Archive for the ‘Reetablering av villrein’ Category

Villrein i Luster, 1

oktober 12, 2015

kart fossen 005

På side står kart over «Kulturminne  iJostedalsfjella registrert av Sverre Fossen». Kartet manglar ein del Registreringar som Fossen har hatt. Tenkjer her på fangstgroper i Sprongdalen – groper som vart øydelagde under vegbyggingi til Styggevatnet, dei to store anleggi med opp til (kanskje over) 20 bogastille ved Vangsen og Gravdalsbandet kjem ikkje fram på kartet, ni jordgropgraver ved Fjellstølen i Vigdalen er ikkje med, sameleis fleire fangstgroper i Vigdalstølsdalen. I tillegg .har me fleire buplassar ved Viva og bogastille ved Fivla. Dette er dei eg såg i farten.

Resultata av dei arkeologiske utgravingane som vart gjorde ved Styggevatnet kunne og ha vore med. Kjersti Randers har her mykje interresant biletmateriale av utgravne gjenstandar.

Ny bok om villrein i Jostedalsfjelli og Lustrafjelli

oktober 12, 2015

Frå pil og boge til lasso og gevær!Det har kome ei ny bok (dvs. boki kom ut i 2014) som ogso omhandlar villrein i Luster sin del av Breheimen: Per Jordhøy: «Reinheimen og Breheimen» med undertittel Frå pil og boge til lasso og gevær. Det er ei interessant bok, absolutt !

Personleg trur eg det rette i dag er å fokusera på villrein som ein generell, verdifull ressurs for oss alle – og i mindre grad lata villrein vera noko eksklusivt som jegerar og grunneigarar har eineretten til.  I kva grad forfattaren har lukkast med dette får lesarane avgjera.

Eg har ogso lyst til å koma med ein del kommentarar, spesielt til det som er skrive av den høgt respekterte og innehavar av stor kunnskap om villrein, tidlegare fjelloppsyn i Luster. Reknar med at alle er interesserte i å få fram balansert og historisk korrekt kunnskap.  Skulle det visa seg at noko av det eg skriv ikkje er rett, håpar eg at folk vil korrigera meg, og eg lovar dei soleis plass her på bloggen. Det kan vera so mange årsaker til at opplysningar blir misvisande, det kan vera hastverk og tidspress, misforståingar, feiltolkingar og sikkert mykje meir.

Legg soleis ut ein del kommentarar her på bloggen, og håpar at kunnige folk les og korrigerer det som er skrive.

Rein ved Styggevassdemningen

august 6, 2015

Fire store reinsbukkar er observerte i Feetbakkane ved Styggevassdemningen.

Jonathan E. Colman

april 4, 2015

Colman1Colman 2

(Bileti er skanna frå siste nummer av «Jakt og Fiske»)

Jonathan Edward Colman, fagkonsulenten som utarbeidde ein plan for reetablering av villrein i Luster sin del av Breheimen. På fagleg vis konkluderte han med at planen hadde 70% sjanse til å lukkast. Dei økonomiske utgiftene til dette arbeidet vart dekka av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Likevel ynskte Landbrukskontoret og dermed ogso Luster kommune ikkje å samarbeida med han lenger. Ein uttale derifrå: «Dei fleste tiltaka i planen var ikkje gjennomførbare…»

Årsmøte i Luster jakt- og fiskelag

januar 29, 2015

Årsmøte 2015

Innkalling til årsmøte 2015 5/2 kl.19,30 Pyramiden kafe,

​Vanlige årsmøtesaker,middag,valg

Innkalling til Årsmøte i Luster Jakt og fiskelag. Pyramiden senterkafe 5/2 kl.19,30, Vi får besøk av Henning Urke, vil snakke om merkeprosjekt av sjøørret, ellers er det vanlige årsmøte referat, servering av middag. Saker som skal behandles på årsmøte må være styret i hende innen 1. februar.

Per Gunnetad

leder

.

Nytt fjelloppsyn i Luster

januar 22, 2015

Are Endal Rognes.jpg

http://www.luster.kommune.no/nytt-fjelloppsyn.5676015-157426.html

Ny bok om villreinen i Breheimen og Reinheimen

januar 20, 2015

Per Jordhøy har vore redaktør for: «Reinheimen og Breheimen. Frå  pil og boge til lasso og gevær»  Eg har skanna det meste av det som er skrive om Luster. Gå inn på linken nedanfor, då kan du lesa dette som pdf-filer:

201501091411

(Bla med dei tjukke pilene på det første bildet, då får du sjå dei andre sidene. Større skrift: + , mindre skrift: – .

Nyttårsynskje

januar 1, 2015

 

 

På biletet er to reinar fotograferte på ei snøfonn ved Styggevatnet i 2009.

Nyttårsynskjet mitt er at Luster kommune etter kvart vil forstå kor viktig det er å ha ei villreinstamme i Luter sin del av Breheimen/Reinheimen. Og at me saman må bruka alle rimelege middel for å reetablera ei villreinstamme i dette området.

Ein epost til Luster kommune

desember 10, 2014

Til ordførar Ivar Kvalen,

Luster kommune.

 

Nokre kommentarar til svar frå ordføraren på ein interpellasjon frå Luster Venstre

(Kommunestyret 25.09.2014)

 

Ein stor takk til ordføraren for svaret han ga i kommunestyret på interpellasjonen frå Luster Venstre. Underskrivne har ei stund vore i tvil om verdien av å føra denne debatten vidare, men her kjem likevel nokre kommentarar.

Nedanfor er difor svaret frå ordføraren på nytt. Men eg har tillete meg å kommentera svaret, og alt som er mine kommentarar står soleis med grøn skrift. Dessverre dreia svaret frå kommunen seg i stor grad om å forsvara dei uheldige vurderingane som har vore gjorde av Luster kommune tidlegare i denne saki, og i mindre grad om konkrete, framtidsretta planar og tiltak. Kor stor hensikt det har med ein vidare polemikk, kan kanskje vera usikkert. Men viss det finst faktafeil i det eg har skrive, ber eg å få beskjed om det, munnleg eller skriftleg.

Underskrivne var med i arbeidsgruppa som vart nedlagd i 2011.

Kommunestyret 25.09.2014 

Svar frå ordføraren på interpellasjon frå representanten Steinar Bruheim om planar for re-etablering av villrein i Luster sin del av Reinheimen og Breheimen, tidlegare Ottadalen villreinområde

I samband med verneprosessen for Breheimen vart det frå vernestyresmaktene si side stilt ein pengesum til rådvelde for å utgreia aktuelle tiltak for å få villreinen til å ta i bruk att Luster sin del av Ottadalen villreinområde.

Det var vel ikkje noko som tilsa at “vernestyresmaktene” (Fylkesmannen i SFj mfl) ikkje hadde støtta prosjektet vidare sidan ein då hadde hatt eit solid fagleg grunnlag å byggja på. Tilskot frå Fylkesmannen og andre eksterne institusjonar krev at det faglege grunnlaget er på plass. Velmeinande lokale entusiastar i ein kommune vil alltid ha vanskar å få tilskot viss den faglege kompetansen vert ekskludert, slik den vart i 2011.

Det vart oppnemnt ei arbeidsgruppe på seks personar til å stå for arbeidet, tre som representerte grunneigarane, ein frå fylkesmannen, ein frå den statlege villreinnemnda og ein frå kommunen. Gruppa vart leia av fylkesmannen sin representant. Til å bistå gruppa fagleg engasjerte fylkesmannen førsteamanuensis Jonathan E. Colman frå dåverande UMB, Ås.

Colman utarbeidde ein rapport der fleire aktuelle tiltak vart drøfta:

  • Utsetjing av rein
  • Aktiv driving av rein frå andre deler av villreinområdet
  • Naturleg spreiing
  • Inngjerding av større område
  • Fòring
  • Gjeting

Utsetjing av rein krev godkjenning frå Miljødirektoratet. Gruppa innhenta difor uttale frå dåverande DN om dette, der det vart svart: «Vi kan ikke nekte noen å søke, men vi råder alle til å bruke tid og krefter på mer fruktbare aktiviteter, normalt vil det bli gitt avslag».

Det som det vert vist til her, er ein epost frå Johan Danielsen i dåverande DN, og eposten finn ein her: https://eies.wordpress.com/2011/06/09/mote-i-prosjektgruppa-6-juni-1-uttale-fra-dn/  Elles kan det nemnast at underteikna hadde ein samtale med “folk i systemet”, og då var det sagt tydeleg at viss arbeidsgruppa hadde synt fagkonsuent Colman tillit, og lete han få høve til å koma i dialog med Danielsen, då hadde det vore gode sjansar for at fagkonsulenten hadde fått forståing for sitt syn om at reetableringa i Luster var eit heilt særskild tilfelle, og at utsetjing av rein difor kunne bli ein av fleire metodar som kunne vurderast. Den sjansen fekk konsulenten ikkje, Luster kommune sytte for at samarbeidet med konsulenten vart avslutta før noko vidare kunne gjerast.

Arbeidsgruppa starta i april 2009, medan uttalen frå Danielsen i DN først vart lagt fram 6. juni 2011, eit av dei siste møta i arbeidsgruppa – om ikkje det var det aller siste. Meiner ogso å hugsa at fagkonsulenten ikkje var innkalla til dette møtet. Forstår godt at ein slik uttale frå DN kan vera grei å gøyma seg bak, men slik underskrivne oppfatta det, var det ein massiv motstand frå Luster kommune mot Colman sine planar, spesielt om utsetjing av rein, alt frå det første møtet i gruppa. Denne motstanden kjem i ei rart lys når ein vart kjend med at det var det same kommunale kontoret som hadde plukka ut/headhunta fagkonsulent Colman – som ogso, etter underskrivne si oppfatning, sytte for at fagkonsulenten vart ekskludert frå eit vidare samarbeid.  At eit kommunalt kontor først anbefalar ein konsulet for sidan å nekta den same konsulenten i å vera med i eit vidare samarbeid, verkar noko merkeleg, og er helst dårleg utnytting av pengetilskotet frå Fylkesmannen i SFj.

Arbeidsgruppa var samansett av dyktige og trauste personar, men å gå mot det tilsette ved eit kommunalt kontor tilrår, det var nok ikkje enkelt. Difor var det heilt naturleg at fleirtalet i arbeidsgruppa støtta ekskluderinga av fagkonsulenten.

Underskrivne vil ikkje bruka uttrykket trenering, men etter at Colman sende ut førsteutkastet til fagrapport, ba han, fleire gonger, om tilbakemelding frå arbeidsgruppa. Kan ikkje minnast at Luster kommune svarde på desse henvendelsane. Sameleis skal Luster kommune ha vore kontakta ein stad mellom ti og femten gonger, ma om jerv i reetableringsområdet. Heller ikkje her vart det gitt svar. Underteikna vil tru at dette kan kontroll ved å studera epostlistene til kommunen.

Fagkonsulent Colman fekk soleis aldri høve til å kommentera eller vurdera uttalen frå DN. Om dette var god sakshandsaming får andre vurdera.

Gruppa tok svaret til vitande og vurderte vidare alternativa inngjerding, fòring og gjeting å vera for kostbare og vanskelege å få utført i praksis, og at driving av rein ville vera i strid med viltlova. Det vart konkludert med at naturleg spreiing truleg var einaste aktuelle alternativet å satsa på.

Skepsis mot “eksterne konsulentar” kan i mange høve vitna om eit traust og jordnært syn blant folk på grasroti om korleis lokale oppgåver skal løysast – men ikkje alltid. Her får me inntrykk av eit kommunalt kontor som i alle fall tilsynelatande har nokso god tru på eigen kompetanse og fagleg dyktigheit, sidan dei  på denne måten overkøyrde og overprøvde fagkonsulenten sitt arbeid – ein fagkonsulent som mellom anna. hadde samarbeidd mykje med Egil Reimers, ein av våre fremste når det gjeld fagleg kompetanse på villrein.

Villreinutvalet og Skjåk allmenning, som er største grunneigaren i villreinområdet, synte stor vilje til samarbeid og sa seg viljuge til å iverksetja  følgjande tiltak:

  • Stamma skal haldast på 100 vinterdyr meir enn det som liggg inne i opprinneleg forvaltningsplan. På grunn av større konkurranse om beitet vil då sjansane vera større for at dyr trekkjer over til Luster-sida.
  • Skjåk allmenning vil freda ein del av det tilgrensande området mot Luster for jakt for å spara dyr som har tilhald i grenseområda.
  • Skjåk allmenning vil vidareføra avtalen om at alle løyve tildelt i Luster, kan takast ut i Skjåk.

Det var desse to områdi som vart freda: https://eies.wordpress.com/2011/06/09/mote-i-prosjektgruppa-6-juni-kart-over-freda-omrade-i-skjak/ Tverreggi har ikkje vore freda, sjølv om det har vore sagt. At det har vore lite rein her, er ikkje freding.

Fredingi av dei to områdi i Skjåk, vart oppheva av Skjåk før jakti i 2013, sidan Skjåk Almenning uttalte at den hadde “ingen verknad”.  Visste Luster om at Skjåk hadde oppheva fredingi ? Viss dette vart gjort utan å kontakta Luster, er dette svært betenkeleg med tanke på samarbeidsklimaet mellom Luster og Skjåk. Dette samarbeidet må ein snarast få på plass att, då ein utan samarbeid neppe kan få til ei reetablering.

Jaktrettshavarane på Luster-sida inngjekk avtale seg imellom om at det nokre år framover ikkje skal jaktast på dyr i Luster sin del av villreinområdet.

Fireårsperioden tiltaka har vore prøvde har ikkje medført nemnande endring i reinen sin bruk av område i Luster. Tvert om har det siste par åra skjedd ei forflytting innanfor resten av villreinområdet, der rein i sør-vest, som grensar mot Jostedalen, har trekt over mot sør-aust til området kring Lomseggi, noko som har medført at reinen kanskje no er enno meir sporadisk å sjå i Jostedalen enn tidlegare.

Er dette rett ? Dei siste åri har det i fleire av somrane vore bukkeflokkar på beite ved Austdalsvatnet i Jostedalsfjelli. Sist sommar skal det her ha vore kring 20 dyr. Å leggja ut saltsteinar er ein enkel og billeg metode for å få beitedyr til å halda seg i eit område. Det er difor merkeleg at det “Dei ansvarlege for villreinforvaltninga” i Luster ikkje har sytt for at det vert lagt ut saltsteinar her – noko underteikna har teke opp fleire gonger. (Rett skal vera rett, eitt år fekk underteikna to saltsteinar som skulle, og vart, sende fram dit med “Icetroll” )

Dei ansvarlege for villreinforvaltninga er likevel samde om å halda fast på strategien som vart lagd for fire år sidan og gje den ein sjanse til å lukkast enno ei tid. I tillegg er det dialog med Miljødirektoratet om å få eit ekstraordinært løyve til å driva rein frå sør-aust området over mot Nørdstedalen på grunn av faren for samanblanding med tamrein på Lomseggi.

Driving av rein til Nørdstedalen er eit positivt tiltak, sjølv om det strir mot argumentet Luster kommune brukar lenger oppe i teksten:  ” – driving av rein ville vera i strid med viltlova.” Men her må ein berre koma i dialog med Miljødirektoratet, for dette kan ein få til. Heldigvis ser det ut til at Skjåk ogso er med på dette.

Etter at fagkonsulenten vart ekskludert frå eit vidare samarbeid, vart ogso arbeidsgruppa oppløyst – om ikkje dette vart gjort formelt, so i alle fall i praksis. Kven “dei ansvarlege for villreinforvaltninga” er, kunne gjerne ha vore avklara. Formelt er det Ordføraren i Luster,  men den reelle makti reknar eg med ligg andre stader.

På representanten Bruheim sitt spørsmål om kva konkrete planar Luster kommune har vidare framover med tanke på re-etablering av villrein i Luster sin del av villreinområdet, kan ikkje ordføraren gje anna svar enn at kommunane ikkje er tillagt formelle rollar innanfor villreinforvaltning og såleis ikkje har mynde til å overprøva opplegg som privat- og statleg villreinforvaltning er samde om. Kommunen er likevel positiv til å gå inn i drøftingar om utprøving av andre tiltak dersom det skulle vera ønskje om det.

Ivar Kvalen.

At Luster kommune ikkje er tillagt formelle rollar innanfor villreinforvaltning  er heilt sikkert rett og riktig. Men å gøyma seg bak dette, er svært uheldig. Det er mykje Luster kommune kan gjera, viss det er vilje til det. Luster har gjort og kan sjølvsagt gjera mykje utan å “overprøva opplegg som privat- og statleg villreinforvaltning er samde om”.

Men sidan arbeidet mot ei reetablering – finansiert, igangsett og styrt av Fylkesmannen i Sogn og Fj m fl vart avslutta og stogga av Luster Kommune i 2011 – skal det noko til at villreininteresserte utan vidare vil  “gå inn i drøftingar om utprøving av andre tiltak”.   At “kommunen er likevel positiv” høyrest soleis litt ut som ein klisje, me her håpar underskrivne at han tek feil.

Utfordringa no må vera å reetablera eit godt samarbeid austover, og å få inn litt entusiasme, samarbeid og tru på framtida, her i kommunen vår. Å gøyma seg bak utsegner som:  ” – kommunane ikkje er tillagt formelle rollar innanfor villreinforvaltning og såleis ikkje har mynde til å overprøva opplegg som privat- og statleg villreinforvaltning er samde om” er kanskje den mest uheldige utsegna. Med godt samarbeid internt og eksternt er det sjølvsagt mykje som kan gjerast – viss viljen er til stades.

Kor hensiktsmessig ein vidare polemikk i denne saka har, får ordføraren vurdera. Det som er viktig, er å læra av tidlegare feilsteg, og deretter sjå framover. Dei ansvarlege for villreinforvaltninga i Luster må spesielt læra av dei trasige feilvurderingane som vart gjorde underi utsetjinga av rein 1997 under planleggingi og gjennomføringi (der Luster kommune var involvert), og den uheldige ekskluderinga av fagkonsulenten i 2011, deretter gjeld det å ha all fokus framover og finna gode og målretta løysingar og tiltak.

(Det kan i parantes bemerkast at «IceTroll» som er eit firma som etter kvart har vorte ein stor arbeidsplass på Styggevatnet, dei hadde ei spørjeundersøkjing om kva oppleving som turistane deira meinte var størst i samband med padleturane på vatnet. Svaret var eintydig: Møtet med reinsbukkar i fjellet var det turistane rangerte høgast ! Dette er eit døme på kor stor ringverknader ei villreinstamme i fjellet har. Kanskje slike firma kan trekkjast inn i reetableringsarbeidet ?)

Eg ynskjer ordføraren alt godt i det vidare arbeidet med å reetablera ei villreinstamme i Luster sin del av Reinheimen !

 

 

Med helsing

Einar Ese, Jostedalen.

 

 

Korleis me kan få villreinen attende til Luster

desember 10, 2014

Her er fagkonsulent Jonathan Edward Colman sin plan over korleis me kan få villreinen attende:

reetablering-av-villrein-i-luster-utkast-1-mai-201012