Archive for the ‘villrein’ Category

Utstoppa reinsdyr i band

august 20, 2010

Wenn einer eine Reise tut, dann hat er etwas zu erzählen, heiter det. Og for eies som sjeldan er nedanfor Husøy, anna enn på arbeid, så var det eit storhende å reisa like til Trondheim. Desse to bileta har han teke på Dombås eller der omkring.

Lesarane bør ta seg tid til å lytta til denne fantastiske og ironiske teksten av Vinskvetten: Vestland Vestland – Kor E Du Hen.

Lenge trudde eies at sitatet frå «guiden»: Viss me snur oss til venstre, så stille me kan,  kan me alt sjå eit utstoppa reinsdyr i band!  – var rein parodi, oppfunne av Vinskvetten/Bjørn Jensen.

Verkelegheita viser seg nok ein gong å overgå fantasien!

 

Jostedøler, lustringar og hundar

november 4, 2009

Å kalla lustringar generelt og jostedøler spesielt for hundehatarar, er absolutt ikkje rett. Eg har likevel ei sterk kjensle av at jakthundar er meir aksepterte på Austlandet. Etter at lova om pliktig ettersøkshund ved storviltjakt kom, har eg  ei kjensle av at hundar vert aksepterte mykje lettare no enn for berre nokre år sidan.

Som hundeeigarar har me sjølvsagt eit stort ansvar, ikkje minst i høve til viltet i fjellet, og til sauene som er på beite. Kor stor skade hundane gjer på desse to områda her i dalen veit eg ikkje, men kvar sau som blir skada eller drepen av hundar, er ein for mykje. Dei ulike hunderasane har ulik grad av jaktlyst og «springe-etter-lyst». Difor er det viktig at hundeeigarane kjenner lynnet til hundane sine. Ein «søt» kjælehund treng ikkje vera den uskuldigaste! Aller farlegast er det viss to (eller fleire) hundar er lause samtidig. Då verkar flokk-instinktet, dei eglar kvarandre opp, og ser dei ein sau, kan det lett enda tragisk.

Desse to bileta med plakatar, er frå Viva og Styggevatnet. Eg har lenge meint og sagt at viss me vil ha fleire til å bruka fjellet, så må me skilta meir og få opp orienterande og informerande  plakatar. Men dette er altså det fotturistar vert møtte med:

PROHIBETED!    BÅNDTVANGEN!   ACHTUNG!

Er det likevel dette som er den viktigaste informasjonen me ynskjer å gi?

Kan turistnæringa, Luster Turlag, grunneigarar, landbrukskontoret… eller andre gjera noko med det?

 

Gladmelding: Villrein i reetableringsområde!

august 8, 2009

Det vart visst både duplikat og anna rot her. Får prøva å fiksa det seinare. Eg har brukt uttrykket «mellombukk» utan at eg veit om det er noko som heiter det. Men håpar folk forstår.

Det er eigentleg med litt blanda kjensler eg legg ut desse bileta. Viss me skal få reinen til å trivast gjå oss, er alfa og omega at han får ro og ikkje vert forstyrra unødig. [Det er vel noko slikt min gode ven, byggefelt-karen, meiner når han seier at eg er håplaus: Straks eg får vita om rein, så skriv eg om det på bloggen min! Difor har han ikkje vilja fortalt meg om 22 rein som går rett framom Styggevasshytta. Eg kjem berre til å skriva om det, seier han…]

I tidlegare tider var det ein uskriven regel at såg du rein før jakttida, så skulle du halda kjeft. Jakt var også konkurranse. I våre dagar er det slik at eg i min naivitet trur på opplysning. Eg trur folk flest ikkje er interesserte i å øydeleggja for reetableringa.

Onsdag 5. august hadde eg ein rusletur langs Styggevatnet og Austdalsvatnet. Desse to bukkane dumpa eg brått på. Den eine var vel ein «storbukk» og den andre ein «mellombukk». 

Ved Austdalsvatnet kom me på tre bukkar, to storbukkar og ein mellombukk.

I tillegg såg me spor etter det som kunne vera ein storbukk og ein mellombukk. Me såg altså til saman fem reinsbukkar, men truleg var der minst to i tillegg.

Kvar kom reinane frå? Sidan eg dagen etter var i Sprongdalen utan å sjå spor, lort eller andre «ting» etter rein i det heile teke – i alle fall så godt som – så kan det sjølvsagt tenkjast at reinane kjem frå Nord-Vest-området.

Ei anna muleg forklaring kan vera denne: Vår dyktige fjelloppsynsmann Einar F. sit på mykje erfaring når det gjeld rein. Viss eg ikkje misforsto, sa han at han skulle kunna skilja Vest-Jotunheimenrein frå Ottadalsrein berre på fargen. Rein frå Vest-Jotunheimen er nemleg mykje mørkare. Viss dette er rett, kan mykje tyda på at desse reinane er «rømlingar» frå Vest-Jotunheimen. Det har gått ein «mystisk flokk på 60 – 70 rein i området som vert kalla Sumarkvile. Det kan vera rein frå Vest-Jotunheimen.  Eg ser ikkje bort frå at dette kan vera ei rimeleg forklaring.

Villreinobservasjon

juli 4, 2009

Det første fotoet er teke over elvi og mot Sandaugedalen. Det siste er teke bortanfor hytta, opp mot dyregravi som ligg på toppen. Skal tru når det sist var rein ved Holmevatnet…

I dag var ein Jostedalsfamilie på Holmevatnet. Ved nest siste bekkeinntaket før vatnet såg dei rein, 2 stk. Seinare såg dei spora i snøen ved Holmevatnet og bort mot Klauvi. Det var også spor på andre sida av vatnet, utan at det var klart kva desse spori kom frå.

Dette var ei lita, men positiv melding med tanke på reetableringsarbeidet som er i gang.

Rein på ryktebørsen – avklaring

juni 2, 2009

Sjeldan har eit rykte vore så godt fundamentert i røynda. Stein Jarle Fossen var på Styggavatnet og Handspiki søndag, og i mykje sol og lys tok han desse bileta med mobilkamera. Spora er vel etter jerv, rein, elg og gaupe…

Det kan til og med sjå ut som at jerven har hatt rypemiddag.

Takk til Stein Jarle som let oss leggja ut bileta. Trur mange er interesserte i dette!