Archive for the ‘Vest-Jotunheimen’ Category

Ei viktig etterlysing!

januar 29, 2009

Er det nokon, eller kjenner nokon til nokon, som vil vera med å støtta arbeidet for villreinen i Luster? Det som gjer dette ekstra vanskeleg er at den eller dei ikkje skal vera jegerar eller ha interesser som grunneigarar. Arbeidet er akkurat så mykje  som den enkelte har tid og lyst til. Kanskje i ei gruppe.

Slike menneske utan jakt- eller grunneigar-interesser finst, trur eg. Viss desse engasjerer seg, er det mest gjort. Trur eg. Ta gjerne kontakt.

(Men misforstå meg ikkje: Alle er sjølvsagt velkomne.)

Lustringar (og andre): Gir me f.. i villreinen i Vest-Jotunheimen?

januar 25, 2009

(more…)

Er det interesse for eit ope orienteringsmøte om situasjonen for villreinstamma i Vest-Jotunheimen?

januar 22, 2009

Underskrivne føler seg ikkje kalla til å stå for noko slikt. Han hadde i det lengste håpa at landbrukskontoret ville organisera.  Men ut frå landbrukskontoret sin synstad, sjå siste tilbakemeding frå eies på denne tråden, er både dei og fylkesmannen sett på sidelinja i denne saka. Me har vel ikkje stort val, og må vel berre godta det…

Mange spør om kva som no skal gjerast. Personleg har eg stillt denne bloggen til disposisjon viss det er opplysningar som skal spreiast. Sameleis er vel også radio og aviser interesserte i alt nytt i denne saka. Men lite har kome ut, hittil.

Trur at eit visst press frå «ålmugen»/»folk flest» kan vera nyttig viss det vert retta inn mot dei sentrale makthavarane. Viss nokon ynskjer å visa si støtte til ynskjet om eit orienteringsmøte i denne saka, så kan dei gjerne visa det med ein kort kommentar nedanfor. Eller til dømes senda ei melding til mobil: 48214365. Så skal eg formidla det vidare. Men vend dykk gjerne direkte til dei som har den formelle makta i denne saka:

  1. Direktoratet for Naturforvaltning
  2. Villreinnemnda for Sogn og Fjordane
  3. Vest-Jotunheimen villreinutval

Og sjølv om landbrukskontoret påstår at dei er sette på sidelinja, ville eg også ha kontakta:

Hugs berre på at viss ingen «masar» eller bryr seg i denne saka, så kan me i verste fall risikera at lite blir gjort.

Minner om at villreinen i dei siste par hundre åra har fått leveområda sine (pga. menneske-skapt aktivitet) sterkt fragmenterte/oppdelte, og ikkje samanhengjande som i tidlegare tider. Når det gjeld ei heilheitleg og bærekraftig forvaltning av villreinområda, er dei graderte i tre ulike nivå:

  1. To europeiske villreinregionar (Hardangervidda, Nordfjella og Setesdal/Ryfylke + Snøhetta, Rondane, Sølnkletten, Knutshø) Desse har «høgast status».
  2. Ni nasjonale villreinområde (Dei to europeiske villreinregionane + Ottadalsområdet, Forolhogna) Desse har «middels status» – så lenge dei ikkje også kjem inn under punkt 1.
  3. Andre villreinområde ( Resten/»røkla», og i denne gruppa er altså Vest-Jotunheimen + 12 andre mindre område som Fjellheimen, Svartebotnen, Oksenhalvøya, Våmyr -Roan… ) Desse har «lågast status». (For ordens skuld: Denne «statusifiseringa» står for underskrivne si rekning. Men det skal bli interessant viss nokon kan visa at eg tek feil.)

Dei harde fakta tilseier såleis at vårt kjære Vest-Jotunheimen villreinområde diverre har mykje lægre prioritet i DN, enn til dømes Snøhetta. Det hadde vore interessant å høyra DN seia noko anna. 

Difor må me nok berre stå på viss noko skal verta gjort. Men kalvingstida nærmar seg …

Er villreinstamma i Vest-Jotunheimen i ferd med å bukka under?

januar 3, 2009

dei-siste-reinane

Foto: Einar Fortun/Sogn Avis

Ser me på flyfotoet dei siste reinane i Vest-Jotunheimen? Les meir i Sogn Avis eller NRK, medan Villreinen har ingenting, førebels.

Sogn Avis nemner desse mulege årsakene, utan at lista har klåre prioriteringar:

  • Rovdyr (først og fremst jerv, men også kongeørn)
  • Sjukdom (hjernemakk…?)
  • Auka fotturisme (særleg i regi av Den Norske Turistforening)
  • Ulukker
  • Dårleg beite (truleg nedising av vinterbeitet…?)
  • Menneskeskapte inngrep

NRK har ei tydelegare  prioritering av årsakene: Jerven får mykje av skulda.

Slik denne bloggen ser det, er me no komne i ein avorleg situasjon, og det er heilt på sin plass at fjelloppsynet i Luster no slær alarm. Fjelloppsynet er no elles kjend for å vera ein jordnær og stø kar som ikkje fyk opp for ingenting!

Villrein-bloggen håpar på ein edrueleg og balansert debatt, men at det likevel vert gjort det som kan gjerast. Viss situasjonen er slik den ser ut til å vera, så er dette alvorleg.