar, røyk og klønete kjemperobotar som bakteppe, leverte dei ei speleglede og ein intensitet som det er vanskeleg – kanskje umuleg – å finna maken til.

 

No er ikkje eg ein stor fan av Maiden til dagleg. Svært sjeldan eg set på ein CD med dei. Musikken deira må vera nærmast fri for all intellektuell forståsegpåing. Dette må vera musikk for ikkje-akademikarar. Eller kanskje eg tek heilt feil…? Metallica, Ozzy… flott musikk, men på scenen er det ingen som slær Maiden.

– – – – – – –

Om kvelden heim frå konserten passerte me ein flokk nokså høgrøysta og lattermilde, mørkhuda ungjenter. Kvar dei var frå, veit eg ikkje. Men ut frå deira lange, slanke friidretts-kroppsfasong og karakteristiske fletta hår, reknar eg med at dette var dei omtala nigerianske horene. Ei av dei stod forresten litt bortanfor dei andre. Ho hadde lagt den mjuke, varme armen sin rundt nakken på ein traust nordmann, kanskje i 40-årsalderen. På dårleg engelsk stod dei no og diskuterte detaljar kring avtalen dei var i ferd med å inngå.

 

Det er visst uro i markedet mellom dei norske prostituerte i Oslo i sommar. Dei nigerianske tilbyr delikatessene sine til ein mykje lægre pengesum enn det dei norske jentene vil gå med på. Heilt ned i 500 kroner, valfritt, las eg i Dagbladet. Nei, det er ikkje greitt for dei norske jentene, men kundane er visst godt nøgde med utviklinga i marknaden. Tilbod og etterspørsel – og marknaden bestemmer prisen.

– – – – – – –

Om dagen var det sjåpping. Lommetyver i byen, las me på eit skilt, delikat plassert midt på alle frukostborda på hotellet. Lommetjuvane merka me ikkje noko til. Derimot møtte me ein del tiggarar, mange såg ut til å vera utanlandske. Ein av dei hadde kroppsrørsler som gjorde at me rekna med at han hadde cerebral parese. Men ein lokal informant kunne fortelja at i lønsjpausen hadde ikkje denne karen desse spastiske rørslene lenger. Og etter arbeidstid var han sikkert heilt symptomfri.

– – – – – – –

Oslo fløymer visstnok over av utanlandske tiggarar, prostituerte og folk som leitar etter mat i søppel-dunkane. Men no las eg at den gamle kjempa: Håkon Lie, og snillisme-dødaren: Rune Gerdhardsen, vil få bukt med problemet. Kjeltringane skal ut, bort, vekk, fjernast – og tilbake til landa dei kjem frå. Me kan ikkje løysa alle sosiale og andre problem som najonar sør for oss har rota seg opp i, kan me vel…

 

Lommetjuvar, tiggarar, horer og andre plagsomme element er vel plasserte lægst på den sosiale rangstigen. Og det er i høgste grad forståeleg at det er ubehageleg for Kari og Ola at desse kjeltringane frå sydlegare breiddegrader kjem opp til oss og minner oss besteborgarane og alle andre om kor godt me har det. Klart det er ubehageleg. Som Harald Sverdrup så treffande skreiv det: Kutt hue av dem, sleng dem i søppelsjakta, hele bunten!

 

Nei, solidaritet er ikkje enkelt. George Orwell formulerte det slik: Alle er like, men nokre er likare enn andre…

– – – – – – –

Ikkje mange som viser interesse for villreinetablering i Breheimen for tida. Skal tru om eg skal setja meg på Karl Johan med eit pappkrus og tigga til det eg meiner er ei god sak? Kanskje dei trur eg er utenlandsk og kanskje blir eg send til Alaska eller Grønland. Det er vel der det er mest villrein (caribou) i dag.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: