Eit vegskilje for årboki Villreinen…?

Siste nummer av årboki, Villreinen 2016, inneheld ein del interessant stoff, men og ein del som eg tykkjer er litt mindre interessant.

Ei bra problemstilling i boki er dette: For Villreinen sliter med salgstallene. Et snitt på 4371 solgte eksemplarer årlig i perioden 2002 – 2015 er alt for svakt. Spørsmålet er: Hva er årsaken til salgssvikten og den labre interessen?

Personleg har eg ikkje noko formeining om at 4371 selde eksemplar er dårleg, umiddelbart tenkte eg derimot at det var eit brukbart resultat for ei årbok om eg trur først og fremst har grunneigarar og jegerar til målgruppe. Og det er akkurat her eg føler at problemet ligg.  Eg meiner at årboki Villreinen i litt for stor grad henvender seg kun til desse to gruppene  der eg har inntrykk av at pengar, trofe, kjøt og jaktopplevelse står i høgsetet, medan lesargruppa ideelt sett burde vore noko breiare samansett. 

At årboki først og fremst henvender seg til denne relativt snevre målgruppa, les eg mellom anna ut fra det redaktøren skriv vidare: Er det utgiveren (Villreinrådet) og undertegnede som gjør en slett jobb? Bør jeg takke for meg, slik at Villreinrådet kan ansette en ny  redaktør som kanskje greier «å løse floken» En redaktør som makter å overbevise villreinjegerne om at de gjør lurt i å betale en hundrelapp ekstra i året, slik at de i ledige stunder kan kose seg med – eller bli forbanna på årboka? 

Her slær redaktøren fast at villreinjegerane er den eine målgruppa. Viss me les vidare, får me vita at grunneigarane i tillegg er den andre målgruppa:  For, det er engasjement vi trenger. Eller er aktuelle saker om villrein og villreinforvaltning av generelt liten interesse for jegere og grunneiere? Er det bare jakta som teller for jegerne og kroner for grunneiere? Det aller siste spørsmålet redaktøren stiller er dessuten eit svært godt spørsmål.

Slik eg ser det, har  årboki Villreinen og Villreinrådet kun i liten grad makta å oppfylla oppfordringi frå professor Reidar Andersen ved Norsk institutt for naturforskning, sentral i prosjektet Villrein og Samfunn (ViSa), ei rådgivende gruppe av forskarar, miljøorganisasjoner og brukere. Han uttalte i 2013 – altso for tretten år sidan: Vi skal ikke ta vare på fjellrein bare for jegere. Nå må vi løfte forvaltningen av villreinen vekk fra denne lille «menighetens» interesser, og gjøre dyret som er Europas eldste kulturbærer til et felles samfunnsansvar.  Om Villreinrådet er einig i denne uttalelsen veit eg ikkje, men eg trudde vel egentleg det. Kanskje rådet ogso har jobba mot noko slikt, det vil eg i utgangspunktet i alle fall tru at dei har gjort.

Professor Andersen var nokso tydeleg då han uttalte seg i 2013: Reinjegerne må i framtida få mindre innflytelse. Det er folk flest som har førsterett til villreinen, ikke en enkelt gruppes interesser. Det er avgjørende at vi slutter å forvalte den siste villreinen vurdert ut fra gruppeinteresser, og med utgangspunkt i den ene arten. I stedet må vi begynne å ta vare på villreinen ut fra en helhetstenkning om økologi og samfunn.  Viss nokon  mot formodning ikkje har fått dette med seg, so står det litt meir å lesa i forskning.no. Kanskje desse uttalelsane er eit resultat av forelda forskning? Det veit eg i tilfelle ikkje noko om, har heller ikkje lese noko frå Villreinrådet der dei klårt og tydeleg erklærer seg ueinige i professor Andersen sine uttalelsar. Skulle ein ynskja å lesa meir om dette, vil eg anbefala NINA Temahefte 27 Villrein & Samfunn. En veiledning til bevaring og bruk av Europas siste villreinfjell.

Eg har sjølvsagt ikkje grunnlag for å koma med lause påstandar om at dagens villreinforskning er påverka av særinteresser, at den er «kjøpt og betalt» på nokon måte. Men eg har enno ikkje sett mange forskarar som kjem i same klasse som salige Terje Skogland . Det har vore gitt ut mange bøker og praktbøker om villrein dei seinare åri, men ingen har enno nådd opp til nivået hans i : Villrein – fra urinnvåner til miljøbarometer. Det var trist at Terje gjekk bort so tidleg.

 

 

 

.

 

 

2 kommentarar to “Eit vegskilje for årboki Villreinen…?”

  1. Per jordhøy Says:

    Du reiser svært interessante og sentrale spørsmål her. Vi har ikkje evna å fylgje opp måla frå VISA.. Det er og vorte ein mykje hardere kamp om publikum si merksemd. Vi er ikkje proffe nok i dagens «formidlingskrig». Vi treng ein debatt ikring framtida til Villreinen, så definitivt!

    • eies Says:

      Ja, her er eg einig. Me er vel for so vidt «proffe» nok, men målgruppa er alt for snever: Me når aldri fram ved stort sett berre å fokusera på jegerar og grunneigarar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: