Archive for the ‘Lokalhistorie – frå nær og fjern fortid’ Category

Kviss nr 5 – våren 2016

mai 5, 2016

Kva er dette?

Første korrekte svar vert honorert. Til å avgjera kva som er eit korrekt svar treng eg hjelp. Stikkord: Luster kommune.

Kom gjerne med irriterte, harselerande eller morosame svar, men desse når ikkje opp i konkurransen.

Kviss nr 2 – våren 2016

mai 3, 2016

Fossen bru fiskehus 008

Kvar i Jostedalen er dette ?

Kan vel kallast ein allè … ? Send gjerne svar på pm eller skriv «Eg veit» i kommentarfeltet.

Kviss – våren 2016

mai 3, 2016

Fossen bru fiskehus 004

Kvar i Jostedalen er dette?

Eg kunne ikkje nytta meg av allemannsretten, men måtte inn på privat eigedom for å ta bildet – men sidan huset er fråflytta no, tok eg sjansen. NB! Klokka gjekk, og viste heilt rett tid !

Kan dei som veit svaret skriva Eg veit eller liknande i kommentarfeltet slik at fleire får prøva seg. Premien er som vanleg: Heider og ære.

Grevling

april 28, 2016

liv anny

Dette er bildet som Liv Anny tok av grevlingen nett frammafør Mosevollen i kveld.

I kveld ca klokka 9.30 gjekk eg ein rusletur med hunden, ned mot Gjerdekvile. Litt nedanfor dammen der det ogso ligg lagra ein del rundballar, kom det ein grevling. Då han oppdaga oss, sprang han rett i noko netting og sette seg fast. Eg gjekk bortåt, men då eg var nokre fåe meter frå grevlingen, kom han seg laus og sprang til skogs. Hunden min var nokso nær. Litt fresing og gøying vart det av dei to dyri,  men eg fekk hunden  uskada med meg heim. Det er eg nokso glad for. Eg hadde ikkje med meg kamera.

Tidlegare på kvelden tok ho Liv Anny bilde av ein grevling ved Mosevollen. Om det er same grevlingen veit eg ikkje. Den eg såg var relativt brun med litt gult i pelsen, det er i alle fall det inntrykket eg sit att med – han var ikkje so svart som dei eg har sett bilde av.

Reinsdyrgevir – eldre – frå Jostedalen

april 28, 2016

Fossen bru fiskehus 005

For tidi er det ikkje villrein i Jostedalen.

Det vart gjort eit mislukka forsøk på utsetjing i 1997. Eit nyare reetableringsprosjekt vartt diverre/heldigvis stogga av Luster kommune i 2011.

Fiskehuset

april 28, 2016

«Fiskehuset» var eit klekkeri for aure, sjøaure og laks i Jostedalen. Kven som eig huset no, veit eg ikkje. Men sidan døri stod open,  gjekk eg inn på annan manns grunn – nysgjerrigheiti vart for stor.

(Viss folk har opplysningar om fiskehuset, hadde det vore ekstra kjekt om dei ville dela litt lokalhistorie med oss.)

Fossabrui

april 28, 2016

Fossabrui er kanskje den eldste brui i Dalen og svært viktig for den gamle ferdavegen på austsida. Den krev no restaurering, og til det har Jostedal historielag fått raus støtte i SMIL- midlar (78.500,- kr), men ikkje nok til «fullfinansering» ( Dette er henta frå nettsidene til Jostedal historielag)

Denne brui er og viktig for dei som bur på Ormberg og i Elvøy. Brui vert ikkje rekna for “trygg” slik ho er no. Treverket skal difor skiftast ut, jernbjelkane skal målast og det skal gjerast ein del anna nødvendig arbeid.

Brui vert nok ein attraksjon i seg sjølv, men ovanfor brui, på austsida av elvi er det i tillegg ein del jettegryter som ein ser godt no i desse dagar, i alle fall medan elvi er so liti som ho er no.

(Viss det er feilaktige opplysningar i det som er skrive her, so var det ekstra fint om folk ville kommentera det i kommentarfeltet, eller gi direkte beskjed til meg.)

Om Wergeland, Aasen, Jostedalen, felemusikk, religion og sånt…

desember 15, 2008

I årets utgåve av JSA, har eg ein artikkel om ting som har påverka folkelynnet og mentaliteten i Jostedalen og andre bygder her i Sogn – ja, sikkert elles i landet også.

Diverre vart artikkelen noko lang. Den er ikkje spesielt velskriven heller, og manglar ein del av den indre samanhengen som kunne vore ynskjeleg. Difor er det nok berre ein liten brøkdel av lesarane som orkar å lesa ferdig.

Likevel vil eg i all beskjedenheit påstå at det her er til dels svært interessante opplysningar for den som vil forstå fortida vår.

Fotnotane til diktet om «Syne-Marta» hadde diverre falle ut i JSA 2008, men her er dei.

 

 

 

Om Wergeland, Aasen,

 Jostedalen, felemusikk, religion og sånt…

I fire år budde eg på Gol. På 1800-tal et var det ei sterk religiøs vekkingsbølje i Hallingdal, under leiing av Vis-Kari frå Flå, og den resulterte mellom anna i at ein stor del av felene vart brende, og mange spelemenn vart med eller mot sin vilje tvinga til å slutta med dansespelinga. Hardingfela var djevelens instrument, vart det sagt.

 Seinare flytte eg hit til Jostedalen. Eg har ofte undra meg på kvifor felespel har ein slik sterk tradisjon her i dalen. I nabobygda: Veitastrondi, finst det etter det eg veit ikkje nokon slik tradisjon. Kjell Thomsen skriv i «Norsk Kappleiksoge» at i Fjærland vart alle felene vart brende på bålet. Kvifor er skilnaden så stor mellom nabobygder?

 

I år er det Wergeland-år. Det vil seia at det er 200 år sidan Henrik Wergeland vart fødd. Henrik har truleg gjort seg opp tankar om dalen vår. Han søkte sjølv prestekall her i dalen, i tillegg nemner systera hans, Camilla, Justedalen i Amtmandens Døtre. Eg har ikkje funne noko som Wergeland har skrive om Jostedalen. For Luster som kommune er det annleis. Frå nabobygda vår, Veitastrondi, har han skrive eit dikt, eller ei vise, om ein etter hans syn, tragisk jentefigur som vart kalla Syne-Marta. Ho vart landskjend i samtida si, og visa illustrerer på ein interessant måte ein del av dei sterke, religiøse vekkelsesbøgljene og religiøse stridane i samtida:

 

 

VISE OM SYNE-MARTHA PAA VEITASTRAND
I SOGN

 

Mel. Lykken vender sig ofte om

           I Sogn har Herren aabenbart
sin Herlighed og sin Vælde.
Der styrte Fossene ned i Fart
i Havet fra svimlende Fjelde.
Gud fri os bare for Overtro!

 

           Mon Sogningen da behøver meer
for Herren ret at tilbede,
især naar dygtige Præster er
ved Kirkens Altar tilstede?
Gud fri os bare for Overtro!

 

           Dog har man sagt, at paa Veitastrand
har en erbarmelig Qvinde
seet hele Helvede staa ibrand
og mange Sjele derinde.
[1]
           Gud fri os bare for Overtro!

 

           Sin egen Fader hun saae i Beeg
og bare Svovel at syde,
[2]
           og Nilsa-Pær hun hørte skreg
i Fandens kogende Gryde.
[3]
           Gud fri os bare for Overtro!

 

           Det kogte i hendes Hjerneskal
og i hendes egen Mave.
Thi Naaden reder ei slig en Qval
alt under Synderes Grave.
Gud fri os bare for Overtro!
 
 
 
 
 

 

 

           Han tugter Sjele med Angers Ild;
men ei med Svovel og Tjære.
Dog kan den svovlede Flamme mild
mod Syndens Qvaler tidt være.
Gud fri os bare for Overtro!

 

           Hun siger, Engle om hende gaae
med lysen Aasyn og Pande.
Men Englene boe hist i det Blaa
hist i de himmelske Lande.
Gud fri os bare for Overtro!

 

           De give Marthe en lang Goddag,
fast de for Syndere græde,
og skjøndt de danne for Herrens Sag
med Jordens Slægter en Kjæde.
Gud fri os bare for Overtro!

 

           Hun siger ofte, hun Psalmesang
rundtom i Luften kan høre.
Jeg tænker Blodet vel mangen Gang
har suset for hendes Øre.
[4]
           Gud fri os bare for Overtro!

 

           Hun siger, at hun en Fugl har seet,
saa hvid som Sneen at skue,
og om dens Hals, hvis hun saae ret,
af himmelske Straaler en Bue.
Gud fri os bare for Overtro!
 
 
 
 
 

 

           Men Fuglen har hun nok klækket ud
i egen drømmende Pande.
Gud vil ei slige Sendebud
med sine hellige blande.
Gud fri os bare for Overtro!

 

           Thi han i Bibelen givet har
os stærken Engel ved Side,
og vor Samvittighed, øm og klar,
er Marthas Fugl den hvide.
Gud fri os bare for Overtro!

 

           Gud fri os alle for Overtro!
Sig selv Han jo aabenbarte.
Det nok for Alle kan være jo;
og da vel ogsaa for
Marthe?
           Gud fri os bare for Overtro!

 

           Gid Syne-Marthe faae sin Forstand,
og desforuden sin Helse!
Hun er for syndig til Folk og Land
med sine Syner at frelse!
[5]
           Gud fri os bare for Overtro!

 

           Hun er en stakkels enfoldig Tøs,
der burde Ingen forføre;
og at hun har sig en Skrue løs,
er godt af Alting at høre.
[6]
           Gud fri os bare for Overtro!
 
 
 
 
 

 

           Jeg vil mig vandre til Kirkens Hal,
for Dyd og Sandhed at lære,
og hvis der saa er Messefald,
er Gud derude mig nære.
Gud fri os bare for Overtro!

 

           Han peger i det svimlende Fjeld,
Hans Skrift er de lysende Dale,
og i det rungende Fossevæld
jeg hører hans hellige Tale.
[7]
           Gud fri os bare for Overtro!

 

           I Sogn der mangler man ei paa Sligt,
paa Alnaturens Vidundre.
Det hele Land er jo som et Digt,
som Sol og Stjerne beundre?
[8]
           Gud fri os bare for Overtro!
 
 
 
 
 

 

 

 

 

Henrik Wergeland har skrive meir om Syne-Marta, ma. her: http://www.dokpro.uio.no/wergeland/WIV6/WIV6140.html

 

Når det gjeld Wergeland sitt religionssyn, så var vel det medverkande til at han aldri fekk noko prestekall. Yngvar Ustvedt skriv mellom anna i biografien om Wergeland, i kapitlet Muhammed like god som Kristus: «Den [samtalen] dreide seg om den kristne religion, som Wergeland satte langt under tyrkernes og jødenes. Moses og Muhammed var i hans øyne like store profeter som Jesus.»

 

Også Ivar Aasen har skildra fenomenet «Syne-Marta». I «Reisen til Sogndal» skriv han mellom anna dette:

 

«Ved Siden af denne udsvævende Hob gives der ogsaa et betydeligt Antal af de saakaldte Læsere, som holde Samlinger, synge, bede og sukke over Verdens Daarlighed, uden at denne dog bliver mindre. Det forekom mig mærkeligt, at der paa et saa folkerigt Sted som Sogndalsfjæren, ikke holdtes et eneste Dandselag i al den Tid jeg var der. Neppe er imidlertid Læsernes Antal saa overveiende, at dette kunde være Grunden hertil; men denne maa maaskee søges i en Aabenbarelse fra «Synemarta», som havde seet Dandserne hoppe omkring paa gloende Brande i Helvede. Jeg vilde heller have raadet Synemarta til at sige Folk Noget om Drukkenbolternes og Horernes Skjæbne, samt om dem, som slaae og drage sine Koner; det skulde vist være mere fornøden. — Denne Profetinde (hendes Navn er Marta Hæggestad) har ellers faaet en større Navnkundighed, end hun synes at fortjene. Man paastod ogsaa, at hendes skrækkelige Fortællinger havde gjort Folk forrykte i Hovedet, og bragt flere Personer (man nævnte 4 eller 5) til at tage sig selv af Dage. Om dette var sandt, veed jeg ikke; ialfald syntes man her meget tilbøielig til at troe det Vidunderlige; saaledes omløb her flere Rygter om døde, som var opvaagnede, om Gjengangere, om Folk, som var plagede af Djævelen, o. s. v. Mærkeligt var imidlertid et Rygte, som kom hertil i Begyndelsen af Julen; det hed nemlig, at Marta paa Veitestranden (Syne-Marta) skulde have sagt, at Verden skulde forgaae den tilstundende Nytaarsaften. Man sagde senere, at der var mange som troede det, og at de i disse Dage læste og bad Alt hvad de formaaede.»

 

Det er skrive ein del om Syne-Marta. Den kjende misjonæren Hans Paludan Smith Schreuder (fødd 1817 i Sogndal, død 1882 i Sør-Afrika)  skreiv ei lita bok, og det er nok den Wergeland har lese. Men Henrik har truleg misforstått deler av boka. Schreuder har skrive i ei objektiv form, der han har lagt vinn på å vera vitskapleg, open og lyttande til Syne-Marta, utan på nokon måte å ha fordommar mot ho eller fordømma fenomenet. Denne nøytrale og vitskaplege framstillingsforma gjer at det av og til kan verka uklart kva han eigentleg meiner. Slik eg ser det, er han likevel direkte avvisande til det Syne-Marta står for, og brukar ord som: nervesvekkelse, opphisset eller opprørt innbilningskraft og religiøst vanvidd om ho og syna hennar.

Seinare skreiv O. A.Øverland ei lita bok/hefte: «Syne-Marte», og i Jon Laberg: «Hafslo – bygd og ætter» er det eit eige kapittel om Syne-Marta.

Haugianismen hadde i Sogn ein svært interessant og sterk utvekst i «Feigianismen» under leiing av Hans Kristofersøn Feigum. Det eg har lese om denne rørsla, ga meg eit positivt intrykk av noko som på meg verkar som ein seriøs og på mange måtar sympatisk kristendom, som legg vekt på nærmast meditative øvelsar og hardt arbeid – litt Zen vil eg seia –  men misforstå meg ikkje. Hans Feigum stod i sterk opposisjon til Syne-Marta, og kalla ho «Djevelens Redskapa og Sangrør» og «Syndens Herre». Diplomatisk og utydeleg var han i alle fall ikkje. Her vart ikkje meiningane innpakka i cellofan og dandert med silkesløyfe!

 

 

Syne-Marta, Marte Lassesdatter Heggestad, var fødd i 1802. Det vart sagt at ho var ei «indskrenket og tungnem attegløime». «Hendes Væsen var vrantent og muggent, og selv etter hendes aandelige Opvækkelse lader det ikke til at være et eneste Træk i hendes Ansikt, der har virket sympathisk. Hun har seet bistert og surt frem for sig, og hun har frivillig eller ufrivillig bredt Uhygge over sine Omgivelser.» Ho var ikkje gift, men hadde to born utanfor ekteskap.

Syne-Marta fekk periodar då ho låg medvitslaus, ja, nokre gonger vart ho kald og stiv og det såg ut som om ho var død. Men ho sjokkerte alle med å livna til att. Etterpå hadde folk ulike oppfatningar om denne tilstanden hadde vara i mange timar –  eller kun nokre få minuttar.

Etterpå kunne ho fortelja om syna ho hadde hatt, slik: I helvetet hadde ho sett sjelene til avdøde personar, men også til nokre som framleis levde. Det var delte meiningar om ho verkeleg gjorde dette, om ho såleis kunne sjå på førehand kven som ville koma til «den varme staden». Det grusomme var at ho hadde sett sin eigen, døde far her. «I helvede brænder det en ild af det skrækkeligste utseende, og høgre end det høgste Fjeld paa Veitastrondi, og op i den fryktelige Laage fløi Djævlene op og ned for at plage de fordømte, der var aldeles kuldbrendte og grein og skreik rasandes, da Djevelen i et væk klypte dem».

Me kan i dag smila og rista på hovudet av alt dette. Men me må då ikkje gløyma det djupt tragiske i denne avarten av kristendommen. Angst, tunge depresjonar og sjølvmord var nok ikkje eit heilt uvanleg resultat når religiøs grubling og søvnløyse tok bustad i psykisk ustabile sinn til – ofte unge –  menneske rundt om i bygdene her i Sogn.

 

Så kjem eg til hovedpoenget mitt: Kor vanleg var ein slik kristendom i Jostedalen? Då vil eg ta utgangspunkt i noko heilt anna. Som eg skreiv litt om innleiingsvis: Folkemusikk og felespel har levd i ein sterk og ubroten tradisjon her i dalen.  På Veitastrondi finst ikkje slikt, så langt eg veit. I nabobygda Fjærland vart alle felene brende, antydar Olav Sande i «Innestengt», og Kjell Thomsen i: «Norsk kappleiksoge». Kvifor loga ikkje felebåla i Jostedalen…?

Korleis har kristendomen, pietismen og haugianismen prega folkelynnet i Jostedalen, Veitastrondi, Fjærland og andre sognebygder? På godt og vondt! Og eg strekar under at eg har stor respekt for folk og kulturen både på Strondi og i Fjærland. Men når me no etter kvart byrjar å få avstand og perspektiv på denne tida, bør me også kunna reflektera og vurdera.

Pietismen og haugianismen vert ofte skulda for å vera gledesdrepar: Nei, til alle jordiske gleder, og menneska skulle gjerne streva med  tungsinn, tunge og mørke tankar og grubling. Dette er ikkje  heilt rett. Kva slags glede hadde til dømes kona og borna viss mannen drakk og spela vekk gard og grunn på kortspel? Eller dei måtte rekna med brutal vald og overgrep når han kom heim att? Pietismen har nok fått mykje urettferdig kritikk. Kampen mot brennevin og kortspel var ofte ein viktig, sosial kamp og redningsplanken for mange heimar.

Tida med vekkelsar, vekkelsesmøte, omvendelse og også tungetale er ikkje forbi, verken i Norge generelt eller i Luster som kommune. Det kan tvert om sjå ut som at etter som sekularisderingsprosessen går framover, di sterkare blir trongen etter religiøse ytringar. Slik ser eg i alle fall på den auka interessa for austens religionar med meditasjon og yoga. Men tilbedinga av pop-stjerner, idrettstjerner og politiske leiarar har også religiøse trekk ved seg. Handspålegging, engleskular, astrologi, New Age, sekter, Knutby-saka, kollektive sjølvmord, spåkoner og mange, mange andre liknande fenomen. Eg har også etter kvart vore på nokre av dese inspirasjons-samlingane som ulike guruar held, gjerne i regi av ei bedrift eller ein arbeidsplass. Og sanneleg svimar me ikkje ut att frå møta, oppstemde til sinns og tenkjer at dette var herleg – no skal det endeleg ordna seg! Har ikkje dette sterke aspekt av omvendelse, så veit ikkje eg.

Det har vore hevda at samfunn med sterke vekkelsesbølgjer, også har bølgjer med sterke, verdslege (profane) motkulturar. Dette kan visa seg ved at kulturen blir sterkt polarisert, eller at åra går med skiftevis vekkelsesbølgjer og mellomliggjande år med at folk lever meir i det som pietismen kalla «synd». Om det finst vitskapleg grunnlag for å seia noko slikt, veit eg ikkje. Men eg trur det er slik. Og som fenomen er dette uhyre interessant.

Skal me då døma pietistane og haugianarane som kulturvandalar? Nei, det vert nok heller ikkje rett. Deira kamp mot alkohol, kortspel, dans og spel har nok grunnlaget i mellom anna dei som gjekk frå gard og grunn etter å ha spela vekk alt dei eigde i kortspel. Pietistane gjorde nok også mykje godt arbeid og dreiv med mykje god fokeopplysning. Dette har me mange døme på, ikkje minst frå haugianarane.

Eg snakka eingong med ein veitastrending som studerte historie. Han var oppteken av  lokalhistorie, men kjende ikkje til Syne-Marta. Er soga om denne jenta noko som burde gløymast og ikkje rippast meir opp i? Somme meiner kanskje det, men eg meiner det vert feil. Dette er ein viktig del av historia vår. Me kan her læra mykje om folkelynnet, mentalitet og kulturelle stemningsbylgjer i bygdene her. Og vera varsame med å dra raske og lettvinte konklusjonar og seia at det eine nødvendigvis har vore – eller er – så mykje betre enn det andre.


[1]    Syne-Marta hadde sett  (lokale?) personar  i Helvetet.

[2]    Ho hadde til og med sett sin avdøde far i Helvetet.

[3]    Her må Wergeland ha misforstått kjeldene. Nilsa-Per var hennar allierte og den som stod ho nærmast når det galdt å forkynna bodskapen hennar. (Nilsa-Per = lekpredikanten Nils Persen Kvam, seinare Nagløyri. Samarbeidde mykje med den kjende zulu-misjons-pioneren H.P. Schreuder. Og Schreuder tok makert avstand frå Syne-Marta. Det kan nesten verka som om Nilsa-Per såleis har gått over til det andre «laget» ) Kanskje W. har tenkt på «Krams-Lars», ein drukkenbolt som hadde sagt at han «feis» i alle djevlane.

[4]    Wergeland bortforklarar den salmesang ho påstår å ha høyrt, som vanleg øyresus (ikkje nødvendigvis tinnitus).

[5]    Wergeland skriv at Marta er psykisk og/eller fysisk sjuk og at synene ho påstår å ha hatt, er utslag av sjukdommen hennar.

[6]    Marta var sagt å vera einfoldig/tilbakesett.  Bibelen var for vanskeleg for henne. Men ho kunne nokre salmar utanåt og sang desse i staden.

[7]    Wergeland viser her ein religiøsitet prega av panteisme: Gud er i alt, i naturen, fjell, dalar, fossar…

[8]    Her roser han sognanaturen, og oppfordrar oss om å gå til naturen for å møta Gud.