Archive for the ‘Uncategorized’ Category

Hjortajakt «1000 kroner dagen – pluss…»

juni 3, 2016

1000 kroner dagen 003

I siste nummer av JAKT & FISKE, nummer 6, juni 2016, stod dette på trykk. Eg stussa litt då eg las det, måtte stoppa opp litt og tenkja.

No veit eg sjølvsagt ikkje kva motiv eller mål tekstforfattarane og bladet har med å skriva og trykkja dette. Viss det er meint kun som del av ein reportasje kring hjortejakt og jaktutleige i Bremanger, so er det forsovidt greitt. Men viss dette skal brukast som ei slags trendsetjing og eit opprop til grunneigarar om kor mykje pengar det ligg i å driva jaktutleige, då er eg i tvil.

Somme grunneigarar slit med økonomien, og desse unner eg sjølvsagt ei kjærkommen attåtinntekt til gardsdrifti. Det KAN liggja gode pengar i jaktutleige, og ut frå det eg les, so har Myklebust Jaktlag i Bremanger vore flinke til å byggja opp eit godt produkt som gjestejegerane er fornøgde med. Det mest eksklusive er vel jakt i dei beste brunstområdi der døgnprisen stig til 3100 kroner, i fylgje reportasjen. Og viss mesteparten av overskotet går til folk i bygdi og grendi, då høyrest dette ut som eit bra tiltak.

Eg har høyrt om profesjonelle- og halvprofesjonelle jaktutleigarar som reiser rundt i bygdene våre og kjøper opp fellingsløyve, nærast for ein slikk og ingenting, og deretter tibyr dei jakt til svimlande prisar, og gjerne til betalingssterke kundar og trofejegerar. Dette er eg meir betenkt over.

Tidlegare i reportasjen les eg: Kjeveinnsamling i perioden 1991 – 2014 viste en svært ung bestand, og få voksne dyr.  Å påstå at dette heng saman med eventuell trofejakt har me neppe grunnlag for å hevda, men det er positivt det som står å lesa vidare: Kommunen ønsker gjennom 5-årige forvaltningsplaner å bygge opp en eldre bestand. 

Viss me ynskjer busetnad i bygdene og grendene våre, so ser eg på hjortajakt som eit trivselsfremjande tiltak – og ikkje KUN for dei pengesterke. Slik er det vel framleis mange stader, og dette ser eg på som bra og positivt.

Ser at dei i Ålfoten har gjestejegerar i jaktlaget. Dette er kanskje ein bedre ordning enn der  eit heilt jaktområde vert leigd vekk. Ordningi med gjestejegerar vil eg tru er positivt fordi at då kan grunneigarane og dei faste jegerane i laget ha ein betre kontroll med korleis jakti vert utført. Men jaktlaget tilbyr ogso eksklusiv leige av ein del av terrenget med eigen kvote.

At bønder ynskjer å driva jaktutleige for å spe på inntekti på garden må vera heilt greitt. Eg er likevel redd for at denne reportasjen kan misbrukast til å kasta blår i augene og narra grunneigarane til å tru at her er det lettvinte pengar å tena. Det er nok ikkje utan vidare å tilby hjortajakt til 1000 kroner dagen – pluss… Her ligg det nok mykje arbeid bak med organisering, overnatting, mat, guiding mm.

Men elles var det ein god og interessant reportasje frå hjortejakti i Ålfoten i Bremanger i dette nummeret av Jakt & Fiske.

 

 

Potetdyrking

juni 1, 2016

Då har eg lagt potene på jordi, og no har eg nok lagt hovudet på blokki, i tillegg.  Her skulle det vera ein god anledning til å komma med meir eller mindre seriøse kommentarar.

Pipa mi – transkribering

juni 1, 2016

aslak

Har prøvd å transkribera Pipa Mi av Aslak Høgetveit.  Kom gjerne med kommentarar til transkriberingi, songen – eller piperøyking generelt.

 

Pipa mi

Du mi kjære pipe må alltids med meg vera

Dersom noko stort eg sko fram i livet bera

Inn igjennom pipa eg mangt og mykje sankar

Ut med piperøykjen eg bles dei store tankar.

Og eg trur då inkje hell tankar burde fødast

Når dei i ei pipe hell inkje toler glødast

Mann, når berre pipa blir stappa godt og elte

Nok av store tankar vi ut i verdi velte.

Hummar og kanari

mai 31, 2016

Olav Giskeøgegård 006

Grevling – spor etter matsøket hans

mai 24, 2016

Grevlingen, merk grammatikken: bunden form eintal, er komen til Jostedalen, og her ser det ut til at han trivst, og då vert han nok verande. På marki hass Otto Runningen (er namnet rett skrive?) fortalde han som driv jordi no – etter nest siste fjelloppsyn , med forbehold om at ikkje eit nytt er tilsett i desse dagar – at det på marki var nokre påfallande hol. og at desse holi  var spor etter grevling som jakta på makk, meitemakk.

Marki var nyleg gylla, men eg fann nokre striper som var litt reinare, og tok med dei nye Audlandskodna mine på bildet for å syna størrelsen på holene i marki.Skorne vaska og skrubba eg etterpå.

Holene var nok ikkje av nyare dato, men likevel trur eg at dette kan folk sjå etter viss dei trur grevlingen er komen der dei bur. Viss dette er rett – og rett sitert etter det nest siste fjelloppsynet i Luster. Sjølv trur eg i alle fall at dette er rett.

Godt at det ikkje er rein i Jostedalsfjelli…

mai 8, 2016

2016 helg 001

Det var jamen godt at Luster Kommune i 2011 stogga planane for reetablering av villrein i Luster sin del av Breheimen. Då hadde me resikert å få den farlege sjukdomen Cronic Wasting disease  inn i dei reine og ubesudla fjellområdi våre.

Sidan Fylkesmannen i Sogn og Fjordane dekka alle utgifter, var det lett for oss ukunnige  å gå på denne limpinnen. Nok ein takk til Luster Kommune for ei framtidsretta avgjerd, og ikkje minst takk til Luster Landbrukskontor som gav kloke råd og rettleiing til kommunen i denne saki.

 

Kviss nr 4 – våren 2016

mai 4, 2016

 

kart fossen 001Kva er dette ?

Eg veit ikkje kva denne nøyaktige staden heiter, men dette bildet tok eg i fjor i skogen ein stad nedanfor Byggefeltet på Gjerde.

Morokarar og -jenter må gjerne svara, og dei kan godt koma med forslag til forhistorie til denne gjenstanden.

Denne gongen kan de skriva svaret direkte inn i kommentarfeltet.

Kviss nr 3 – våren 2016

mai 3, 2016

Krekane 007Kvar i Jostedalen er dette?

Reinsdyrgevir – eldre – frå Jostedalen

april 28, 2016

Fossen bru fiskehus 005

For tidi er det ikkje villrein i Jostedalen.

Det vart gjort eit mislukka forsøk på utsetjing i 1997. Eit nyare reetableringsprosjekt vartt diverre/heldigvis stogga av Luster kommune i 2011.

Vårteikn i hagen

april 26, 2016

vårteikn 1Likjest vårt folk i mager jord skjelvande blomen på bøen, stend utan livd i vind frå  nord tett inn med kanten av snøen.

(Anders Hovden)