Det er håpløst og vi gir oss ikke (Jan Erik Vold)

I forrige veke ville eg ta ein tur til Holmevatnet. Like nedafor Sætrehaug stod bilen fast, me kom ikkje lenger. Det er vel eit faktum at somme har bedre vurderingsevne enn andre – når det gjeld bilkøyring i alle fall. Kva skulle eg gjera. Hjulspori var speilblanke, og å rygga var vanskeleg. Oppbremsing resulterte berre i at bilen sklei nærmast som ein kjelke, sjølv om han som regel stogga uti laussnøen etter kvart.

Ja, kva skulle eg gjera. Som ein av dei gode, gamle indremisjons-predikantane sa det: «Då rann det meg i hug desse ordi.» Ikkje frå Bøkenes Bok denne gongen – men frå han Joep N. i pipeklubben. Ein gong køyrde han seg bom fast uti ei elv og bilen kom seg verken fram eller attende. Kva skulle han gjera? Jau han laga seg ei god pipestappe og tende fyr. Slik sat han ei stund – om han sa at han tenkte, det hugsar eg ikkje, men eventuelle bekymringar og angst for framtidi plar i alle fall å forsvinna eller i det minste avta i ein slik situasjon, det veit me. Og etter ei stund – so fekk han bilen laus, og han kunne køyra vidare.

Det same gjorde eg. Og under over alle under: Eg fekk snudd bilen, og me køyrde pent og forsiktig ned og heim att.

Observante lesarar bør ikkje hengja seg altfor mykje opp i datoen på bildi. Og for å unngå misforståelsar: Bibelen er truleg den viktigaste boki me har, og bibelsoga var eit fag  som interesserte meg i barneskulen. Men «kyrkjesoga» eller «kristendomslære» eller kva det faget no heitte – det forstod eg ikkje mykje av. Ikkje likte eg det heller.

 

Advertisements

4 kommentarar to “Det er håpløst og vi gir oss ikke (Jan Erik Vold)”

  1. HA Says:

    Meiner det var bibelsoga faget vart kalla. So spørsmålet er då er det berre ei soge?

  2. anna øygard henriksen Says:

    Er einig m deg,at kyrkje soga og d der,var kjedeleg, Bibelsoga var meir spennande!
    Men det var no greit å vita litt av kyrkjehistorien. Men det er ikkje ok tykkjer eg,at mange trur at kyrka ER sjølve kristendommen! Det er ho ikkje. Kyrkja skal forkjynna den glade og sunne læra,inn i helg og kvardagane våre. Og inn i heile spekteret sorg og glede. Livet har mest kvardagar,og der vil Bibelen hjelpa oss. Prestar/forkynnarar/evangelistar osv,er ikkje feilfrie dei heller,so difor hender det ofte at dei forkjynner vranglæra. Difor vil eg seia,at det er viktig at folk lærer seg å lesa Bibelen sjølve,og då først og fremst det nye testamentet. Då vil ein ogso sjøna det gamle testamentet på ein heilt annan måte. Ja.ja, det var berre ein kommentar til det ang bibelsoga du nevnte! 😊

  3. eies Says:

    Helge: Eg trur Bibelen er litt historiske hendingar + myter. Til sammen er dette den viktigaste boki me har her i vårt område.

  4. eies Says:

    Anna: Eg trur at eg stort sett er einig med deg.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: