Archive for the ‘Synsing’ Category

Kva er ein god elev?

april 10, 2009

I den generelle samfunnsdebatten møter me spørsmålet: Kva kjenneteiknar ein god lærar? Då eg googla Hva er en god lærer fekk eg 38 treff. Ein elev på ungdomsskulen ville snu på dette, og ynskte å intervjua meg om Kva er ein god elev? Noko meir om spørsmåla fekk eg ikkje vita, og interjuet vart gjort på kort varsel. Ingenting av det eg sa vart klyppt eller lagt til i etterkant. Høyr intervjuet her. (Du må klikka deg inn på «Sist utlagd Radioinnslag», med blå skrift, øvst i høgre hjørnet.)

Fyr løs! (- men unngå det personlege og private)

OJ – frå humorist til seriøs kunstnar

februar 24, 2009

Pressens Faglege Utval (PFU) har i dag behandla ein klage på Otto Jespersen sine to «jødemonologar» frå Torsdagsklubben i TV2. Konklusjon: TV2 har brote god presseskikk. Vedtaket var samrøystes, vert det sagt. 

Truleg må det ha kome fram opplysningar i møtet som er ukjende for ålmenta. Eller det er ukjende psykologiske mekanismar som har verka inn på medlemene der dei har site i sitt lukka rom. For dette verkar heilt uskjøneleg.

Trur dei verkeleg at OJ dreiv jødehets? Om enkelte blir såra, får dei kontakta psykolog om dei ikkje klarer å takla det forvridde kjenslelivet sitt. Er verkeleg formyndarsamfunnet vorte så mektig at me skal skånast for alle ubehagelege ord og uttrykk?

For meg er OJ ein av dei som i høgste grad har fokusert på, og kjempa mot nedlatande og diskriminerande haldningar. Han har pirka og rive i fordommane våre, og slikt er ikkje alltid like behageleg. Det vert dagleg sendt mykje meir «skadelege» ting i fjernsynskanalane.

OJ har vore ein stor humorist. I vår moderne/postmoderne tid har han med dette teke steget over til å bli ein av våre største samtidskunstnarar – han og teamet hans.

«Det finst fesjer og det finst figurar…»

februar 4, 2009

Det har dei siste dagane gått ein debatt i det offentlege rom, som det så fint heiter, kring ytringsfridomen og blasfemi-paragrafen. Vår eiga Liv Signe skal på eit gitt tidspunkt ha «tvinga Ap i kne», og det er jo ein prestasjon det står respekt av.

I dag stod ho likevel fram som riddaren som kjempar for eit ope samfunn, folkestyre og fritt ordskifte. Samstundes har ho kjent ei plikt til å sikra religionsfridomen og til å kjempa mot hatefulle ytringar om personar si tru og folk sitt livssyn, med andre ord likevel  behalda blasfemiparagrafen – samstundes som ho var for eit ope samfunn.

Sjølv om Liv Signe truleg er  ein av dei største og dyktigaste realpolitikarane i Noreg i dag, greidde ho likevel ikkje å vera mot noko ho eigentleg/tilsynelatande likevel var for, og i dag trekte ho difor det såkalla tillegget i rasismeparagrafen.

Medan journalistane plagar livet av Jens og Liv Signe, tuslar det på Stortinget rundt ein president som truleg smiler nøgd i skjegget han ikkje har.

……………………………….

I Jostedalen var det ein gong to gutar som slost om ei jente. Dette var fælt, tykte mange. Men ei eldre kjerring full av livsvisdom kom med fylgjande lakoniske kommentar: «Å ja, det finst fesjer og det finst figurar».  

På dialekt blir det vel meir slik: De finst fesje å de finst figgura…

Forslag til tolking: Kvifor laga så mykje spetakkel når det finst andre jenter – andre løysingar…

fesje:  jente, dame, kvinne mm.

figgur:  gut, kar, mann mm.

Nyttårsynskje frå eies alias Bukken i Båten

januar 1, 2009

Mat nok til alle og  fred på jord, ikkje minst i Kongo og på Gaza-stripa. Dessutan at arbeidet fram mot ei reetablert villreinstamme i Breheimen må koma skikkeleg i gang. Kva ynskje som er mest naivt er ikkje godt å seia. Time vill sjåvv, som Rudolf Blodstrupmoen så treffande sa det.

Nikkneim – nickname – kallenamn

desember 31, 2008

Som dei observante blogglesarane sikkert har oppdaga, har eies operert under fleire namn. Dette er ein uting, absolutt. Men med dette proklamerer eies høgt og tydeleg at han no framover vil signera med Bukken i Båten.

Årsakene til namneskiftet er:

  1. Det gamle namnet var litt slappt.
  2. Ein av teamleiarane på ungdomsskulen var byrja å kalla han eies også til dagleg, og dette var litt forvirrande.
  3. Bukken i Båten har bokstavrim.
  4. Bukken i Båten er ein feiande flott reinlendar etter Arne Høyland – som Sjur Hesjevoll skal ha spela så fortreffeleg.
  5. Den siste tittelen NK sette på eies, etter å ha forsøkt med reinkompetent, ålment akseptert villrein-kunnig og: lokal sakkunnig kapasitet og fag-autoritet innan villrein, var nettopp det enkle og klingande: BUKK.

No kan det sjølvsagt innvendast at dette er noko eies bør gløyma og leggja bak seg, men slik er det no ein gong. Og eies har alltid meint at NK er ein fin fyr: Jovial, morosam og treffande i replikken. 

Kvar har det forresten vorte av NK? Han har ikkje vist seg på bloggane etterpå – i alle fall ikkje der eies har vore med. Kan ikkje tru at det store kraftselskapet i Gaupne driv så streng sensur med dei tilsette at dei ikkje får lov å delta i open meiningsutveksling ?  Kan kraftselskapet vilja ha eit slikt alvorleg rykte sitjande på seg… ?

Slik eg kjenner NK, vil eg tru at viss han ikkje hadde den jobben han har i dag, så kunne han ha godt ha vore ein sentral figur td. innan Naturvernforbundet. Men dette blir berre tankespinn…

Å setja kallenamn på ein person er truleg ein elgammal tradisjon. Det mest dramatiske eg kjem på nett no, er Tor Jonssson si novelle Liket. Der tek hovudpersonen livet sitt etter at han har fått kallenavnet Liket frå representantar frå bygdedyret.  Årsaka var at han gjekk i ein lys anorakk.

Mange har nok vore djupt fortvila etter ufrivillig å ha fått eit kallenamn. Ei lita historie frå ein industristad her i fylket: I Jostedalen vert røra til ulike matrettar som vaffelkaker, klubb… kalla mauk. Det er/var heilt vanleg. Ein jostedøl på industriarbeid kom til å seia noko slikt som at: Er det meir mauk att… ? Det skulle han ikkje ha gjort. Frå den dagen vart han berre kalla Mauken.

I industriarbeidarmiljøet i Årdal og Høyanger var kallenamn etter det eg forstår, heilt naturleg. Du vart ikkje rekna med i gjengen før du hadde fått kallenamn. Det var nærmast ein dåpsseremoni ein måtte gjennom før ein vart rekna med.

Å bli sint over eit kallenamn, er det dummaste ein gjer. Og å pakka inn kallenamnet slik at berre den innerste sirkelen forstod det, var ein stor kunst. Kallenamnet kunne då plasserast tilsynelatande uskuldig i ein vanleg setning. Bilen til Oksen spann seg gjennom ein sving, så vidt det gjekk. Han greve, du! vart dagens kommentar, og replikken vart hugsa lenge etter at han som sa han var daud. Ein utanforståande kan ha store vanskar med å forstå humoren.

Og i norrøn tid hadde dei mange store og stolte tilnamn/kallenamn: Olav Digre, Einar Tambarskjelvar, Eirik Blodøks… Men eg tippar at blant dei som var lægre på rangstigen så fanst det både latterlege og vulgære kallenamn. 

Kva med Kusen forresten? Eg har sett Kusehytta i Dyreskori, og det skal visst finnast mange fortal etter denne originalen (som visstnok hadde vore i Amerika). Og frå heimstaden min kjenner eg til både han Pikk-Ola og han Mus-Ola og han Dobra-Ola. Kor glade dei var for namnet, veit eg ikkje.

Det kan liggja ei form for mobbing og uthengjing i det å setja kallenamn på nokon. Men som ved mobbing kjem det mest an på korleis ein tek det. Viss ein er i bra psykisk balanse og ikkje spesielt nærtakande, finst det mange døme på folk som har fått kallenamnet sitt til å bli nærast eit heidersnamn.

Eg vil ikkje moralisera. Kvar får gjera det ein meiner er rett. Men om det ikkje gjekk like gale som med Liket, så har det nok gått ein del tunge skjebner her i dalen også etter at ein skøyarfant i tankeløyse har gitt nokon eit utriveleg kallenamn.

Men frå no av vil eg prøva å bruka nikkneimet: Bukken i Båten, så får me sjå korleis det går. Men viss de vil kalla meg eies, så er det også heilt greitt. Eg kjem vel til å rota ein del med namna, sjølv og.

eies utmeld av SV

desember 26, 2008

– men verda går vidare, og det ligg ingen dramatikk i dette.

eies er stolt av å ha vore med på å dra i gang Luster SV. Partiet er vel enno ikkje så stort, i kommunestyresamanheng, som det bør vera. Partiet har likevel markert seg som eit alternativ i lustrapolitikken. Men eies føler at han no har lite å bidra med i Luster SV, og han ser det som naturleg å melda seg ut. 

eies nyttar dette høvet til å takka alle dei han har vorte kjend med gjennom dette arbeidet. Og lukke til vidare. Luster har bruk for eit SV!

eies har ingen umiddelbare planar om på ny å gå inn i partipolitikken, og på ei partiliste ynskjer han ikkje å koma. For dei som kjenner han, bør det ikkje koma som noko stor overrasking at han tykkjer Torstein Dahle er ein flink fyr, og at han har sympati for mykje  av det partiet Rødt står for.  

Dessuten tykkjer eies at romanen Streik av Per Sivle er ein viktig roman, sjølv om tida i dag er annleis enn på slutten av 1800-talet. Men eies hugsar også, med vemod, den snille læraren han hadde i folkeskulen. Denne læraren sette Per Sivle svært høgt som diktar. Men romanen Streik forstod ikkje læraren at Sivle kunne ha skrive, og han rådde oss frå å lesa denne boka. Den var ikkje bra for oss …

How to shit in the woods

desember 26, 2008

Frå tid til annan får eg hint om at det ligg att skit/bæsj…  etter hunden min. Sjølv om eg nok av og til tykkjer at dette er litt hysterisk, så prøver eg å plukka opp, i alle fall i nærleiken av der folk bur. Og har eg ikkje med meg pose, prøver eg å vippa lorten ut i geografien og bort frå stien der folk går. Og viss hunden vår drit på plenen til naboen, håpar eg at eg får beskjed.

Sameleis viss eg går i dei flotte, oppkøyrde løypene i Fagredalen eller frå Bjønnstegane og framover. I den samanhengen vil eg nemna at eg er litt skeptisk til at me skal reklamera for mykje for desse fantastiske skiløypene. Viss no godtfolk, nedaføringar og andre skal bruka desse løypene endå meir, då veit eg korleis det går: Hald hunden din i band! kjem eg til å få høyra meir og meir. Eg veit korleis det blir. Nei, bruk berre løypene i Leirdalen, de. Dei skal visstnok vera heilt ok.

Men eg har lyst til å snu hundadrit-problematikken litt på hovudet. I går hadde eg meg ein fin tur fram mot Nigardsbreen, hunden min sprang laus, som vanleg, når det ikkje er folk i nærleiken. Det var kaldt med fleire kuldegrader, og sola skein i lia frå Bjørkehaugen og frametter.

Brått begynte ho ivrig å grava i snøen. Kanskje restar etter noko eit rovdyr har drepe, tenkte eg då ho begynte å gnaga på noko som kunne minna om ein mørk fugl, eller kanskje litt av ein hjortafot? Slikt har hendt før, og eg let ho berre driva på.

Men så skvatt eg till: Ei nedsnødd skiløype hadde gjort ein stogg akkurat der bikkja hadde funne byttet sitt. Den observante blogglesaren har nok no fatta mistanke, og eg kan stadfesta mistanken: Kjære blogglesar, du har nok heilt rett! Det eg trudde var restane etter eit daudt dyr, var eit beinfrose, nokså stort ekskrement etter homo sapiens, individ: Ukjent. Ynskjer ikkje å vita det heller. Det vil ta fokus fullstendig bort frå det interessante i denne historien.

Brått tykte eg ikkje lenger det var så greitt at bikkja låg og gnog på dette. Eg tok godklumpen frå ho og nekta ho å røra han meir. Men eg måtte gjera meg nokså streng i stemma: Dette var noko ho verkeleg likte!

Tankane mine gjekk vidare til den første hunden min: Han Alexander fili bom-bom (Dataprogrammet til Norsk Kennel Klub takla ikkje 26 bokstavar i namnet.) På ein blåbærtur på Hellebø-myrane ein haust, vart hunden brått oppteken med noko interessant. Sikkert ein lomhund nede i hola si, tenkte eg. Og der keik hunden opp, brun av mold (trudde eg… ) i fjeset og nedetter halsen. Flink bisk!

Men der var han også pynta med breie kvite girlander kring halsen og i kjeften. Mistanken vart vekt i meg! Med fare for å bli skulda for å ha fordommar mot andre folkeslag, vil eg nemna at det denne sommaren hadde vore fleire austeuropeiske bussar som hadde campert nett her. Bussar som heller ikkje såg nett strøkne ut, men det er uvesentleg i denne samanhengen.

Kort fortalt: Eg fekk tak i ein svart bossekk, klyppte hol i det eine hjørnet, tredde hovudet hans gjennom holet så han fekk pusta, plasserte hunden i bilen og køyrde avgarde. Vekk frå denne staden!! Men kor? Eg merka panikken kom.

Myten! Der hadde hunden bada ofte. Heldigvis likte han å bada. (Håpar at folk som tok drikkevatnet frå Jostedøla ikkje les dette. Brevatn er forresten ikkje sunt heller, pga leirpartiklane, har eg lese.) Etter mykje strev + ei grønnsåpeflaske, såg hunden bra ut. Men han lukta ikkje godt. Heller ikkje etter fleire omgangar med hundeshampo. Han lukta austeuropeisk bæsj i over ei veke. (Austeuropeisk bæsj luktar forresten til forveksling heilt lik den norske.) Men rein var hunden denne sommaren.

Desse historiane kan sikkert brukast viss det finst ungar som masar på foreldra sine om å få hund.

Men det finst litteratur om emnet.  Kathleen Meyer har skrive boka: How to shit in the woods

Bokkilden kan skaffa boka, og ho kostar 120 kroner.

Eg har ikkje lese boka, enno.

Julegåve – bok til eies: Kurtby av Erlend L.

desember 25, 2008

Erlend L har tidlegare gitt ut fleire barnebøker om Kurt. Eg har ikkje lese alle. Kurt blir grusom er filmatisert og skal visstnok vera bra.

Veit ikkje om eg nokosinne har ledd slik av ei bok. Ei bok som likevel har ein djupt, djupt alvorleg undertone. For meg går tankane automatisk til det eg skreiv om Syne Marta  på Veitastrondi i JSA 2008.

Kurt og familien hans kom på ferieturen, ved eit uhell, til å hamna i ei sekt i Kurtby (Knutby). Sekta manglar pastor, og Kurt blir utnemnd til ny. Kirsti Brud (Kristi Brud) har stor makt i sekta og dreg Kurt bort frå kona hans: Anne-Lise. Kirsti Brud trugar stadig Anne-Lise: Og pass deg så du ikke slår hodet dødelig hardt mot blandebatteriet slik pastorkoner bruker.

Høgdepunktet i boka er når Kurt får eit hardt slag mot hovudet og begynner å snakka nynorsk/dialekt(?) (Kan minna litt om Eggmysteriet i ein Donald-serie): Eg sa: Den som et blod skal rydjast ut. Og om nokon, anten han er fødd i landet eller han er innflyttar, har ete av eit dyr som er sjølvdaudt eller ihelrive, skal han vaska kleda sine og lauga seg; han er urein til kvelds. Då vert han rein att. Dersom han  ikkje vaskar kleda sine og laugar seg, fører han skuld over seg. (Kurt sin reaksjon på at dei har måtta ete kjøtdeig som har gått ut på dato – og fått diare.)

Anne-Lise og borna skal rydjast ut sidan dei ikkje  vil underkasta seg, og Kurt held fleire logande talar. Til slutt klarer dei likevel å rømma ved å kopla alkohol inn på drikkevatnet til innbyggjarane i Kurtby. Alle søv, og dei ber Kurt med seg. Men Anne-Lise må gi Kurt fleire slag i hovudet før han blir som før att.

Boka passar for alle vaksne som undrar seg over det som skjedde og skjer i Knutby og i andre ekstreme sekter. Om ho passar for born, får den enkelte vurdera. Modne born kan nok bli skremde, men born no til dags høyrer og ser no så mykje fælt atte.

Den beste boka til denne forfattaren er nok framleis, utan tvil, den raude boka med bilete av eit bankebrett utanpå. Trur neppe det går an for nokon å skriva ei bok som når opp til den…

Men Kurtby var ei vanvittig morsom bok om eit djupt alvorleg tema. Det er vel heller ikkje dårleg.

Juletre

desember 23, 2008

Viss nokon er i beit, så har me eit juletre av gran – for mykje.

To utstoppa revar

desember 16, 2008

rev3

eies har lært seg at det ofte er lite hensiktsmessig å blanda arbeid og privatliv. Likevel, denne gongen gjer han eit unntak.

På sløydsalen på ungdomsskulen har det opp gjennom åra vorte stoppa ut nokre mindre dyr, for det meste mår. I år ville to gutar stoppa ut kvar sin rev. Dei gjekk entusiastisk i gang og resultatet vart slett ikkje verst. Eller kva…?

Kroppane vart kjøpte frå http://www.bioprep.no/  Det var første gongen me prøvde dette, og det forenkla arbeidet monaleg!

Når det gjeld prepareringsveske, har eies høyrt ein del hysj-hysj-reseptar. Men han likar ikkje skumle og halvskumle giftstoff, så han brukte ei gamal, dansk oppskrift med maursyre + salt. Denne brukte eies for 30 år sidan, og etter det han veit har ikkje preparata misst pelsen e.l. frå den tida. Blandingsforholdet må han koma attende til.

Hjå godkjend preparant kostar det 4000 – 5000 kr å stoppa ut ein rev.