Archive for the ‘Rovdyr’ Category

Gaupe

november 10, 2013

    Illustrasjonsfoto

    Det skal nyleg ha vore observert ei gaupe i nærleiken av Leirmobrui.

Beinrestar

juli 30, 2013

Bilde0225  Bilde0227

Desse beinrestane er truleg etter ein hjort. Har hjorten døydd naturleg», eller er det eit rovdyr, td ein bjørn,  som har drepe ? Det må nok til flinkare folk for å avgjera slikt.

Jerv som livreddar

juni 8, 2013

http://filter.start.no/nettnytt/10484

Jerv på hjortajakt

juni 5, 2013

I vinter har det vore mykje hjort i Krekane/Espe-området, og i går kveld såg dei i Kreken ein jerv som jakta på ein hjort. Det er nok litt spesielt for folk som for nokre år sidan misste fleire sauer til jerven – å sjå han so nær husi.

Då var sesongen slutt…

april 16, 2013

2013 rev Helge Alme

Ein Hafslobygding med mor frå Jostedalen har denne fangsten frå vinteren.  Det er neppe mange som har teke fleire, her omkring, i alle fall.

Revelokking

mars 31, 2013

Han eies kjem stadig «ut av skapet», som det heiter. Han har begynt å lokka rev. Revelokking med andre ord. No er dette likevel ikkje heilt rett. Sanninga er vel meir at lokkinga til eies har hatt ingen eller helst negativ effekt hittil, og han har ikkje sett so mykje som ei einaste reverumpe. Ein kveld vart han faktisk litt skjelven då nokre skiløparar med hovudlykt nærma seg faretruande. «Har dei med børse for å skyta dette dyret som driv og ber seg so ilt…?» var ein tanke som for gjennom hovudet på revelokkaren. Men heldigvis gjorde dei retrett so eies slapp å vinka med det kvite flagget (som dei heller ikkje hadde sett mot snøen) og ropa «Peace, peace, peace…!»  – eller kva ein no skal ropa i ein slik akutt situasjon.

Lokkefløyter er dyrt, og ein nybegynnar som skal ha «alt» må snøgt ut med ei lita formue. ( – sjølv om «formue» ikkje so svært mykje pengar med eies sin økonomi og språkbruk). Difor ligg det her ein kort instruksjonsfilm om korles ein kan laga si eiga lokkefløyte med enkle materialar og enkelt verktøy: MAKING A TENTERFIELD FOX WHISTLE

Elles er dette med lokking utruleg fascinerande, og sjølv om «lokkekameratane» har skote både rev og mår, so har ikkje eies tenkt å gi seg – enno. Uansett er det særs viktig i små samfunn at folk har noko å prata om og flira av. Det er mykje god terapi i det.

Villreinbloggen beklagar

mars 27, 2013

I eit tidlegare innlegg på bloggen stod det: Han har fått beskjed om at “foringa” han har drive med har øydelagt for reveåte-jakta.  Det har no kome fram opplysningar som tyder på at dette likevel ikkje er rett. Viss det er slik, er det sjølvsagt ikkje bra at det som vart skrive blir ståande.

Villreinbloggen beklagar difor det som vart skrive.

Jerv – ikkje berre rykte lenger

mars 22, 2013

Jerv avliva i Luster 14. mars 2013 (Foto: SNO-Aurland, rovviltseksjonen.)

Foto: SNO-Aurland, rovviltseksjonen – NRK Sogn og Fjordane.

Det har vore «mistenkeleg» stille om jervefangsten denne våren. Til og med sauebøndene sjølve har visst lite eller ingenting. Men i denne reportasjen frå NRK Sogn og Fjordane kjem det ei grei oppsummering.

Slike  bilete som dette, dette og dette vil me neppe få sjå i år – små nusseleg og søte små jervebabyar i hjelpelaus positur på ei snøfonn. Truleg har «støyen» og kritikken mot SNO og sauebøndene vorte ein so stor belastning at dei no har valt å gå stillare i dørene – og dette gjeld ikkje minst i media. På den eine sida er dette litt synd, for «uttaket» av jerv og jervekvelper er ikkje ulovleg, og litt debatt skadar ikkje. Men eies trur – og poengterer trur – at det altso her er gjort eit val om å ha ein lægre profil enn tidlegare år, ogso i media.

Ulempen med ein slik «pållisi» er at rykteflaumen blir desto større. «Jeg siger ikke mere…….»

Jerv, rykte

mars 19, 2013

Rykte høyrer han eies på, men det er ikkje alltid han trur på dei. Det vert sagt at SNO har «teke ut» jerv den siste tda. Her i dalen og lenger inne i fjellheimen.

Dette kan vera «dikt og forbanna løgn», men like truleg er det SNO som har lagt seg på ein ny pållisi i forhold til media.

Jervefangst, oppsummering mars 2013

mars 15, 2013

Som ein kuriositet kan eies innleiingsvis nemna at han for nokre år sidan vart skulda for å bortforklara den skade jerven gjer på rein og husdyr, og soleis vart stempla som «natturvernar», noko mange såg på som eit skjellsord. Han eies ser mest på «naturvernar» som ein heiderstittel.

I haust før jul og etter eies var heimkomen frå Modum, var han i ein situasjon der tid var noko han hadde rikeleg av, og han trengde noko «meiningsfullt» og interessant som kunne oppta litt av dagane. Han fekk difor denne ideen om jervefangst. I motsetning til tidlegare er jerven ikkje lenger utrydningstruga, kanskje tvert imot. Han Geir Vidar, Harald, Kjetil og Sverre (nokon som vart gløymde…?) var alle positive og hjelpte kvar på sin måte til at han kom i gang.

Jervefangst med jervebås har vore drive i Jostedalen i minst ti år, etter som dei fortel, men utan fangst – hittil.  Då han skulle begynna, snakka han med jegerar han kjende. Det var særleg ein historie som vart trekt fram. Halvard Horpen fylgde ein gong spori etter ein jerv ved Øy. Brått hadde jerven vinkla av frå retningen han hadde, og gått direkte til ei daud kyr som låg nedgrevi på Fåbergstølen, ein avstand på vel 2km. Dette fortel litt om den fantastiske luktesansen som jerven har, og ein skulle soleis tru at eit hjortehovud skulle vera rikeleg åte for å lokka jerven inn i båsen. Eies måtte difor ikkje leggja åte utanfor båsen, vart det sagt, då ville jerven berre eta seg mett på dette og ikkje gå inn i fangstbåsen. Dette har fleire jegerar fortalt, og det verkar logisk og både rett og rimeleg, og eies trur at nokolunde slik har dei drive fangsten her i dalen i nyare tid.

 So tok eies kontakt med to karar i inste delen av kommunen vår, og desse to er, etter det han veit, dei einaste som har greidd å fanga jerv her omkring. Den eine karen sa at han måtte ha nokre små bitar ogso utanfor båsen. Den andre karen sa at jerven var eit mårdyr og at han difor hamstrar. Difor måtte det vera litt utanfor båsen og, for å «pirra» han, var vel ordi som vart brukte.

Her fekk eies soleis ulike signal, og  han vart litt usikker. Han tok difor kontakt med jervefangarar lenger aust og nord i landet. Den eine skreiv: «Den båsen jeg har kjennskap til har i allefall åte både inni og utafor, og det er tømt flere bøtter blod og diverse inni og ved båsen. De siste dagene har jerven holdt til rundt åpninga på båsen i lengre tid, ble bl.a observert midt på dagen oppi treet som båsen står ved. Så det er vel bare et spørsmål om tid før den har spist rubb og raka utenfor båsen og sjekker ut hva som er inni.» Ein annan skriv: «Har ute jerve åte i en minkbur, men spredt åte rundt. Etter par dager på åta ålet jerven inn i buret.»

Kva skulle han eies gjera? At folk har ulikt syn på korleis jakt og fangst skal drivast er vanleg og heilt normalt. Han valde denne gongen å lytta mest til råd og tips frå dei som faktisk har greidd å fanga jerv, men han eies strekar under at det heilt sikkert var mykje å læra ogso av det dei lokale jegerane fortalde.

Eies veit det har vore brukt både geitehovud, værahovud og hjortehovud som åte i jervebåsar. Dette er nok snadder for ein svolten jerv. Men åta vert utsett for frost, tining og frost, frost og tining…. , og kor mykje lukt gir denne frå seg etter eit par månader, i 20 grader minus og kaldare, og ber denne lukti over ein avstand på eit par hundre meter – for ikkje å seia kilometer… ?  No veit eies ikkje korleis været og temperaturen var då jerven grov opp kyri på Fåbergstølen, men han ser ikkje bort frå at den nedgrevne kyri faktisk gav frå seg ein del lukt.

Men uansett, og i alle fall slik han eies ser det: Spekulering og synsing frå eies og andre som aldri har fanga jerv er i grunnen nokso lite verdt. Han valde denne gongen å lytta mest til dei som faktisk har greidd å fanga jerv. Dette vart likevel skjebnens ironi, at han ikkje fekk driva fangst lenger på denne måten. Og kanskje var det ogso det beste – viss det ikkje berre er ei fattigmanns trøyst, då.