Archive for the ‘Hund’ Category

Sau drepen av hund.. ?

juli 17, 2012

Ryktebørsen skal ein lytta til, sjølv om ein ikkje alltid kan stola på han.

I dette tilfellet vert det fortalt at ein hund skal ha teke livet av ein sau i Mjølversgardane. Om sauen er sprengd eller om han har vorte biten, er uklart.

Slike tilfelle er tragisk for saueeigaren. Dei er også tragisk for hundeeigaren. Og ikkje minst er det tragisk for alle oss hundeeigarar. Den skepsisen som mange har til hundar generelt, vert i alle fall ikkje mindre når slike ting skjer, heller ikkje viss det berre er snakk om eit rykte.

Fagfolk skal ha undersøkt sauen. Og diverre er det mykje som talar for at det er ein eller fleire hundar som har gjort skade denne gongen.

Ulva har fått 2.premie på blodspor

juli 7, 2012

Wachtelhunden vår Ulva har greidd det første av dei to krava for å bli godkjend ettersøkshund. Den 5. juni gjekk ho eit blodspor i Fortun der ho fekk 2.premie. Her er dommarens kommentar:

Ein forsiktig hund, som er litt usikker. Spora fint fram til sårlega, gjekk ut like etter, førar tok hunden tilbake på sporet, gjekk så til sporslutt med ein ekstra runde rundt foten.

Det var altså blodsporet, då står det att å greia kravet til ferskspor.

Flått i Jostedalen i 2012 ?

juli 2, 2012

Denne flåtten er truleg ein indre-bygding som har meiska seg med hundeblod i ei veke.

«Hundane har fått flått !» var beskjeden eg fekk i går. «Korleis… ?» tenkte eg.

Ulva var rett nok så vidt ute i skogen på Indre-Hafslo for ei veke sidan. Men Io har ikkje vore utom dalen på lange tider. Difor var det rart at begge hundane hadde fått parasitten. No er det sjølvsagt ein teoretisk sjanse for at ein flått kan krypa over frå ein hund til ein annan. Men det er mest aktuelt viss dei deler liggjeplass, og det gjer dei ikkje. 

Finst det sikre rapportar over kor langt fram i Jostedalen flåtten er komen… ?

Wachtelhundtreffet 2012 på NJFFs Jakt og Fiskesenter i Flå, 16. – 18. juni

juni 19, 2012

(Foto: Wachtelhundklubben)

Fredag: Det starta  fredag med skytesimulator og «bli kjent med folk». Skytesimulatoren er nok ikkje så verst. Elgen var enklast, bjørnen var vanskelegast… ! Også fugl (rype, and).

Laurdag: Demonstrasjon av tvangsapport. Veldig bra demonstrasjon! Men ein som har lært å «leika» inn apporten, kjem nok til å fortsetja med det.

Om kvelden: «Bjørn og bjørnejakt» ved Hans Ole S. frå NJFF. Veldig bra!

Søndag: «Wire-Bjørn» mentaltest med fokus på bjørn. Sjølv om Ulva (langtfrå) vart godkjend, fekk eg her ei fin innføring i korleis hunden sannsynlegvis vil oppføra seg viss me ein gong møter ein bjørn i skogen. Etterpå var det høve til å ta apportbevis, for dei som ynskte det.

For ein «nykomling» i miljøet, vil eg berre seia at eg følte meg godt motteken. Ikkje minst av Arne H. og Kari H. J. Mange takk for det !

Veitastrondi – hjortajakt med wachtelhund

mars 4, 2012

I siste nr av Jakt og Fiske, nr 3, mars 2012 var det ein reportasje om jakt med hundar oppdretta av Hans Inge Justnes frå Kennel Støyletufta. Han hadde arrangert Wachtelhund-treff med hundar frå sitt oppdrett. Dei budde på Tørvis hotell og jakta på Veitastrondi. Også tidlegare har det vore ein reportasje frå denne kennelen. Den gongen i det svenske jaktbladet Jakt Journalen..

Hunden min, ho Ulva, er av same rase. Korleis ho blir som vaksen skal det bli spennande å sjå.

(Var diverre uheldig med skanninga av bileta, rekkefølgja vart «bak fram». Les difor reportasjen nedanfrå og opp.)

Hare og harespor

januar 8, 2012

Wachtelhunden vår skal etter planen delta på ein prøve i Sverige til sommaren/hausten. Du kan lesa om prøven her. Vil du vita endå meir, les her.

Eit av momenta er at unghunden skal visa korleis han oppfører seg når han møter eit harespor.

Wachtelhunden er ein kortdrivande hund. Det vil seia at flesteparten av hundane ikkje driv viltet meir enn nokre minutt. Det er ein av grunnane til at rasen truleg eignar seg godt til hjortejakt her på Vestlandet.

For å førebu oss på prøven, kunne eg ha tenkt meg at eg saman med Ulva får gå gjennom eit skogholt eller liknande der det er ein viss sjanse for at det er hare. Utanfor tenkte eg at ein eller fleire jegerar står klar med haglene sine. Dersom du kunne ha tenkt deg å vera med på dette forsøket, hadde det vore fint. Viss det vert skote ein hare og Ulva får spora fram til der haren ligg, lovar eg belonning/godtgjersle. Sameleis viss nokon skyt ein hare, let haren liggja og ringjer meg slik at me kan spora fram til den daude haren. Godtjersle også her – gjerne frå butikken på Pyramiden som er open berre torsdag, fredag og laurdag.

Video av «angrep» mellom rådyr og hund

november 16, 2011

Det er ikkje alltid enkelt å vera jakthund – i alle fall ikkje hund.

Ulva, den nye hunden vår

juli 19, 2011

Nokre av syskena til Ulva, mor til Ulva og matmori 

Ulva er snart 4 mnd. Ho er frå Tyft – Tanumshede, like sør for Strømstad. Rasen er wachtelhund og kennelen er Carl-Hermans.

Me har gått litt korte spor, også blodspor som har lege eit par timar. I går gjekk ho eit bodspor som ved eit «uhell» blei 20 timar gamalt. Det gjekk som ein drøm, bortsett frå litt startvanskar då ho låg på ryggen i lyngen med både ein framfot og ein bakfot surra fast i sporlina. Ho vart då litt usikker, men etter å ha vore avventande ei lita stund, gjekk ho laus på sporet som også hadde ein vinkel. Elles har ho ikkje forstått heilt at ho ikkje skal tissa inne, men dette går greitt etter at hundane har flytta ut i hundagarde.

Ho er veldig grei og flink og kosete, og plagar ho Io så godt ho kan. Så hittil ser dette veldig bra ut.

Ny hund

mai 3, 2011

 

Det er no komen ein ny hund i Haugåsen 17. Ho er brun, har øyrer som heng ned og heiter Ulva. Alle søskena hennar har også namn som begynnar på U. Me henta ho på Tanumshede/Bullarbygden/Tyft. Viss dette er heilt ukjende namn, så er det like sør for Strømstad. Då veit i alle fall alle kvar det er…! 

I periodar er ho svært aktiv. Det likar ikkje Io. Dei fleste skuleborn i Norge veit at dei ikkje skal mobba. Somme har til og med skrive under på kontraktar og manifest. Dan Olweus er totalt ukjend for Io. Ho driv skikkeleg ekkel mobbing av dei som er mindre enn seg sjølv. Ho hugsar heller ikkje kor tolmodig salige Aleksander Fili Bom-Bom var då ho terroriserte han med å dra han i lepane og øyro. Kan det ha noko med at hannane er meir tolmodige…?

Men akkurat på dette biletet er det fred og idyll. Måtte det berre bli mange slike stunder.

Vårteikn – og litt til…

april 16, 2011

Fjerna ein flått frå ho Io i dag, han sat rett under auga. Han har nok sete og meiska seg med hundablod nokre dagar. Eg trudde aldri at flåtten var aktiv så tidleg på året. Eies plar bruka O»TOM til å fjerna flåtten, veldig grei.

Kor har ho fått flåtten…? Utelukkar Jostedalen, sameleis Balestrand der det er mest like mykje snø som her. Men me hadde ein skogstur i skogane på Kaupanger. Somme stader der var snøen vekke, og det er nok der parasitten har gripe tak.

——————

På Kaupanger såg eies eit par (pluss nokre til) daude hjortekalvar, dei fleste låg nokså nær foringsplassar. Der vomma framleis var intakt, såg det ut til å vera rikeleg vominnhold. Eies meiner han har lese eller høyrt at forskaren Rolf Langvatne observerte de same ein gong, ein annan stad: At hjortane låg daude med vomma og kjeften full av mat. Forenkla problemstillingar (og svar) kan vera skumle.

Nede ved sjøen låg det restar etter fleire vaksne hjortar. Om desse var frakta dit med sjøen, eller om dei hadde trekt ned til sjøen for å døy, veit  ikkje eies noko om.

Vinteren har nok vore hard, men om me skal vera tabloide og bruka uttrykket katastrofe, er tvilsamt. Grunneigarane på Kaupanger har vel gjort som dei pla gjera dei seinare åri, og utan tvil brukar dei nok svært mykje pengar, ressursar og tid på foring.

Kaupanger er i dag nærmast ein monokultur med furuskog. Det verkar ikkje som avkastninga i skogbruket i dag er spesielt høg. Truleg tener grunneigarane der ute mykje meir på hjortejakta enn dei gjer på skogsdrifta.

Han eies etterlyser ein brei, sakleg og edrueleg debatt kring den framtidige hjorteforvaltninga – ikkje berre i på Kaupanger, men i heile Sogn!

På Kaupanger har eies forresten treft på ein jovial og folkeleg kar ute i skogane. Tilsynelatande ser han ut som ein skogsarbeidar, men kven veit: Kanskje han er ein av dei største grunneigarane… Om han skiftar «attitude» når debatten startar, veit eg ikkje. Han er kanskje litt usikker på motiva mine for å labba rundt der ute saman med hunden min. Men nokon paparazzi vert han eies neppe.

Har ein del foto, men å nøra opp under elden med meir katastrofe-skriverier no, er kanskje ikkje det klokaste.

Hjorten er uansett eit felleseige. Den bukken eg ser framme ved Styggevatnet om sommaren, går kanskje og brølar ute på Kaupanger når hausten er komen.