Archive for the ‘Elg’ Category

Jakt-serviettar

oktober 23, 2012

Eg ante ikkje at slikt fanst: Serviettar med motiv frå skogen! Litt uheldig refleks i biletet, kanskje, men det går vel likevel bra fram kva motivet er. Made in Germany ~ Fabriqué en Allemagne. Denne presangen sette eg pris på.

Elgjakt

september 18, 2012

Dessverre er biletet uskarpt og dårleg. Det viser Io som truleg ogso kunne tenkja seg å få lov bort til elgen. Men denne gongen var det Ulva som måtte få tid til å finna ut kva dette  dyret var for noko, snusa og sleikja litt blod…

I helgi var eg og hundane so heldige å få vera med på elgjakt på «Nordeuropas største aktive sandur», viss eg ikkje hugsar feil. Det vart ein del strev og gåing før jakta endeleg kunne avsluttast med eit velretta skot. Dette var første gongen Ulva var i nærkontakt med ein elg. Ho logra og viste på fleire måtar at dette var noko ho likte. Mellom anna so nekta ho å vera med meg då eg ville stad å få på meg turre klede.

Dei andre hundane eg har hatt har vore veldig ivrige etter å «busta». Ulva er ei meir finsleg dame som er litt meir tilbakeholden, so langt. Men det treng absolutt ikkje vera eit dårleg tegn. Det vert spennande å vera med ho vidare.

Langhold

desember 27, 2010

På nettsider som kammeret.no, youtube og sikkert mange andre stader kan ein sjå og lesa om langhold-skyting og langhold-jakt. Dei som vil søkja meir på nettet, kan bruka longhold hunting og longhold shooting.

I dei jegermiljøa eg ferdast i, har normen vore at ein skal prøva å få ein skyteavstand til storvilt på under 100 meter. Dette gjeld ein vanleg skyttar som vanlegvis ikkje treng særleg meir enn eitt forsøk på å greia skyteprøven. Ein dyktig konkurranseskyttar kan nok skyta på litt lengre hald.

Som døme på langhold-jakt, kan me sjå denne videoen der ein elg vert fellt på 1100 yards – litt over 1 kilometer. Er dette ein forsvarleg måte å jakta på?

Eg skal prøva å vera fordomsfri: Så sant ikkje skadeskytings-frekvensen aukar i høve «vanleg» jakt, så må dette vera ein særs lite stressande måte å jakta på – for viltet. Det ruslar rundt i fred og ro like til det vert skote. Terrenget blir ikkje uroa av drivande jegerar og hundar.

Men jaktformen krev gode skyteferdigheiter, godt utstyr og ikkje minst god optikk og avstandsmålar. Dessutan meiner eg vel at jakt er alt som skjer fram til viltet vert skote. Sjølve det drepande skotet eller avlivinga er liksom «kjedeleg» rutinearbeid. Det er ikkje noko heltemodig over «meistarskotet», og det skal difor unngåast.

Jaktforma kjem etter det eg forstår frå USA, og er no på full fart inn her til lands også. Er det misunnelse, angst for «det nye», eller fordommar som gjer at eg er skeptisk til langholds-jakt? Jakt med pil og boge som vist lenger nede på sida ligg vel i den andre enden av skalaen, men jakt med pil og boge er enno ikkje tillatt her til lands.

Nokre fleire linkar: 

http://www.youtube.com/watch?v=VL8crbvPrzQ&NR=1

http://www.youtube.com/watch?v=cCyTRzL5AAQ

http://www.youtube.com/watch?v=K8MEzra4B1g

Elg – med pil og boge

desember 23, 2010

Eg har høyrt ein del diskusjonar om kva kaliber ein bør bruka til elgjakt. Kaliber av typen «kanon» blir stundom anbefalt. At kalibervalet er underordna skotplasseringa forstår me kanskje betre etter denne videoen.

Men det går ikkje like godt alltid, eller kanskje gjer det nettopp det…? Skadeskyting vart det i alle fall ikkje.