Bokbad på Breheimssenteret

Eit fantastisk «bokbad» på Breheimsenteret i Jostedalen i går kveld ca klokka 19.00. Erlend Loe trollbatt puplikum med forteljing og opplesing frå «Slutten på verden slik vi kjenner den»  Latteren sat laust blant publikum, om den i korte øyeblikk sat fast i halsen, veit eg ikkje noko om. Fantastisk forfattar og like god opplesar.

Men Sigrid Hesjevoll har god og full fart framover i same løypa  – kanskje eit stykkje bak, men kor langt ho vil nå veit vel ingen. Ho las frå si Manual for betre dagar, ei bok der første opplaget visstnok er utseldt alt! Boki hennar tykkjer eg både i form og innhold har store likheitstrekk med Erlend Loe sine oversetjingar av Hal Sirowitz : Sa Mor og Sa terapeuten min   Viss eg ikkje hugsar feil, so las ho Sigrid Naiv.Super. då ho gjekk på ungdomsskulen. På Breheimssenteret las ho og litt frå ein større roman(?) som ho jobbar med. Den skal etter planen  koma ut til jul.

Advertisements

Ei tilbakemelding to “Bokbad på Breheimssenteret”

  1. eies Says:

    Til oppvarming hadde Brefestivalen 2016 leid inn forskar Kristian Vasskog frå Bjerknessenteret. I sin sjanger var han veldig bra han og. Lærerikt.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: