Interessante opplysningar om villrein – og tamrein – i Aurland for 100 – 150 år sidan

Jakt i Aurlandsfjellet

Reinsjakt i Aurland for 100 – 150 år sidan

I 1916 handsama Nordre Bergenhus Amt (noverande Sogn og Fjordane fylke) ei sak om reinsjakt i Aurland. Distriktslege H. Bruun busett på Ål ønskte nye jaktreglar, med utvida fellingsperiode frå 2 til 3 veker og fri våpenbruk (alle kaliber).  Dette blei det naturleg nok strid om. Saka vart, underleg nok, handsama av fiskerikomiteen i fylket og enda utan vedtak. Saka har likevel i seg mange verdifulle opplysningar og fornøyelege kommentarar.

Lensmann O. Ohnstad (1847 – 1929) sine opplysningar og vurderingar

Amtmann I. E. Christensen ville ha fakta på bordet, og han vende seg difor til lensmann O. Ohnstad som røynd jeger. Svaret frå lensmannen var svært grundig. Han opplyste at han gjekk i sitt 69., år og at han hadde jakta frå han var 20. Då han tok til som jeger var det nok av villrein i alle fjell. Dei jakta med munnladningsbørser som var laga i bygda. Fredningstida var frå 1. april til 1. august, slik at dei skaut heile vinteren med mars som den beste månaden med godt ver og godt føre. Det var kun dei beste skyttarane, dei sprekaste og mest fjellvande som dreiv jakt. Lenge var Ohnstad den einaste som hadde sovepose, og han skaffa seg først etter å ha jakta i fleire år. Den store endringa kom med Remington rifla i 1870, og bakladningsriflene nokre år seinare.  Det vart felt så mange dyr at reinen var truga med utrydding. Etter nokre år med fri jakt var det så lite dyr i fjella at dei kunne gå i vekevis utan å sjå anna enn smådyr. Det kunne gå år mellom kvar gong ein fekk sjå ein stor reinsbukk. Så kom det eit anna omslag; med store tamreinflokkar. Svært mange tamreinar frå Aurland, Lærdal, Hol og Voss, faktisk fleire 1000-tals, kom på villspor og gjekk etter kvart over til å verta villrein. Dermed kunne ein kring 1900 konstatera at villreinstamma, rett nok ei blanding av villrein og forvilla tamrein, atter var i sterk vekst. Lensmannen hadde sjølv drive med tamrein. For denne drifta var villreinen den største fienden, større enn ulven, fordi dei tok med seg tamreinane og stakk av til nye område. Ohnstad omtala vidare situasjonen i 1916 knytt til to jaktfelt. I det første området som er mellom Bergensbanen og Aurlandsføret, var det for tida lite dyr, blant anna på grunn av den nye jarnbana som stengde trekkvegen mot Hardangervidda. Det andre området som går mellom Borgund- og Hemsedalsdalføret på ei side, og Aurlands- og øvre del av Holsdalføret på den andre hadde bra med rein, og det vart årleg felt fleire hundre dyr. Lensmannen meinte at det vart felt 390 dyr i området, som og omfatta nabokommunar. I tillegg meinte han at 60 dyr kreperte etter skadeskyting. Han skildra jakta som nokså nådelaus, reinsflokkane vart omringa, og så fyrte dei laus så lenge det var von om å treffa eit dyr. Viss dette heldt fram, ville heile villreinstamma raskt vera utrydda. Reinane var lette å fella, dei bar preg av å vera halvville og ikkje slik som i gamledagar då reinen sprang over alle haugar berre på grunn av skriket frå ein ramn eller ein skrattande rypestegg. Lensmannen utelukka ikkje at det kunne vera grunnlag for noko tamreindrift også i framtida. Men han åtvara mot å øydeleggja villreinstamma. Difor rådde han på det sterkaste til at det vart innført fellingskvotar og jaktoppsyn. Han gjekk i mot at jakttida vart utvida, 8. til 21. september ville vera den beste perioden.

Amtmannen sin merknader

Amtmann Christensen festa lit til lensmann Ohnstad sine merknader, og skreiv rett ut at det ville bera rett til Bloksberg om ein slepte allting laust med omsyn til våpen og jakttid.

Bruun sine merknader

Bruun meinte det var uproblematisk med utvida jakttid. Ein kunne regulera det heile med å berekna kor stor villreinstamma var, og så fastsetja kvotar utfrå dette. Det heile kunne passast på av jaktoppsyn. Alt i alt ville dette ivareta grunneigarane sine interesser og gje inntekter til bygdene. Kaliber og siktemiddel ville han ikkje ha restriksjonar på, han ville opna for det dei kalla finkalibra sportsvåpen.

Aurland kommune sitt syn

Aurland herredstyre (Kommunestyret) handsama saka og uttrykte seg i store ord; Norske høgfjell utan villrein ville vera eit stort minus i Noregs herlegdom. Å satsa på tamrein lagt til eit avgrensa område etter avtale mellom Aurland, Lærdal, Borgund, Ål, Hol og Hemsedal ville vera like urealistisk som å etablera eit sameint Europa. Dei åtvara om å sleppa til for mange sportsjegarar, reinsjakta på høgfjellet skulle først og fremst realisera bøndene sine lysaste draumar. Dei åtvara og mot å etblera eit eller anna offenteleg vesen til å styra reinsjakta. Aurlendingane er ikkje forbrytarar, og eit jaktoppsyn kunne gjerne koma sjølv om dei hadde lita tru på at det blei effektivt. Det beste oppsynet ville vera at jegrane heldt kvarandre litt i øyrene, og at den vanlege norske misunninga fungerte.  Heilt konkret rådde dei til at ingen jeger kunne fella meir enn 2 dyr, rett nok slik at eit jaktlag samla kunne fella tilsvarande 2 dyr pr. jeger. Staten måtte betala for jaktoppsyn, våpenbruken skulle vera fri og jakta skulle gå føre seg i tida 8. til 23. september.

Knut Berg sine merknader

Knut Berg frå Sokna kommenterte framlegga frå Bruun. Han gjekk sterkt i mot utvida jakttid og fri bruk av våpen, som han sa var direkte inhumant. At Bruun tala bøndene si sak, karakteriserta han som rein bløff, det var sportsjegrane si sak han tala.

Generalkonsul Hugo Mowinchel sine merknader

Mowinchel, med adresse Vestre Aker, peika på at strengare våpenreglar hadde gjort det lettare å vera villrein, slik måtte det vera også i framtida. Dei finkalibra våpena var reine mordarvåpen som ikkje måtte nyttast. Villreinen måtte ha fred før paringstida, difor var jakttida frå 1. til 15. september best. Då er og kjøtet best, og veret mest lagleg for jegrane.

Framlegg frå Kristians amt

Kristians Amt (noverande Oppland fylke)  sende framlegg om å totalfreda villreinen i 5 år

Saka utsett

Amtstinget (fylkestinget) utsette heile saka og bad om å få fråsegner frå kommunane. Slik enda saka i 1916.

(Utdrag frå:  Nordre Bergenhus Amtstings Forhandlinger Aaret 1916 – ved Noralv Distad som har gjort tekstutval og omforma språket frå riksmål til nynorsk).

Bilete er illustrasjonsbilete frå tidl. Lokalhistorisk senter i Aurland

Tips ein ven Skriv ut

http://www.aurland.kommune.no/reinsjakt-i-aurland-for-100-150-aar-sidan.5935904-155908.html

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: