Archive for the ‘Hjort – forvaltning’ Category

Ettersøk med lys

mai 9, 2014



Illustrasjonsfoto

Frå informert hald vert det opplyst at frå 1. juni vert Viltlovi, paragraf 20 endra. Frå den datoen vert det lov å bruka lys på ettersøk etter skada dyr.

Håpar snart å kunna leggja ut linkar.
—————————————————————————
Sjå under II på denne linken: http://lovdata.no/dokument/NL/lov/2014-03-28-9?q=kunstig+lys

Norgesrekord

april 16, 2014

Teksten til avisutklyppet: «Kjempehjort skoten i Mørkridsdalen. Anders Johnsen blir nok ståande som årets hjortejeger, etter at han søndag skaut ein hjort med ei slaktevekt på heile 200 kilo. Johnsen er ein røynd jeger og var åleine då han traff på hjorten i Mørkridsdalen i Luster.
– Eg har aldri høyrt om eit større dyr, seier kontorsjef Arne Vaag ved Direktoratet for Naturforvaltning til Sogn Dagblad.»
Villreinbloggen takkar for utlån av bileta. Det kan vera greitt å dokumentera ei slik hending, so godt det let seg gjera.

Etter dei opplysningane me har fått, er dette den hjorten som er skoten i Norge med størst slaktevekt: 202,5 kg. Dei kontakta DN før dei vog hjorten, og følgde dei retningslinjene dei fekk der. Jeger var Anders Johnsen, Skjolden, og datoen var 24.09.1989.

Det var ikkje særleg meir enn » vanleg» størrelse på geviret. Hovudet på hjorten vart stoppa ut, men diverre med dårleg resultat.

Flåinga var vanskeleg pga alt feittet på skrotten.

Me gratulerer!

Ein annan hjort frå Ese

april 10, 2014

hjort indre ese
«Hjortejakt på Ese. Tre menn. Fv. Bodvar Hustveit eller Tomas Stentvedt, gardbrukar Lars L.Ese d.e., urmakar Arne Thue. Kronhjorten var den største som var felt i Ese.» (Fotoet er frå Fylkesarkivet, Sogn og Fjordane)

På nabogarden vår, i Indre Ese, der dei to skyttarkongane er frå, vart det og skote store hjortar. Det kan verka som om at bukkane på denne tida var ekstra store og kraftige. Forklaringa mi på dette er at åra før «krigen» var «ponærtida» for hjorten i Ese. Dei hadde soleis lite konkurranse om beitet og på grunn av låg dyretettleik var parasittpresset og sjukdomspresset nokso lågt. Beitet var sikkert og bra, i Indre Ese til dømes er det svært kort avstand mellom havoverflata og 1000 meter høgde, og eg vil ikkje sjå bort frå at dette kunne gjera at tilgangen på næringsrikt beite var stor heile sommaren.

Har aldri hatt den store sansen for rekordar, mange stader i landet påstår dei å ha skote «rekordbukken». Men bukkane frå Ese har nok lege på slike «rekordlister».

Far min hadde forresten det synet at dei gjorde ein feil då dei skaut ned dei største bukkane, desse skulle ha levt og delteke i forplantinga. Slik sett er det litt artig at nestoren i laget eg har vore med i her i dalen, har hevda same synet. Og ueinig i dette har eg ikkje tenkt å vera.

«At far min kunne gjera… «

april 8, 2014

halsali

Far min, Olav E. Ese, f. 1910 skaut hjorten på bildet, han er og fotograf. Kjøtvekti var 163 kg, og det skal vera den største hjorten som har vore skote i Ytre-Ese/Esedalen. Dei andre på bildet er, frå venstre: Per H. Ese, «Hans-Per» f. 1905, i midten: Karl J. Ese f. 1885 (far til Jens K. Ese), og heilt til høgre Jon Hansson Grøneng «Jo», f. 1879, (far til Hans Grøneng, og bestefar til Kjetil Netland.) Håpar at nokon vil korrigera meg viss opplysningane ikkje stemmer. Sameleis om eventuelt årstal – må vel vera før «krigen»…..

Spekepølse, Amen i Kyrkja – og litt til

april 6, 2014

DSCN0129

Blant kjøtkakesteikjarar, pølsestapparar og andre matglade folk er det ei sanning som visstnok alltid har stått fast, mest som Amen i Kyrkja, og det er: Hjortakjøtdeigen er so turr at du alltid må spe han ut med grisakjøt, gjerne spekk Eit blandingsforhold på 50/50 er ikkje uvanleg. Dei som kjenner han eies, veit at han, i stor respekt for forfedrene og dei eldre, ofte likar å utfordre slike «oppskrivne og vedtekne» sanningar.

Soleis prøvde han i haust å laga spekepølse kun av hjortakjøt, med litt pepar i. Resultatet vart ikkje so verst. Problemet med at pølsa vart for turr regulerte eies med utvatning. Perfekt vart ikkje resultatet, men brukbart.

Viss eg prøver dette fleire gonger, vil eg bruka mindre salt, og ha saltet i deigen, og ikkje leggja usalta pølser i salt. Då har ein mindre kontroll med saltmengdi.

Elles veit eg at han Helge A. har laga gode kjøtkaker med lite eller inkje spekk i . Det hadde vore fint om han ville dela litt av erfaringane sine kring dette med den turre hjortakjøtdeigen.

Men for all del: Dei tradisjonelle kjøtkakene er endeleg gode, dei. Men kvifor ikkje av og til prøva kun med hjortakjøt…..

Foring av hjort denne vinteren

april 1, 2014

DSCN0063

Denne vinteren trur eg har vore «kurant» for hjortane. Eg har berre hatt eit par turar i skogane på Kaupanger, og har so godt som ikkje funne daude dyr. I snøvintrar har dette vore annleis. Trur heller ikkje det har vore fora særleg mykje. Den eine grunneigaren har ikkje fora, ser det ut som – viss foringsplassane ikkje er flytta, då, men det verkar ikkje slik. Foret (rundballar) kostar ein heil del, i alle fall når det er snakk om store mengder. Og sjølve foringa er ogso arbeidskrevjande.

Den andre grunneigaren har nok fora «litt», men ikkje so mykje som i snøvintrar. Vil tru dette er klokt, då hjort som er vant til å få maten «servert», ikkje er like flink til å finna maten «the natural way».

Eg trur framleis at foring av hjort bør diskuterast seiøst. Hjortestamma er ei felleseige. Viss me snakkar om hjort i hegn eller i parkar vert det annleis.

Prøvesmaking

desember 5, 2013

DSCN0012[1]

Tok opp ein pakke frosne pølser, kokte (trekkte) dei vel ein time. Smaken var framifrå – dei hadde fått denne litt «gamle» smaken av å liggja i salt. Konsistensen var grov og fin, men litt hard. Dei var diverre ALTFOR salte, og må nok vatnast ut over natta, då vert dei og truleg ikkje so harde. Men smaken elles var svært god!

eies – no ogso som pølsemakar

desember 4, 2013

Pølser

Dei underste er kokepølser med 50/50 svinekjøt/hjørtakjøt, litt salt, pepar og vatn. Oppå ligg eit eksperiment: Spekepølse av reint hjortakjøt, salt, sukker og pepar. Eies fekk hjelp av ei av dei flinkaste husmødrene i dalen til kokepølsene, so dette kan bli bra.

No har pølsene lege to døger i turrsalting. Han eies tok og skolte av saltet, pakka kokepølsene (som IKKJE må koka, men trekkja i kanskje bortimot to timar seier husmori – me får sjå, seier han eies. Vatnet skal altso ikkje koka, berre trekkja, for elles sprekk pølsene [vatnet skal «smila» – men ikkje «le»,  seier bror hans] ) i plast, og so hamnar dei i frysen.

Alle Jostedalens vordande amatør-pølsemakarar sin mentor, uttaler at spekepølsene kjem til å bli veldig turre/harde. Han eies burde ha tilsett minst 30% feitt (spekk), då ville det ha gått betre. Dette tipset vert no spreidd vidare. Spekepølsene vert deretter turka nokre dagar, deretter hamnar ogso dei i frysen, truleg.

Gjestejeger

november 11, 2013

Han eies fekk for ei veke sidan spørsmål om han ville vera med å jakta i eit anna jaktlag. No har han av ulike grunnar vore relativt lite aktiv som jeger i haust, men då han høyrde at dei mellom anna hadde nokre tette granfelt der hunden hans kanskje kunne gjera ein god jobb, so slo han til.

Det gjekk som det plar gjera dei fleste gongene: Ingen hjortar skotne. Men det var triveleg å vera med. No er jakti ofte tufta på lokale erfaringar og lokale tradisjonar. Men truleg vil dei fleste tilføra jaktlagi sine nyttige erfaringar viss dei av og til deltek i eit anna lag (Som ein kar sa det: Om du ikkje lærer noko positivt, so kanskje du lærer korleis du IKKJE skal gjera det.)

Han eies anbefalar andre om å delta som gjestejegerar, viss dei får høve til det.

Viltpåkøyrsle ved Gjerde

oktober 29, 2013

Det svarte under magen på bukken har ikkje noko med påkøyrsla å gjera, det er noko bukkane får i paringstida. (Biletet av bilen har eg «knabba» frå ei facebookside.)

Påkøyrsla skjedde om kvelden, ca midtveges mellom Gjerdekvile og butikkane på Gjerde. Her har det dei siste åri vorte eit hjortetrekk av dyr som kjem frå skogen, og som om kvelden og natti beitar på den dyrka marki nedanfor (aust for) vegen. Denne bukken hadde gått nokso nær skiltet der det står «Gjerde».

Utan å kjenna til detaljane kring det som skjedde, verkar det meiningslaust å lasta bilføraren, og heldigvis har det ikkje vore personskade. Vegen går her i ein svak kurve og hjortane kjem so raskt ut i vegen at det trengst flaks for ikkje å køyra på dei. «Nesten-påkøyrsler» har skjedd her fleire gonger, og det er heilt tilfeldig at dette ikkje har skjedd tidlegare. (Han eies har kollidert både med elg og hjort so han veit litt om kva han snakkar om.)

Etter påkøyrsla gjekk bukken 300 – 400m mot fjellet, og morgonen etter vart han funnen, daud, av vakthavande ekvipasje frå Luster Ettersøksring saman med viltoppsynet. (Dette kan kanskje vera med på å avkrefta myten om at ein alvorleg skada hjort ikkje går i motbakken.) Det var ikkje blod å sjå i sporet, og utan sporhund er det usikkert om hjorten hadde vorte funnen før ramn, kråker og andre fuglar hadde starta festmåltidet sitt der.

Det er svært gledeleg at det denne gongen vart brukt sporhund på ettersøket. Uansett årsak, har det vore eit stort sakn at sporhundane i Luster Ettersøksring altfor sjeldan har vorte brukte ved kommunale ettersøk. Det er prisverdig viss dette er innleiinga til ein ny praksis.

Ein sporhund er ikkje ei maskin, men eit levande individ med fantastisk luktesans. Det som er med på å gjera ein ettersøkshund god, er at han blir brukt mykje. Spesielt korte ettersøk der hjorten ligg i nærleiken, er glimrande trening. So hundane våre blir betre og betre di fleire ettersøk dei får gå – nok ein gong: Korte ettersøk på +/- 150m er kjempegod trening og gir dyktigare hundar. Det er å håpa at både jegerane og Kommunen tek dette til seg.

Sporhundane blir ikkje betre enn den treninga jegerane og Luster Kommune kan gi ettersøksekvipasjane!