Archive for the ‘Dyregraver, bogastille mm.’ Category

Stolpastein, nytt bilde

juli 24, 2014

stolpastein & Co

Her kjem eit nytt bilde. Viss ein går lenger opp mot Holmevatnet, ser ein lettare at han han likna på ein svært kraftig stolpe som står på skrå ned i marki.

So får eg berre håpa at dette er korrekt. Kanskje nokon kan sjekka med Sverre F. eller andre…..

Stolpastein

juli 20, 2014

DSCN0176

DSCN0177

DSCN0178

DSCN0179

DSCN0180

DSCN0182

DSCN0183

DSCN0184

DSCN0185 PIL

DSCN0185

Stolpastein har, etter Sverre F., fått namnet sitt fordi han frå ein spesiell vinkel ser ut som ein stolpe. For å finna han, kan ein gå vegen mot Holmevatnet, men rett etter Fagredalsreset kan ein gå første vesle dalføre mot venstre – altso før ein kjem til bekkeinntaket som ligg i neste vesle dalføte, til venstre for stien.

På nedsida av steinen er det heilt tydeleg lagt ned flate heller. Kvifor veit eg ikkje. Om dette er SVÆRT gamalt, veit eg heller ikkje.

Der ligg og ei stor og tjukk steinhelle. Under hella er det eit større rom. Om dette har vore brukt til overnatting, er vanskeleg å seia. Kanskje kan det ha fungert som kjøtlager, for temperaturen her har nok vore låg.

So her er det ope for fantasien. Kva har denne plassen vore brukt til ?

Bymannsfossen – Slirevotni, muleg dyregrav

mai 7, 2013

wachtel 025 wachtel 026 wachtel 027 wachtel 028

På vegen mellom Bymannsfossen og Slirevotni er det nokre murar. Det er vanskeleg å seia kva dette er. Det KAN vera restar av ei dyregrav, men det kan ogso vera noko anna.

Dyregrav 2, Vigdalstølsdalen

mai 4, 2013

mari-391.jpgmari-392.jpgmari-394.jpg

Vidare innover dalen, kjem du til ei ny dyregrav som ikkje viser så tydeleg lenger. Den ligg kloss i stien, på sida ned mot elva.

 

Dyregrav 1, Vigdalstølsdalen

mai 4, 2013

mari-421-1.jpgmari-420-1.jpgmari-419-1.jpg

På veg frå Fjellstølen og mot Smådalane passerer du denne dyregrava midt i stien. Den ligg litt etter du har passert vegen som tek av mot Øystølsreset og Fast. For å koma opp- eller nedover i dalen ville reinen bruka denne staden til å passera ei stor urd som går heilt opp under fjellet. Mange har sikkert passert denne grava utan å leggja merke til ho.

Dobbel dyregrav, oppgongen til Smådalane

mai 4, 2013

mari-401.jpgmari-396.jpgmari-395.jpg

På veg opp til Smådalane passerer du to dyregraver. Dei ligg nokså nær einannan (under 10 meter…?), så det er nesten ei dobbelgrav.

Dyregrav, Midtreset

mai 4, 2013

Mari 353 Mari 354 Mari 355

Midt i stien til Holmevatnet, ved Midtreset, fortel Sverre Fossen at det skal liggja ei dyregrav. Det er ikkje enkelt å sjå dette i dag.

Bogastille, Geisdalsvatnet

mai 4, 2013

bogastille-ved-geisdalsvatnet.jpgmari-106.jpgmari-108.jpg

Kjersti Randers: “157/340 Lokaliteten ligger 70-75 meter nord for [grava ovanfor], snaue 30 meter øst for vannkanten, 25 meter nord for en liten bekk, på en høyde med utsyn og skyteretning rett sørover mot dyregravene. Bogastillet består av en rullesteinsmur på tre sider lagt inn mot en større blokk i nord. Innvendig mål er ca. 1x1m. Murene står i dag i en høyde av 60-70 cm. De er delvis sammenrast. Mye stein innvendig umuliggjorde prøvestikking. Skyteplassen ligger meget strategisk plassert i forhold til dyretrekket langs østsiden av Geisdalsvatnet.”

Kjersti Randers: “Ifølge opplysninger fra folk skal det ligge et bogastille også nord for vannet langs bekken mot Geisdalshalsane. Dette ble ikke gjenfunnet.”

Dyregrav 4, Geisdalsvatnet

mai 4, 2013

 mari-109.jpgmari-110.jpgmari-111.jpg

Kjersti Randers: “157/339 Grava ligger ved Geisdalsvatnets østende, parallelt med og like i vannkanten. Orienteringen blir således tilnærmet N-S. Den er delvis innrast. Ledegjerde kan følges ut fra NØ-hjørnet. Grava er undersøkt.”

Ein rapport over undersøkelsen, konkluderer mellom anna slik: “Anlegging av fangstgraven i tiden mellom ca. 940 og 1080 e.Kr. stemmer godt overens med dalens antatte tidligste bosetning.”

Dyregrav 3, Geisdalsvatnet

mai 4, 2013

 mari-114.jpgmari-115.jpgtruleg-dyregrav-ved-geisdalsvatnet.jpg

Kjersti Randers: “157/339 Dyregrav? Denne grava er tvilsom og i tilfelle svært defekt. Den ligger 15 m N for [4. Dyregrav], 8 m Ø for vannet, nederst i urda som strekker seg østover og oppover i skråningen. Innvendigemål kan anslås til ca. 2×0,60m. Grava er bygget delvis inn mot store blokker i urda, delvis murt av flate heller. Den kan ha blitt ødelagt av ras fra urda i øst da forskyvningen av steinene gir inntrykk av en kraftig trøkk herfra. En større blokk i sørenden ser ut til å kunne ha blitt skjøvet inn i grava som med andre ord er meget sammentrykket og innrast. En steinrekke er tydelig lagt oppå større blokker i sørøstlig retning ut fra grava. Muligens er det rester av ledegjerde. Tilsvarende kan anes også i nordøstlig retning.”