Archive for the ‘Tredreiing’ Category

Dreieemne

desember 15, 2013

2013 desember Flohaug

Enkelte stader i Luster veks det grov bjørk

(Foto: A. J.)

Dreieemne

mai 26, 2013

Bilde0191 Bilde0192

Heime kalla me det «klaotre», i Jostedalen seier dei riknute.

Larve

mai 16, 2013

Bilde0172 Bilde0173 Bilde0174 Bilde0175

Då eg skulle dela opp nokre seljekubbar, fann eg nokre store, raudaktige larvar. Er det nokon som veit kva slag innsekt desse blir til?

Stunt-dreiing

april 12, 2013

Bilde0164

Desse to fata har eg dreia frå ei rirkule/riknute/klaotra – kjært barn har mange namn – frå ei bjørk frå Fortun. Diameteren nærmar seg 70 cm på kvart av fata. Slike prosjekt hadde eg aldri kunna gå i gang med hadde det ikkje vore for den nye dreiebenken VB 36.

Det er ikkje heilt ufarleg med slik dreiing. Dei ujamne kantane han skada fingrar mm. særleg under stopp og start. Deler – eller heile emnet kan losna. Det krev difor full konsentrasjon, heile tida. Eigentleg burde ein vel kanskje halda seg borte frå slikt, men eg greidde ikkje lata det vera. Eg kallar det stunt-dreiing.

(Kan nokon skaffa meg emne, heile, råe trestammer av lauvtre,

min. 40 cm….)

Det dreiar seg om dreiing

februar 23, 2013

005

Har kjøpt ny-brukt dreiebenk VB 36. Fordelen med denne er at det no er enklare å dreia store skåler. På bildet er det to ferdige og to halvferdige skåler i selje. Dei er vel opp mot 50 cm i diameter. På golvet står ei «knudrete» skål av «aore» – gråor. Viss ein vil dreia slike, er det viktig å tenkja seg om og ikkje stressa, elles kan ein få alvorlege rapp på fingrane…

Håpar at nokon kan tipsa meg om grove emne, helst av lauvtre.